Hopp til innhold

Ingen leita etter Cathrine då ho stakk frå tvangsinnlegging – nitten dagar seinare vart ho drepen

Bistandsadvokat Svein Holden kritiserer helsevesenet for å ikkje ha gjort nok for å ta vare på Cathrine Sand. – Dette drapet skulle aldri ha funne stad.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

KNIVDREPEN: Cathrine Sand (39) blei drepen med kniv i Trondheim i oktober i fjor.

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

– Lite vart gjort for å finne henne, sa bistandsadvokat Svein Holden i rettssaka som går i Trondheim fredag.

Cathrine Sand vart knivdrepen på Lademoen 27. oktober i fjor. Tiltalte (47) budde i den kommunale leilegheita og var under tvungent psykisk helsevern. Han var erklært psykotisk etter tidlegare domar.

– Ingen gjorde sterke forsøk på å finne Cathrine

Svein Holden representerer foreldra til avdøde. I prosedyren sin i Sør-Trøndelag tingrett fredag kritiserte han manglande handling frå det offentlege før drapet.

Sand hadde ei lang historie med psykisk sjukdom. For nokre år sidan fekk ho diagnosen paranoid schizofreni.

Advokat Svein Holden utenfor kontoret sitt.

– Verken tiltalte eller Cathtrine skulle ha vore i leilegheita denne natta. Dette drapet skulle aldri ha funne stad, seier Svein Holden.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Ho vart siste gongen innlagd på Østmarka i Trondheim 29. august 2019, to månader før ho vart drepen. Under ein tur ute på området saman med personale, rømte ho. Ifølgje Holden måtte ein gå ut ifrå at ho deretter oppheldt seg mykje i leilegheita til tiltalte. Dei to hadde eit forhold.

– Ingen gjorde sterke forsøk på å finne Cathrine og bringe henne tilbake til Østmarka, sa Holden i retten.

– Drapet skulle aldri funne stad

Bistandsadvokaten reagerer også på at det ikkje vart stramma inn på vilkåra for tiltalte etter at han køyrde i promille to månader før drapet.

– Vi står overfor ein person i tvungent psykisk helsevern. Likevel skjer det ingen ting. Det er ingen som strammar vilkåra og flyttar han bort frå leilegheita, seier Holden.

Han viste i retten også til ein av naboane som vitna. Ho varsla fleire gonger om forholda i leilegheita og meinte både tiltalte og avdøde trengde hjelp.

– Verken tiltalte eller Cathtrine skulle ha vore i leilegheita denne natta. Dette drapet skulle aldri ha funne stad, seier Holden.

Ba om frifinning

Forsvarer Tore Angen var samd med bistandsadvokaten i kritikken av helsevesenet i denne saka.

– Her er det offentleg svikt på fleire plan, sa Angen i prosedyren sin.

Om drapstiltalen mot klienten sa Angen at han meiner det ikkje er bevist at det var 47-åringen som drepte Sand. Han seier sjølv at han ikkje hugsar noko.

Angen viste til at den tredje personen i leilegheita var svært rusa då politiet pågreip han. Angen stilte spørsmål ved om vitnet kunne hugse mykje av det som skjedde.

Aktor la fredag ned påstand om ny dom på tvungent psykisk helsevern for tiltalte.

Sidan Statens helsetilsyn granskar saka, har St.Olavs hospital og Trondheim kommune tidlegare opplyst til NRK at dei ikkje vil kommentere behandlinga av den tiltalte.