Hopp til innhold

- Uaktuelt med bompengar

Tord Lien hadde eigentleg tenkt å satse på ei heilt anna karriere i 2004, men slik gjekk det ikkje.

Tord Lien
Foto: Fremskrittspartiet

– Eg hadde eigentleg tenkt å fokusere på ei karreiere i privat næringsliv, men tenkte at det kunne vere gøy å gjere ein siste skikkeleg innsats for partiet. Då var 2. plass på lista, som sommaren 2004 ikkje var i realistisk å få inn, ein grei plass å gjere det frå, seier Tord Lien.

Frp'ar blant "folk flest"

Tord Lien blei født på Harstad sykehus 10. september 1975. Han vaks opp på Myre i Vesterålen, men busette seg som han seier sjølv, blant "folk flest" på Risvollan i Trondheim.

Han er utdanna historikar og har hatt diverse mellomleiarstillingar i privat sektor. I 1989 meldte han seg inn i Framstegspartiet og har ulike tillitsverv samanhengande sidan året etter.

– Meir fridom til den enkelte, meir makt til lokaldemokratiet og mindre makt til Oslomakta og staten har vore avgjerande for mitt partival, forklarar Lien.

Brenn for verdiskaping

Dei fire neste åra vil Tord Lien kjempe for ein verdig eldreomsorg og eit løft for verdiskaping i alle delar av Trøndelag. Viss han må velje, vil han helst samarbeide med Høgre, men legg til at det beste for folket er viktigast.

– Eg vil samarbeide med alle. Til og med SV finn vi ein gong i mellom saman med til det beste for Trøndelag og forhåpentlegvis resten av landet, seier Lien.

Men han legg til at det viktigaste i valet av politiske samarbeidspartnarar er at dei står nært både i saker og gjerne også i ideologi.

Nei til bompeng - ja til kommunesamanslåing

På spørsmål om korleis den naudsynte vegutbygginga i heimregionen Trøndelag skal finansierast, er Frp'aren krystallklar.

– Det er eit statleg ansvar å byggje ut infrastrukturen i landet vårt. Staten har fire gonger så mykje inntekter frå veitrafikken som det blir brukt på veg. Spesielt rundt Trondheim, men også i aust-vest aksen i fylket er det allereie betalt svært mykje bompengar. Nok er nok, no får staten ta rekninga. Bompengar er heilt uaktuelt.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

- 25 kommunar i Sør-Trøndelag er altfor mange. Om ein skal leggje ned fylkeskommunane og redusere makta til fylkesmennene og byråkratiet vil mange av desse kommunene ikkje vere i stand til å ta på seg nye oppgåver. Dei 25 kommunane bør slås sammen til langt færre, gjerne rundt ti, maks 15, seier Lien.