Hopp til innhold

Ingen panikk i Frp

Framstegspartiet er ikkje uroa over at dei går tilbake i alle dei tre midtnorske fylka på ei ny meiningsmåling.

Tord Lien
Foto: Frp/Montasje: NRK

– Så lenge vi har tosifra oppslutnad får eg sove om natta. Samstundes set dette oss i ein posisjon som vi ikkje har vore i dei tre siste vekene, seier Framstegspartiets andrekandidat i Sør-Trøndelag, Tord Lien , til NRK Trøndelag.

Tord Lien viser til at det no er hans parti som er i posisjon til å kapre eit mandat i Sør-Trøndelag, og ikkje Høgre som det har vore den siste tida.

– No er det vi som kan seie at, om folk ønskjer eit regjeringskifte, så må dei stemme på Framstegspartiet for å få eit ekstra borgarleg mandat. Eg er berre offensiv etter denne meiningsmåling, seier Lien.

Mot tidenes val

I løpet av de tre siste vekene har Framstegspartiet i Møre og Romsdal gått tilbake fem prosentpoeng, frå ein oppslutnad på 35,3 prosent i veke 33 til 29,3 prosent i meiningsmålinga Norfakta har gjort for Adresseavisen i veke 36.

I Nord-Trøndelag går partiet tilbake med tre prosentpoeng og er no nede på 18 prosent. Men Tord Lien ser ingen grunn til å svartmale situasjonen.

– I Nord-Trøndelag ligg vi an til å gjere eit val som er tre prosent betre enn vi nokon gong har gjort der. Vi håper at dei ser at det ikkje er grunn til panikk, seier Lien.

Sør-Trøndelag er einaste fylke der parti held seg nokolunde stabilt.

Fantastisk valkamp

Framstegspartipolitikaren er strålande nøgd med innsatsen i valkampen. Han innrømmer at partiet dei siste vekene har hatt eit litt mindre spissa bodskap enn dei har brukt å ha og at det kan ha verka inn på meiningsmålinga.

– Det kan godt tenkjast at vi ikkje har vore flinke nok til å sette fokus på velferd og det å sikre arbeidsplassar gjennom til dømes skattelette, seier Lien.