Hopp til innhold

Brann sleit seg til ny siger i Meisterligaen: Dermed rykker heile Noreg opp på Uefa-rangeringa

Brann sigra 2–1 i den sjette gruppespel-kampen i Meisterligaen. Det vil føre til at fleire norske lag kan gå inn i europacupspel.

5yUwrLyCrts

I DEI SISTE MINUTTA: Nokre få sekund på overtid skåra Amalie Eikeland mål nummer to mot St. Pölten i Åsane.

Foto: NTB

Det var svært vindfullt på Åsane Arena i Bergen då den sjette gruppespel-kampen til Brann i Meisterligaen vart sparka i gang.

Då Amalie Eikeland sende inn det sigrande målet få sekund på overtid, strihagla det også.

xiEe4deD1nU

St. Pölten slo til tidleg i spelet, og var eit kvarter i leiinga. Dette var andre gongen dei har skåra i gruppespelet, begge gongane mot Brann.

Foto: NTB

– Det var godt å få det målet på slutten. Eg synest vi fortente sigeren, seier Eikeland til NRK.

Brann blei allereie historiske sist veke då dei sigra over Slavia Praha i Tsjekkia, og sikra seg ein plass i kvartfinalen i Meisterligaen.

Trekninga av kven Brann møter i kvartfinalen skjer 6. februar. Då står det mellom laga PSG, Chelsea eller Barcelona.

No møter vi lag i verdsklasse uansett kven vi får, så vi må nok opp nokre hakk, seier Eikeland vidare.

Men vi har nokre veker framfor oss til å jobbe godt, så eg gler meg.

VR6SmU-hGkE

– Det var fint å få inn eit mål, spesielt på det tidspunktet, sa ho kort tid etterpå, seier Justine Kielland om den første skåringa.

Foto: NTB

Godt nytt for heile fotball-Noreg

Brann sin siger sender Noreg lenger opp på Uefa-rangeringa, ved at Noreg rykker opp frå 11. til 8. plass når neste sesong startar.

Resultatet er at norske fotballag får betre tilgang til turneringar neste sesong.

Då Uefa introduserte det nye turneringsformatet med gruppespel, blei talet på kvalifiserte lag kraftig redusert.

oa_hJ31WN3o

Målvakt Aurora Mikalsen etter det første målet i heimekampen mot Slavia Praha.

Foto: AFP

Dette gjer altså Brann si bragd endå større enn den ville vore før sesongen 2021/2022.

Dei blei det første norske laget til å kvalifisere seg til Meisterligaen etter dette, og blei historiske endå ein gong då dei tok seg vidare til gruppespelet.

Neste sesong blir det opp til Vålerenga og Rosenborg å hjelpe Noreg å klatre ytterlegare på rangeringa.

Gjestane sjokkerte tidleg i kampen

Det var utfordrarane St. Pölten som sparka i gang første runde. Etter berre sju minutt sjokkerte gjestane med eit mål frå Sarah Mattner.

Brann hadde ein stor sjanse i starten som ikkje førte til resultat. Men så tok dei kraftig tak, og utlikninga kom 20 minutt inn i kampen. Då var det Justine Kielland som skåra, frå vel 10 meter.

WfyHBSku0BA

Stjerneskotet Signe Gaupset (h) var ikkje bekymra for uvêret då NRK møtte henne før kampen.

Foto: NTB

Brann sin imponerande haust og vinter starta på bortebane mot nettopp dette austerrikske laget i november. Også då vann raudtrøyene 2–1.

– Skikkeleg fint å sjå

– Eg visste alltid at det var mykje ferdigheiter og talent i denne gruppa. Den berre trengde litt kjærleik og omsorg til tider for å få det fram, sa trenar Martin Ho til NRK i forkant av kampen.

– No har dei starta å prestere og vise kva dei verkeleg kan. Det er skikkeleg fint å sjå.

Trenaren har nett signert ny kontrakt, og er bunden til klubben dei neste tre åra.

Martin Ho

Ho har teke Brann frå midten av Toppserien til europatoppen. Han har fått interesse frå fleire klubbar, både i Skandinavia og Europa elles.

Foto: MATTHIAS SCHRADER / NTB

– Eg meiner vi berre har sett ein liten del av kva vi er i stand til.

– Når de oppnår det maksimale potensialet til dette laget, kan de vinne Meisterligaen?

– Ja, som trenar vil eg aldri seie aldri.