Hopp til innhold

Éin skuleelev i Trondheim har nynorsk som hovudmål. Han er frå Afghanistan

– Det er litt sjukt, seier Hewad Ahmadzai (14).

Hewad Ahmadzai, skoleelev i Trondheim, smiler til kamera

NYNORSKBRUKAR: Hewad Ahmadzai kom til Noreg som åtteåring. No er han 14, og går på Sjetne skole i Trondheim.

Foto: Hilde Håbjørg / NRK

Trondheim har over 21.700 elevar i grunnskulen. Av alle desse, har berre éin nynorsk som hovudmål.

Han heiter Hewad Ahmadzai, og kom frå Afghanistan til Noreg som åtteåring for drygt fem år sidan. Den gongen kunne han, naturleg nok, ikkje eit ord norsk.

Først skjønte eg ikkje så mykje. Men så var eg på skulen og skjønte litt meir.

No skriv og snakkar han norsk. Nynorsk.

Men kvifor valde han det som hovudmål? Det har ei naturleg forklaring...

Nedgang i nynorsk på skulen

Rundt 600.000 nordmenn brukar nynorsk i 2021, ifølgje Store norske leksikon.

I grunnskulen hadde litt over éin av ti elevar nynorsk som hovudmål førre skuleår. Nærmare bestemt 74.179 personar.

Det er om lag 1000 færre enn året før.

– I område der nynorsken står sterkt, styrker han seg. Men der nynorsken er under press, ser vi at fleire elevar skiftar til bokmål. Manglande tilgang på læremiddel på nynorsk er ein av dei viktigaste grunnane.

Det seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag. Det er ein medlemsorganisasjon som jobbar for å styrke nynorsk i eit samfunn dominert av bokmål

Trass nedgangen i skulen: Mållaget har rekordmange medlemar no, med over 15.200.

Synnøve Marie Sætre, leder i Norsk mållag

Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag, er imponert over Hewad Ahmadzai.

Foto: Michael Storebø

– Vi har ikkje hatt så mange medlemar sidan 1987, seier Sætre.

Ein god del av medlemar kom til etter FPU-kampanjen «F**k nynorsk».

– Litt sjukt

Bømlo i Vestland var den første heimstaden til Hewad Ahmadzai. Etter eit år der, flytta han litt lenger nord, til Stryn. Det var der han begynte på skule.

Sidan dei fleste der er nynorskbrukarar, var det naturleg for han å velje det same.

Og då han kom til Trondheim for litt over eitt år sidan, valde han å halda på nynorsken. Sjølv om alle dei nye venane ved Sjetne skole skriv bokmål.

– Når dei andre skriv tekstar på bokmål, skriv eg på nynorsk i staden, forklarar han.

Heller ingen av lærarane har nynorsk som hovudmål, ifølgje 14-åringen.

Hewad Ahmadzai, skoleelev i Trondheim, står i snøen utenfor Skjetne skole.

Hewad Ahmadzai skulle gjerne hatt læremiddel på nynorsk.

Foto: Hilde Håbjørg / NRK

Men at han er den einaste av alle elevar i trondheimsskulen som har valt nynorsk, kom som ei overrasking på han.

– Det visste eg ikkje. Det er litt sjukt, seier han.

Tenkjer på å bytte til bokmål

Ahmadzai har læremiddel på bokmål. Han skulle gjerne hatt meir nynorsk i skulekvardagen.

– Då hadde eg skjønt litt meir av undervisinga, seier Ahmadzai.

Mållova krev at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg. Opplæringslova lovfestar dessutan at elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på ønska målform.

– Det bør ikkje vere slik at han sjølv må spørje etter læremiddel på nynorsk. Det er dessutan vanskeleg å ta kampen når du er åleine, seier Sætre i Noregs Mållag.

No tenkjer Hewad Ahmadzai på å bytte til bokmål.

Enklare å gjere som alle andre

Han trur det er enklast slik, i og med at alle venar og lærarar er bokmålsbrukarar. Men han skal ikkje bytte enno.

– Det hadde vore lettare om fleire hadde nynorsk. Då kunne eg betra nynorsken min meir, seier 14-åringen.

Sætre i Noregs Mållag håpar 14-åringen vel å stå i nynorsken.

– Det er sårbart å vere i mindretal, og imponerande at han står i det. Eg håpar han held fram med nynorsk, og at skulen legg betre til rette for at han skal gjere det, seier ho.

NRK har snakka med læraren til Ahmadzai, Linn Jeanette Grotdal. Ho seier det er bestilt ei nynorsk mattebok til han, men at dei elles stort sett brukar presentasjonar av lærarar i undervisinga. Dei har bokmål som hovudmål.

Høyr meir frå Hewad Ahmadzai i nynorskspesialen til podkasten Språksnakk frå fredag morgon.

Det er lista frå Utdanningsdirektoratet som viser at Hewad er den einaste i Trondheim med nynorsk som hovudmål. Det kan ha kome til fleire den siste tida utan at lista er oppdatert.