Hopp til innhold

Vidar fann sjølvlysande mat i skapet til «svigers»

Stammar lyset frå fosfor, juleribba eller frå havets botn?

Vidar Øierås selvlysende fiskepudding.

OVERRASKING: Sjå kva som skjer når Vidar tar med seg maten inn i mørket!

Da Vidar Øierås opna det mørke kjølerommet hos «svigers» ein julemorgon låg noko som gløda blågrønt i mathylla.

Han fann fram telefonen og filma det.

– Eg synest det var veldig merkeleg, seier han.

Den første tanken som slo Øierås var at svigerfar hadde gløymt igjen ei lommelykt som nesten var tom for straum inne i matskapet.

Men slik var det ikkje, det var noko anna som gløda.

Øierås tok fram kamera og la ut videoen ut på Facebook på nyåret for å få svar.

Kvifor er den sjølvlysande, undra han. Og kva stoff kan gjere at mat lyser?

Øierås valte å kaste maten etter at han hadde filma lysfenomenet.

Men var det nødvendig eller kunne han ete maten til middag?

Kvifor lyser det?

– Eg har ikkje sett dette før, sjølvlysande fiskepudding ... Dette er skikkeleg kult!

Det seier professor i biologi Geir Johnsen ved NTNU.

Han er både ekspert på mikroorganismar i havet og fargepigment i slike organismar.

Johnsen trur lyset vi ser kjem av det vi på godt norsk kallar moreld, eller «bioluminescens» som ein kallar det på engelsk.

– Altså biologisk produsert lys frå bakteriar.

Vidar Øierås

NYSGJERRIG: Vidar Øierås frå Maura i Nannestad vart overraska då han såg fiskepuddingen til «svigers». Han er nysgjerrig på kva det kan vere.

Foto: Privat

Kva stoff kan lyse slik?

Vidar har fått innspel frå folk på Facebook som trur det er fosfor som gjev frå seg lyset i fiskepuddingen.

– Så vidt eg kjenner til er det ingen organismar som gjev «fosforescens», så for meg verkar det som om det er moreld, seier biologen.

Men kva bakterie er det?

Fiskepuddingen er varmebehandla, dei fleste bakteriane døyr av det, men enkelte bakteriar kan vere ganske motstandsdyktige mot varme.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva bakterieart dette er utan å sjå på fiskepuddingen i eit mikroskop, seier Johnsen.

Han er ganske sikker på at det er moreld, men anbefaler oss å dobbeltsjekke dette med veterinærinstituttet på Ås.

Der svarar professor Marina Elisabeth Aspholm. Ho trur og det er snakk om sjølvlysande bakteriar.

– Eg har lese om det, men ikkje sett liknande på mat sjølv, men no pleier eg vanlegvis heller ikkje å ete i mørket, seier ho.

Faggruppeleiaren ved NMBU sitt institutt for parakliniske fag sin mattrygghetsgruppe, fortel at det er mange ulike bakteriar som kan lage lys på cirka same måte som for eksempel eldfluger gjer.

Om du har sett filmen «Oppdrag Nemo» hugsar du kanskje djuphavsfisken som har lysorgan som den bruker til å lokke til seg byttedyr?

– Det lyser på grunn av slike bakteriar, det finst også blekksprutarter som har slike, seier Aspholm.

Er det trygt å ete sjølvlysande mat?

– Eg har ete råe fisketarmar med innhald då eg var i Japan, og verre ting enn det, men eg ville ikkje ete denne fiskepuddingen, svarar Johnsen på det spørsmålet og ler litt til.

Aspholm er litt mindre skeptisk.

– Heldigvis er desse bakteriane stort sett ufarlege å ete, men blir det mange av dei i maten kan dei bryte ned komponentar i maten sånn at fiskepuddingen ikkje luktar så godt eller smaker så bra som ein ventar seg, seier ho.

Men kvar kjem bakteriane frå? Har dei smitta over frå juleribba?

Aspholm trur det er meir sannsynleg at det kjem frå produksjonen av fiskepuddingen, for eksempel at den har komme i kontakt med noko rå fisk, sjømat eller sjøvatn i produksjonslokalet.

– Eg kan ta feil, men eg har aldri høyrt om sjølvlysande bakteriar på svineribbe, men eg har høyrt om det på sjømat, seier ho.

Det vil alltids finnast bakteriar frå miljøet rundt på mat som ikkje er steril.

– Det treng ein ikkje å vere redd for, seier ho.