Tiltalte i telefon med politiet: – Det ligg ei død dame på golvet mitt

Då politiet kom til åstaden på Lademoen i Trondheim, fann dei den drepne kvinna pakka inn i eit golvteppe. Tiltalte og ein annan person vart arresterte på åstaden.

Politiet mener dette er kniven som Cathrine Sand ble stukket med i leiligheten på Lademoen i Trondheim i oktober 2019. Det ble funnet blod med DNA fra Sand på kniven. Sand ble sendt til St. Olavs hospital, hvor hun ble erklært død

KNIV FUNNEN I VASKEN: Politiet meiner dette truleg er drapsvåpenet. Det er funne DNA frå den drepne i blodet på kniven.

Foto: Politiet

Tiltalte hadde ei promille på 2,75, opplyste aktor då saka starta i Sør-Trøndelag tingrett måndag.

Telefonen som tiltalte tok til søstera si, gjorde at ho varsla politiet om at noko alvorleg kunne ha skjedd i leilegheita på Lademoen sundag 27. oktober.

Då ambulansen kom, vart det forsøkt gjenoppliving. Men 39 år gamle Cathrine Sand blødde i hel etter knivstikket i brystpartiet.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

DREPEN: Cathrine Sand var mykje saman med tiltalte.

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

Såg at tiltalte stakk Cathrine

Ein tredje person som var til stades i leilegheita vart også drapssikta. Etterforskinga og forklaringa hans gjorde at politiet etter kvart konkluderte med at berre tiltalte var innblanda.

Den 39 år gamle mannen blir eit viktig vitne for påtalemakta når han skal forklare seg i saka tysdag. Han har sagt at han såg tiltalte stikke kvinna med kniv mens ho låg på sofaen.

Sidan helsetilstanden hans er dårleg, er det gjort eit rettsleg avhøyr på video i tilfelle han ikkje er i stand til å møte i Sør-Trøndelag tingrett tysdag. Aktor opplyste at vitnet vart arrestert sundag kveld for å sikre at han møter i retten tysdag.

– Det ligg ei død dame på golvet mitt

Tiltalte vart ringd opp av politiet like etter at dei fekk varsel frå søstera hans. Samtalen varte i dryge sju minutt og vart spelt av i retten måndag. Her fortel tiltalte at han har vore ute på ein «pubrunde». Når han kjem heim fortel han etter kvart at han har funne Cathrine på golvet.

– Det ligg ei død dame på golvet mitt, seier tiltalte.

AMK-sentralen blir også kopla på samtalen. På spørsmål om korleis kvinna ligg, svarer tiltalte:

«Akkurat no. Kolles ska æ forklar d. Når æ fann ho så vart æ helt ekstremt og sånn, så æ bare kasta ho rundt på golvet og sånt, så bordet og stolan og alt e bekka »

Kniv med DNA frå avdøde funne i vasken

Aktor, statsadvokat Jarle Wikdahl opplyste i innleiingsforedraget at blod på ein kniv i vasken inneheld DNA frå avdøde.

– Vi meiner dette mest sannsynleg er drapsvåpenet, seier Wikdahl til NRK.

Tiltalte og avdøde var kjærastar og kvinna budde delvis i leilegheita.

47-åringen var under tvungent psykisk helsevern etter ein dom frå Stavanger i 2016.

Der tente han på to hus og retten slo fast at liv kunne ha gått tapt. Då han vart overført til Trondheim i mars 2017 var det St. Olavs hospital som behandla han for schizofreni. Etter kvart meinte behandlarane at han kunne bu i den kommunale leilegheita med oppfølging og ruskontroll.

Rommet i leiligheten på Lademoen i Trondheim der Cathrine Sand ble funnet med kritiske skader i oktober 2019. Sand ble sendt til St. Olavs hospital, hvor hun ble erklært død

VART STUKKEN PÅ SOFAEN: Eit vitne har fortalt at han såg tiltalte stikke kvinna med kniv mens ho låg på sofaen.

Foto: Politiet

Etter drapet fortalde fleire naboar om forholda i leilegheita, der det ofte var fest og mange til stades.

