Hopp til innhold

Nabo varsla kommunen og Nav før kvinne vart funnen drepen: – Helsevesenet svikta i alle ledd

Ei kvinne som var nabo med drapstiltalte på Lademoen i Trondheim meiner både han og avdøde Cathrine Sand var for sjuke til å greie seg sjølve i leilegheita.

Krimteknikere undersøker boligen på Lademoen der det skjedde en grov voldsepisode søndag.

ETTERFORSKING: Krimteknikarar undersøkjer bustaden på Lademoen der kvinna blei funnen kritisk skadd.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kvinna er eit av fleire nabovitne som forklarte seg i drapssaka i Sør-Trøndelag tingrett onsdag. I to år var ho nabo med drapstiltalte (47) på Lademoen i Trondheim.

Fleire gonger varsla ho både Trondheim kommune og Nav om at dei måtte gjere noko.

– Helsevesenet svikta i alle ledd, sa kvinna under rettssaka.

Syntest synd på både avdøde og tiltalte

Den 47 år gamle mannen er tiltalt for å ha drepe Cathrine Sand (39) 27. oktober i fjor. Han er erklært psykotisk, nektar straffskuld og hugsar lite av det som skjedde i leilegheita.

Kvinna var næraste nabo med tiltalte. Ho såg han kvar dag ute i hagen etter at han flytta inn i den kommunale leilegheita våren 2018.

Det var mykje rus og vitnet reagerte på at ein person som var openbert psykisk sjuk vart plassert i huset utan særleg hjelp og tilsyn.

Vitnet oppfatta også Sand som svært sjuk. Ho var svært vanskeleg å få kontakt med. I retten sa vitnet at ho syntest synd på både tiltalte og avdøde.

Tiltalte og avdøde var kjærastar og kvinna budde delvis i leilegheita. 47-åringen var under tvungent psykisk helsevern etter ein dom frå Stavanger tingrett i januar 2017. Då han vart overført til Trondheim i mars var det St. Olavs hospital som behandla han for schizofreni. Etter kvart meinte behandlarane at han kunne bu i den kommunale leilegheita med oppfølging og ruskontroll.

– Informasjonen mellom etatane fungerer ikkje

Då kvinna ba kommunen og Nav om å gjere noko, fekk ho til svar at det var «notert».

Ein månad før drapet ringde ho Nav og fortalde at Sand var psykotisk og at ho og tiltalte rusa seg.

Kvinna, som ønskjer å vere anonym, seier dette til NRK etter at ho har vitna i retten:

– Informasjonen mellom etatane fungerer ikkje. Korleis skal ein varsle når det ikkje blir tatt tak i? Dette kunne ha vore unngått

To menn er siktet for forsettlig drap etter at ei kvinne døde av skader hun ble påført i dette huset.

ÅSTADEN: Kvinna i 30-åra blei funnen kritisk skadd i dette huset. Ho blei erklært død på sjukehuset kort tid etter.

Foto: Morten Andersen / NRK

Varsla Mattilsynet om hundane

Kvinna såg også at tiltalte slo hundane sine når dei var utandørs.

Ho freista å snakke med han, men det var vanskeleg å nå fram til han.

– Det han sa hang ikkje i hop med det han gjorde. Han sa han ikkje brydde seg om at folk kalla det dyremishandling. Derfor varsla ho Mattilsynet to gonger, men fekk berre eit standardsvar tilbake.

To månader før drapet krasja tiltalte med dei to hundane i bilen. Ein av dei måtte avlivast etterpå. Den andre hunden fekk tiltalte tilbake etter ulukka, noko kvinna reagerte sterkt på.

Promillekøyringa i august 2019 vart lagt bort av politiet fordi mannen ikkje var tilrekneleg.

Det budde fleire barnefamiliar i området og fleire fortalde til NRK like etter drapet om eit utrygt nabolag.

Forseinka rapport frå Statens helsetilsyn

Ein annan nabo fortalde i retten at tiltalte fleire gonger kasta eigedelane til Sand ut i hagen. Då sov Sand nokre gonger i ei bod der eller på ein sofa i hagen, før ho fekk flytte inn att ifølgje vitnet. Denne naboen var mykje saman med tiltalte i ein periode og hjalp han med praktiske ting.

– Han var ein einsam person, sa vitnet.

St. Olavs hospital hadde det faglege ansvaret for tiltalte. Dei varsla helsetilsynet om det som hadde skjedd dagen etter drapet.

Rapporten frå helsetilsynet er forseinka på grunn av skifte av saksbehandlar, har NRK fått opplyst.

Trondheim kommune har ikkje ønska å uttale seg så lenge saka blir granska.

Svein Holden er bistandsadvokat for foreldra til Sand. Han opplyser til NRK at han ikkje ønskjer å seie noko om det som kom fram i retten før prosedyren fredag.