Hopp til innhold

Manglar læremiddel på nynorsk: – Me bryt lova heile tida, seier rektor

Nynorskelevar blir serverte læremiddel på bokmål. Rektorar endar opp med å måtte mase på forlaga.

Rektoren på Skavøypollen i eit av klasseromma

BRYT LOVA: – Me bryt lova heile tida, seier Viviann Midtbø. Ho er rektor ved Skavøypoll skule i Vestland fylke.

Foto: Seline Larsen

– Kvifor skal ikkje nynorskelevane våre vere like mykje verdt som andre? spør rektor Viviann Midtbø. Ho er rektor ved Skavøypoll skule i Vestland fylke.

I samband med fagfornyinga frå i fjor blei det lansert nye læremiddel til norske skular.

Ny læreplan inneber nytt pensum og nye lærebøker.

Etterpå har lærarar i heile landet kravd lærebøker på eiga målform.

I ei undersøking utført av avisa Framtida, melde heile 98 % av lærarane at dei må ty til digitale læremiddel på bokmål som dei skulle ynskje var tilgjengeleg på nynorsk.

Også tidlegare har det vore omtalt at det finst få digitale læremiddel på nynorsk.

– Me bryt lova heile tida, seier rektoren i Kinn.

Rektoren opplever at forlaga bak skulebøkene prioriterer å gjere ferdig bokmålsversjonane, medan nynorskutgåvene lèt vente på seg til langt ut i skuleåret.

– Krev at staten tek ansvar

Mållova krev at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg.

Opplæringslova lovfestar dessutan at elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på ønska målform.

Det er i dag opp til kommunar og fylkeskommunar å sikre rett læremiddel.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland Steinar Strømsli fortel at dette er eit velkjent problem. Bokmålsbøker blir prioriterte og kjem på nynorsk lenge etter.

– Dette har me sett i årevis. Dette skapar eit enormt meirarbeid for lærarane, men mest av alt viser det liten respekt for elevane, seier han.

Fylkesleiaren meiner at Kunnskapsdepartementet overlèt ansvaret, og at systemet med lokalt ansvar rett og slett ikkje fungerer. Små kommunar blir sette til å følgje opp store kommersielle aktørar.

– Dette må styresmaktene gripe fatt i, seier Strømsli.

Steinar Strømsli

LITEN RESPEKT: – Dette skapar eit enormt meirarbeid for lærarane, men mest av alt viser det liten respekt for elevane, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet Vestland, Steinar Strømsli.

Foto: Tom Egil Jensen

Ny opplæringslov til hausten

Det er venta at Kunnskapsdepartementet til hausten kjem med ei ny opplæringslov.

Der bør det innførast eit statleg tilsyn av læremiddel for å sikre at dei kjem på begge skriftspråk, seier Hege Lothe, 1.-kandidat for SV i Sogn og Fjordane.

Dei forlaga som då ikkje evnar å oppfylle kravet skal bli nekta i å levere læremiddel til norske skular, meiner ho.

– Situasjonen i dag krev eit slikt kraftig og konkret verkemiddel.

Hege Lothe

NYNORSKMANGEL: 1.-kandidat for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe, meiner Kunnskapsdepartementet må innføre statleg tilsyn av læremiddel for å sikre at dei kjem på nynorsk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Ingen god idé

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Grunde Almeland (V) meiner ansvaret skal halde fram med å ligge hjå styresmaktene lokalt, men understrekar at det er viktig at kommunane får tilstrekkeleg med informasjon og ressursar til å følge opplæringslova.

– Kunnskapsdepartementet var i 2018 ikkje nøgd med situasjonen. Kvifor blir ikkje dette betre?

– Ein ser at med fagfornyinga at det har tatt tid for at alle læremidla blir tilgjengelege på nynorsk. Det er alvorleg at det ikkje er nok læremiddel på nynorsk for dei som nyttar det. Det er viktig at styresmaktene lokalt følger opp at lova blir følgd opp, avsluttar Almeland.

Grunde Kreken Almeland

INNGREP: Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Grunde Almeland (V), meiner statleg tilsyn av læremiddel tyder eit alvorleg inngrep i metodefridomen til lærarane.

Foto: Anders Fehn / NRK