Slutta med antipsykotisk medisin etter råd frå behandlarane

I løpet av sommaren 2017 slutta tiltalte med antipsykotisk medisin etter råd frå behandlarane. Det går fram av domen frå Sør-Trøndelag tingrett i januar i år. Der vart domen frå Stavanger på framleis tvungen behandling forlenga. Dei rettspsykiatrisk sakkunnige meinte mannen var psykotisk.

To månader før drapet, med 2,75 i promille, køyrde tiltalte bil trass i at han er tilnærma blind. Han krasja i eit anleggsområde. Politiet la bort saka fordi tiltalte ikkje var strafferettsleg tilrekneleg.

Statens helsetilsyn granskar framleis korleis St. Olavs hospital og Trondheim kommune følgde han opp i tida før drapet.

«Behandlingen av denne saken har tatt såpass lang tid fordi vi måtte bytte saksbehandler underveis og i tillegg har vi måttet hente inn flere opplysninger. Vi beklager den lange saksbehandlingstiden.» Det skriv fungerande avdelingsdirektør i Statens helsetilsyn Mona Kaasa til NRK.

Tiltalte i dårleg psykisk form

Tiltalte erklærte seg ikkje skuldig då rettssaka starta måndag. Han skal forklare seg etter at aktor er ferdig

– Tiltalte skal i alle fall forsøke å forklare seg i retten, men han er i ganske dårleg psykisk form, seier forsvarer Tore Angen til NRK.

Under innleiinga til aktor, bad tiltalte om ein pause.

Då retten vart sett igjen etter femten minutt, opplyste forsvarer at tiltalte ikkje får med seg noko som helst av det som går føre seg i retten. På spørsmål frå domar Ingvild Skaar om kvifor, svarte tiltalte med eitt ord:

– Angst.

–Alt er borte

Tiltalte forklarte seg ein times tid i Sør-Trøndelag tingrett måndag ettermiddag. Han seier det var ein del folk på fest i leiligheita i løpet av natta og tidleg morgon 27.oktober. På eit tidspunkt var det berre tiltalte, 39-åringen og Sand tilbake. Tiltalte var ein del utanfor fordi han hadde hund å passe på, Han var også ein tur i minibanken, men fekk ikkje tatt ut pengar. Han var også ein tur på ein pub, men den var stengt. Dette har han fått gjenfortalt av politiet, seier han.

Tiltalte blir beden av aktor om å gi beskjed om kva han hugsar og kva han har fått vete av politiet i avhøyra han har hatt.

Så hugsar han at hunden hans kom inn. Tiltalte oppdaga at dyret byrja å hoppe på Cathrine Sand som låg i sofaen. Han gjekk bort og sjekka, og kjende at ho var kald, fortel han i retten. Under forsøket på å undersøke henne, ramla Sand ned på golvet. Tiltalte fortel i retten at han rulla henne inn i golvteppet. Både han og 39-åringen sette seg så til å drikke. Dei snakka lite i lag, ifølgje tiltalte.

–Eg fekk panikk fordi det låg eit daudt menneske der.

Aktor viser til at vitnet skal ha sagt at det var tiltalte som stakk Sand med kniv.

–Kvifor skulle han (39-åringen red.anm) seie noko slikt, spør aktor.

– Kan ikkje seie at det ikkje var meg

–Anten for å berge seg sjølv eller så er det sant. Alt er borte, så eg kan ikkje seie at det ikkje var meg, seier tiltalte.

Aktor spør kva tiltalte ville ha gjort dersom den andre mannen hadde gått til åtak på Sand.

–Eg ville vel prøvd å stoppe han, svarer tiltalte.

På spørsmål frå forsvarer fortel tiltalte at han vart mobba og slått på skulen i mange år under oppveksten.

Tiltalte sonar no den forlenga domen på psykisk helsevern ved sikkerheitsavdelinga på Brøset i Trondheim.

Aktor varsla allereie i tiltalen at han vil legge ned påstand om dom nummer tre på tvungent psykisk helsevern om tiltalte blir dømt.

Cathrine Sand ble stukket med kniv i leiligheten på Lademoen i Trondheim i oktober 2019. Sand døde senere av skadene på St. Olavs hospital

ÅSTADEN: Stova i leilegheita bar preg av det som hadde skjedd då politiet kom.

Foto: Politiet

Av omsynet til smittevern har presse og publikum ikkje tilgjenge til rettssalen og følgjer derfor saka digitalt.