Tysdag i førre veke mottok politiet tipset om videoen som blei lagt ut på den populære appen TikTok.
– Eg fekk nesten vondt i magen første gong eg såg videoen. Det er livsfarleg. Det er ein leik med eige og andre sitt liv, seier politioverbetjent Svein Erik Gjølmesli i Værnes lensmannsdistrikt.
Det heile føregår i ei 60-sone på ein fylkesveg langs Selbustrand i Trøndelag, om lag fem mil søraust for Trondheim.
Det var Bladet.no som først skreiv om saka.
– Vi ser at det går uhyggeleg fort. Speedometeret er oppe i 185 km/t på det høgaste. Føraren kuttar svingane. Det kunne blitt ei alvorleg ulukke om det kom nokon i mot, seier han.
Saka er no under etterforsking. Politiet opplyser at det var ein mann i 20-åra frå Malvik som køyrde bilen. Dei har beslaglagt førarkoret, og mannen er sikta for brot på både hastigheit og aktsemd etter Vegtrafikklova.
Føraren nektar straffskuld. Han hevdar å berre ha delt videoen vidare. Politiet festar ikkje lit til den forklaringa.
Mobilbruk bak rattet er svært vanleg
1 av 3 unge vaksne vedgår at dei sjekkar Snapchat medan dei køyrer bil, ifølge ei undersøking frå Norstat.
Petter Northug vart i sommar teken for å køyre i 168 km/t i ei 80-sone. Sjølv sa han at farten var langt høgare – over 200 km/t. Han har fleire gonger filma råkøyringa med mobiltelefonen sin og sendt det vidare til kompisar.
– Fartsgrensene er sett der av ein grunn, og råkøyring er å utsette seg sjølv og andre for stor risiko. Det er svært alvorleg og tankelaust når nokon i høg fart også filmar med mobilen, sa kommunikasjonssjef Ingrid Tømborg i Trygg Trafikk til NRK då.
NRK presiserer at ho kommenterte på generelt grunnlag, og ikkje om Northug spesifikt.
Nesten halvparten av alle sjåførar mellom 18 og 29 år brukar sosiale medium bak rattet, ifølge Norstat.
- LES MEIR: Snapkjørerne
- LES MEIR: – Unge har blitt så avhengig av telefonen at de setter andres liv i fare
Trygg Trafikk: – Brutalt store konsekvensar
Frode Tiller Skjervø er regionleiar for Trygg Trafikk i Trøndelag. Han kallar køyringa galskap.
– Først og fremst blir eg litt matt. Det er rett og slett galskap. Konsekvensane av slik type åtferd i trafikken er så brutalt store.
– Kan du seie litt om kva krefter som er i sving dersom ein kolliderer i så høg fart?
– Det er så mykje energi at uansett kva type bil ein har i den hastigheita, er ikkje kroppen laga for påkjenninga ved ein eventuell bråstopp. Vekta på personen aukar så mykje at det er så godt som umogleg å overleve ein slik kollisjon, forklarar han.
Regionleiaren meiner det må ei haldningsendring til.
– Vi jobbar kvar dag for å påverke folk sine haldningar og åtferd i trafikken. Denne personen viser det mest ekstreme. Alle kan vere med å påverke andre til å ta til fornuft og tenke konsekvensar.
Verken politiet eller Trygg Trafikk vil spekulere i om råkøyringa til Northug påverkar.
– Eg håpar og trur at dei aller fleste ikkje blir påverka av videoar i sosiale medium som viser råkøyring. Det er sjølvsagt enkelte som kan ha blitt trigga og vil prøve det same. For å nå desse personane må vi samarbeide alle saman, seier Tiller Skjervø.
- LES OGSÅ: Fryktar fleire farlege forbikøyringar i sommar: Her går det nesten gale
- LES OGSÅ: Fleire augevitne reagerer på forbikøyring: – Det var rein galskap
Vil skape engasjement rundt trafikksikkerheit
Politiet i Værnesregionen publiserte eit innlegg på Facebook etter tipset om råkøyringa.
– Grunnen til det er at vi ynskjer å skape eit engasjement og litt diskusjon ute i lokalsamfunnet vårt, seier Gjølmesli.
Han meiner trafikksikkerheit bør bli eit tema på dagleg basis.
– Når eg les kommentarfeltet under innlegget på Facebook-sida vår, ser ein at engasjementet er der. Det er det ikkje noko tvil om, fastslår han og held fram:
– Det er godt å kunne konstatere at dei aller fleste synest dette er hårreisande og tek avstand frå slik køyring.