Hopp til innhold

Mållaget har fått over 400 nye medlemmer etter FpU-kampanje

Etter at FpU skreiv «F**k nynorsk» i ein kampanje for valfritt sidemål, har folk strøymt til for å melde seg inn i Noregs Mållag.

Peder lofnes Hauge

NYE MEDLEMMER: Det har vorte meir enn 400 medlemmer i Mållaget siste døgnet, noko leiar Peder Lofnes Hauge er fornøgd med.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er eg kjempefornøgd med, og det viser at FpU og Frp er i utakt med folk flest, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Til no i år er det registrert 13.932 betalande medlemmer i Mållaget. Det siste døgnet har talet auka med 420 nye medlemmer. Det skjer etter at FpU lanserte ein kampanje for valfritt sidemål med ein plakat med teksten «F**k nynorsk».

Hauge reagerte sterkt på kampanjen då den kom og kalla den «skamlaus, anti-nynorskpopulisme».

– Det verste er ikkje forma dei presenterer bodskapen på, men den haldninga og den kunnskapslause politikken som ligg bak kampanjen, seier han.

Tidlegare fotballspelar, no fotballkommentator, Jan Åge Fjørtoft, er ein av dei nyerverva medlemmene.

På Twitter skriv han at han er «stor tilhengar av både nynorsk og Ivar Aasen».

Laster Twitter-innhold

– Tar elevane sin valfridom på alvor

Leiar i Vestland FpU Martine J. Baarholm seier kampanjen har som føremål å skape engasjement blant ungdommane.

Ho meiner Mållaget framfor å hisse seg opp over ordbruken burde svar på «kvifor dei vil tvinge elevane til å lære eit skriftspråk dei ikkje vil få bruk for».

– Dette er å ta elevane sin valfridom på alvor. Derfor vil vi fjerne sidemålskarakteren på vitnemålet, seier ho.

Fpu-kampanje for valfritt sidemål

STRIDENS KJERNE: Det er denne bodskapen FpU og Noregs Mållag diskuterer.

Foto: Marit Voldsund Fjeldvær / Norsk Målungdom

Ho meiner også Noregs Mållag bidreg til ein spissa tone:

– I skuleval blir det brukt spissformuleringar over ein låg sko. Noregs Mållag bidreg til det ved å kalle kampanjen skamlaus og anti-nynorskpopulisme, seier ho.

Har oppnådd det ein ville

Også FpU-ar Stig Even Lilestøl står inne for kampanjen:

– Vi er jo klar over at folk har delte meiningar i det vi går inn i saka, og det er sjølvsagt heilt ok. Eg opplever at dei vi vil nå ut til som er einige med oss føler at dette resonnerer med dei og fangar merksemd.

Kampanjen er vel først og fremst ganske typisk FpU, meiner Ola Svenneby, leder i Unge Høyre.

– Eg blei verken spesielt begeistra for den, eller spesielt krenkt. FpU har oppnådd akkurat det dei ville. Og det har Mållaget også, seier Svenneby.

Han legg til at sjargongen i ungdomspolitikken må vurderast på andre premiss:

– Ungdom skal kunne gå lengre enn «dei vaksne».

Ola Svenneby leder i Unge Høyre

VERKEN KRENKT ELLER BEGEISTRA: Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, meiner både FpU og Noregs Mållag har oppnådd det dei ville med FpU-kampanjen.

Foto: NRK

– Over streken

Elias Eide (H) meiner FpU «går over streken», sjølv om ungdomspolitikken skal utfordre grensene.

Han vedgår at også Unge Høyre har gått over streken frå tid til annan, men at dei har tona ned utfalla mot sidemålet dei siste åra.

«La dem raute nynorsk; bare vi slipper» stod det på Unge Høgre-brosjyrar for mange år tilbake sidan.

– Vi er blitt meir bevisste, og det er andre ting vi skal mobilisere på: klima, skule og arbeid, seier Eide til NRK.

– Vi meiner både bokmål og nynorsk er vår felles kulturarv og kunnskap som er ein viktig del av det norske samfunnet.