Hopp til innhold

Tilfeldig at det blei Frp

Per Sandbergmøtte motgang då han skulle bygge hus på 1980-talet. Det blei avgjerande for at han meldte seg inn i Framstegspartiet.

Per Sandberg
Foto: Fremskrittspartiet

– Eg var listefyll til kommunevalet i 1987. Etter det rykte eg opp til fast plass. Valfridom og individets fridom er avgjerande for min ståstad, seier Per Sandberg.

Han meiner eit samfunn som har politisk og offentleg kontroll over folk med påbod, forbod, skattar og avgifter er eit angrep på både ansvar og valgfridom.

Fokus på samferdsel

Dei neste fire åra vil Per Sandberg jobbe for at det skal bli meir fokus på samferdsel.

Utan ein moderne samferdsel/infrastruktur vil det alltid vere ei utfordring å få resten av samfunnet til å fungere, det vere seg helse, omsorg og andre primæroppgåver, understrekar Sandberg.

Han vil også kjempe for at alle sjuke og eldre skal få rett til omsorg og behandling, uavhengig av kven som yt dette tilbodet.

Samarbeid med Høgre

Per Sandberg har sitte på Stortinget i tre periodar, for ulike komitear kvar gong. I løpet av åra har han lært seg å kjenne folk frå alle parti og bakgrunnen for deira strategiar og val.

– Med bakgrunn i desse vurderingane vil eg nok velje Høgre som samarbeidspartner. Sjølv om eg gjerne hadde sett at både KrF og Venstre kunne velgast. Diverre er desse sentrumspartia svært tydeleg på si venstredreiing i norsk politikk. Dette landet treng ikkje meir av eksisterande politikk, det treng ny kurs, seier Sandberg.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Diverre må eg velje Senterpartiet. Dette partiet er ikkje til å kjenne igjen. Sp opptrer til tider meir sosialistisk enn SV. Eg kan ikkje forstå anna enn at gode borgarlege Senterpartiet-tilhengarar må slite med lojaliteten når dei registrerer det politiske skiftet partiet har gått gjennom dei siste ti åra.

Nei til bompengar

Frp'aren meiner det ikkje eksisterer gode grunnar til at vegane i Trøndelag skal finansierast med bompengar så lenge staten går med milliardar i overskot.

– Bilrelaterte avgifter vil passere 70 milliardar kroner kvart år innan 2015. Om nokon av desse midla blir øyremerka til veg, vil ein raskt bygge ut vegnettet i Trøndelag utan ytterlegare skattelegging, seier Sandberg.

Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Det handlar ikkje om meir eller mindre rovdyr. For meg handlar det om at ein lokalt skal kunne regulere/ta ut skadedyr i større omfang enn i dag.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg er positiv til å slå saman kommunar og meiner det er naudsynt med tanke på tilbodet til innbyggarane.

Send epost til Per Sandberg