Hopp til innhold

Kvifor snakkar «alle» om Selena Gomez og Hailey Bieber?

Viss du har vore på TikTok eller insta dei siste vekene skal det godt gjerast å ikkje ha fått opp minst ein video om Selena Gomez og Hailey Bieber. Men kva er eigentleg greia?

Selena Gomez, Justin Bieber og Hailey Bieber

DRAMA: Den siste tida har det spreidd seg ein del rykte om at det skal vera ein litt dårleg vibe mellom Selena Gomez, Hailey Bieber og Justin Bieber.

Foto: MARIO ANZUONI/ANGELA WEISS/JON KOPALOFF / REUTERS/AFP/GETTY IMAGES

Det er lite som er så spennande som drama, når det ikkje angår deg sjølv. Og det kjenner fleire på akkurat no, for dei siste vekene har det ikkje mangla på videoar og postar om Hailey Bieber, Selena Gomez og Justin Bieber.

Det er spekulasjonar rundt mobbing, skilsmisser og at Hailey er så besett av Selena at ho kopierer nesten alt ho gjer.

Hovudpersonane sjølv har gjort veldig lite for at dette skulle skje, og spørsmålet er jo om det faktisk er beef der, eller om det er folk på internett som dreg dette ut av tynn luft.

OPPDATERING: No har både Hailey og Selena uttalt seg, og du kan lese om det nedst i saka.

Kva skjer?

Fansen til Selena Gomez er overtydd om at Hailey Bieber ikkje liker Selena, og at ho har mobba ho på sosiale medium. No spreier dei rykte og konspirasjonsteoriar om Hailey.

Kven er innblanda?

  • Hailey Bieber, tidlegare Baldwin
  • Selena Gomez
  • Justin Bieber
  • Kylie Jenner

Kva er relasjonane?

Selena Gomez hadde eit av-og-på-forhold til Justin Bieber frå 2011–2018.
Hailey Bieber er gift med Justin Bieber.
Kylie Jenner er venninna til Hailey.

­

La oss starte frå byrjinga

­

2011

Justin Bieber og Selena Gomez blir saman. Etter at det har svirra datingrykter rundt dei lenge, viser dei seg for fyrste gong offentleg som eit par på Vanity Fair sin Oscar-fest i februar 2011.

Selena Gomez og Justin Bieber
Foto: Matt Sayles / Ap
2011 - 2013

Hailey Bieber er superfan av både Selena Gomez og Justin Bieber, og twitrer masse om kor mykje ho liker både Selena og «Jelena».

'Justin Bieber Never Say Never', Film Screening, New York, America - 02 Feb 2011
Mandatory Credit: Photo by Dave Allocca/Starpix/REX (5631135ao) Hailey Baldwin, Justin Bieber and Stephen Baldwin 'Justin Bieber Never Say Never', Film Screening, New York, America - 02 Feb 2011
Foto: Dave Allocca/Starpix/REX / Shutterstock editorial
2014

Selena Gomez og Justin Bieber sitt forhold begynner å slå sprekker, og rykte om at dei skal ha slått opp begynner å spreie seg den hausten. Den hausten gir og Selena ut songen «The Heart Wants What It Wants».

Selena Gomez, Justin Bieber
FILE - In this Nov. 20, 2011, file photo, Selena Gomez, left, and Justin Bieber arrive at the 39th Annual American Music Awards in Los Angeles. Hackers briefly took control of Gomez's Instagram account on Aug. 28, 2017, and posted nude photos of Bieber. (AP Photo/Chris Pizzello, File)
"Revet i to" av Ellen Karin Moen, NRK
Foto: Chris Pizzello / AP
2015

Det begynner å gå rykte om at Hailey og Justin dater.

XiUXutvKveU
Foto: Jordan Strauss / AP

FEBRUAR 2016

It's official! Hailey og Justin er saman! Justin deler eit bilete på insta av at dei kysser på ei strand, etter å ha feira nyttårsaftan med ho. Hailey seier i eit intervju med E! at dei ikkje er eksklusive.

Instagram Justin Bieber
Faksimile: Instagram: @justinbieber

AUGUST 2016

Lukka varte ikkje lenge for berre eit halvt år seinare vart det slutt mellom lovebirdsa og Justin unfollowa Hailey på insta.

Justin Bieber og Hailey Bieber
Foto: NICHOLAS HUNT / AFP
2017

Justin og Selena blir spotta saman av paparazzoar fleire gongar frå oktober og ut 2017. Dei bekreftar aldri at dei er saman igjen, men heng mykje ilag.

Selena og Justin
Foto: DANNY MOLOSHOK / Reuters
Mars 2018

Det går diverre ikkje mange månadane før folk rundt dei seier til E! at dei har gått frå kvarandre igjen, men at dei framleis er veldig glade i kvarandre.

Selena og justin brudd
Foto: DANNY MOLOSHOK / Reuters
Mai/Juni 2018

Etter å ikkje ha snakka saman på lenge, blir Justin og Hailey fotografert saman nokre månadar etter at Selena og han gjekk frå kvarandre.

Juli 2018

Etter dette gjekk det slag-i-slag. 10. juli legg Justin ut ein post på insta, om at han har fridd til Hailey, og ho har sagt ja. Dette skjer medan dei er på ein båtferie i Bermuda.

