Hopp til innhold

Sikta meiner ho har alibi for skytinga på Lademoen

Den sikte kvinna i 50-åra seier ho var hos ei vennine då ho vart pågripen. Det opplyser forsvarer Christian Wiig til NRK, etter fengslingmøtet i Trøndelag tingrett fredag. Kvinna nektar for å ha noko med skytinga å gjere.

Politiaksjon på Lademoen

SKOTEN: Ein mann vart skoten på Lademoen i Trondheim natt til torsdag.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

I dag vart to av dei fire, som er sikta etter at ein mann vart skoten på Lademoen i Trondheim natt til torsdag , varetektsfengsla i fire veker.

Meiner politiet ikkje har noko bevis mot henne

Begge dei sikta testa positvt for Covid-19 i går. Derfor fekk dei ikkje kome inn i tinghuset. Dei deltok i staden i smittevernutstyr på videolink frå politihuset.

Torsdag kveld ville kvinna ikkje la seg avhøyre av politet. Men i retten forklarte ho seg både om kvar ho var då skytinga fann stad og om forholdet sitt til den andre som vart arrestert torsdag.

Domaren bestemte at forklaringa til sikta ikkje skulle refererast av pressa av omsyn til etterforskninga.

Forsvarer stadfester overfor NRK at kvinna og den andre sikta mannen er gode vener.

Bilete av advokat Christian Wiig frå fengslingsmøte i Trondheim etter skyting på Lademoen.

Christian Wiig forsvarer den sikta kvinna.

Foto: Kari Sørbø / NRK

På spørsmål frå NRK om kvinna er kjent med om det var våpen i husveret hans, svarer Wiig : «Nei»

Han reknar med at politiet sjekkar alibiet til klienten sin.

Aktor, politiadvokat Mette Kollstrøm, vil ikkje seie om alibiet til kvinna er sjekka eller ikkje.

Aktor, politiadvokat Mette Kollstrøm.

Aktor, politiadvokat Mette Kollstrøm.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Sikta kunne godta ei veke i varetekt slik at politiet kunne sjekke henne ut av saka.

Men tingretten meiner ho kan øydeleggje bevis dersom ho ikkje blir fengsla. Domaren viser også til korleis sikta framstod i fengslingsmøtet:

«Allerede ved siktedes forklaring i retten avdekkes klar motivasjon for å påvirke etterforskningen såfremt man legger ovennevnte mistanke til
grunn som riktig
».

Derfor blir ho fengsla i fire veker med brev og besøksforbod. Dei to første vekene må kvinna også vere isolert frå andre i fengselet.

Ho anka avgjerda til lagmannsretten.

Framstod opprørt over å ha vorte sikta

Den sikta mannen i 50-åra nekta også for å ha noko med skytinga å gjere. Han forklarte seg for politiet i føremiddag, opplyser aktor Kollstrøm til NRK.
Overfor retten via videolink framstod han ganske sint og opprørt over å ha vorte arrestert og sikta.

Også her bestemte domar Eirik Lereim at pressa ikkje får referere det sikta sa.

Retten meiner det er grunn til å mistenke at mannen har medverka til skytinga.

Dei sikta veit ikkje kva vitne og fornærma har forklart. Det er berre forsvarane som får sjå dei såkalla «»klausulerte» dokumenta, om dei ønskjer.

Trøndelag tingrett skriv at det er klare avvik mellom det sikta og det vitne forklarer om kva som skjedde på Lademoen natt til torsdag.


Forsvarer Arve Røli seier til NRK at klienten, også av helsemessige årsaker, opplever det som ei stor belastning å bli varetektsfengsla.

Også han anka avgjerda til lagmannsretten, som behandlar saka i neste veke.

Om det vart funne våpen heime hos den sikta mannen i går, vil verken Røli eller Kollstrøm svare på.

Men etter det NRK har grunn til å tru, er våpenet som vart brukt enno ikkje funne.

Arve Røli

Arve Røli forsvarer den sikta mannen i 50-åra.

Foto: Kari Sørbø / NRK