Instagrambilde av Hailey og Justin som er forlova
Faksimile: Instagram: @justinbieber
september 2018

Berre eit par månadar seinare gifter dei seg på eit rådhus i New York. Dei har seinare ein større bryllaupsseremoni og -fest i september året etter.

Instagrambilde av Justin og Hailey som gifter seg
Faksimile: Instagram: @haileybieber

Hatefulle fans.

Sjølv om Hailey og Justin er lukkeleg gift, sluttar ikkje «Jelena»-fansen å hate på Hailey. Dei vil at Justin og Selena skal bli saman igjen. Og det blir såpass mykje hat fram og tilbake mellom fanklubbane til dei tre at alle tre går ut og ber fanskaren sin slutte å plage dei andre.

Les også Justin Bieber holder tidenes konsert i Trondheim

Justin Bieber i Trondheim

Når starta some-dramaet?

januar 2023

I januar sleppes det nokre bilete av Selena Gomez frå ein båttur, der ho er ute og badar og solar seg. Fleire applauderer bileta, men nokre vel og å kommentere kroppsvekta hennar og bodyshamar ho.

På same tid som dette skjer legg Hailey ut ein video på TikTok der ho og eit par venninner mimar til nokon som seier «I'm not saying she deserved it, but God's timing is always right». Videoen vart sletta kort tid etter, men fansen til Selena var raskt ute med å snappe den opp. Fleire av dei meinte at videoen var mynta på Selena, sjølv om Hailey ikkje har bekrefta dette.

Selena var sjølv inne i kommentarfeltet på ein av videoane og sa at ho ikkje lét desse tinga gå inn på seg, og bad folk vera snille.

selena sin kommentar der ho skriv at ho ikkje lar desse tinga gå inn på seg
Faksimile: TikTok
FEBRUAR 2023

I februar legg Selena ut ein video av at ho ved eit uhell har laminert bryna sine litt for mykje. Og kort tid etter legg Kylie Jenner, som er god venninne med Hailey ut eit par stories på Instagram.

Den fyrste er ein selfie med teksten «This was an accident?» og så eit screenshot av ho og Hailey som facetimer og har bryna sine heilt oppe i kameraet.

Dette heller berre bensin på bålet til dei som allereie meiner at Hailey er ute etter Selena. Men både Selena og Kylie går ut og avkreftar at det skal vera noko beef.

Kylie og Selena avkrefter rykter
Faksimile: Instagram: @commentsbycelebs

På eit punkt går Selena live på insta og seier at ho skal ta seg ein liten pause frå sosiale medium, fordi det ikkje er bra for den mentale helsa hennar. Men det tek ikkje lange stunda før ho er tilbake.

Samtidig meiner fleire at Hailey shader Selena ved å legge ut songar på storiane sine, som dei meiner skal vera stikk til Gomez.

MARS 2023

I starten av mars har eigentleg alle dei involverte lagt dette bak seg. Men fansen klarer ikkje sleppe taket. Dei dreg framleis fram videoklipp, bilete og tweets frå tidlegare år for å prøve å finne meir drama.

Og alt som har spreidd seg på TikTok og Instagram har gjort at både Hailey og Kylie har mista ein heil haug med følgarar på Instagram, medan Selena har fått såpass mange at ho no er den kvinna på Instagram med flest følgarar.

Selena sine følgarar
Faksimile: @selenagomez / Instagram

­

Alle konspirasjonsteoriane

No startar det som er juicy her. Og vær så snill og ta alt her med ein spade salt. For dette er utelukkande rykte og konspirasjonsteoriar folk på internett har laga.

BESETT?

Nokre meiner at Hailey har vore besett av Selena heile tida, og at ho kopierer eksen til ektemannen sin ofte.

Under pandemien starta Selena opp eit matlagingsprogram på YouTube, der ho inviterte sjåaren inn på kjøkenet sitt for å vera med å laga mat med ho.

Hailey har gjort det same, og folk meiner blant anna at ho kopierte mykje av det Selena sa dei begge introduserte seriane sine. Men det kan jo vera greitt å ha i bakhovudet at det var ein god del andre som starta ulike matlagingsprosjekt under pandemien.

TATOVERING

Eitt av eksempla dei dreg fram er at Selena har tatovert ein «G» for systera si, Gracie, bak øyret. Og Hailey har teke ein veldig lik tatovering, men ingen ser ut til å veta sikkert kvifor ho har ein «G» bak sitt øyre.

Hailey sin tatovering
Foto: ANGELA WEISS / AFP

BURSDAG

Ein annan ting fleire diskuterer no, er om Justin og Hailey sitt forhold kanskje ikkje er så bra som det har verka. På bursdagen til Justin la Hailey ut ein post der ho skreiv veldig fine ting om mannen sin, men denne skal han visstnok verken ha likt eller kommentert. Og det synest dei som no konspirerer er spesielt.

Hailey Bieber si bursdagshelsing til Justin
Faksimile: Instagram: @haileybieber
SKILSMISSE?

Nokre lurer og på om dei kanskje skal skilje seg og at Justin berre har brukt Hailey for å få bli i USA, sidan han eigentleg er frå Canada. Men ingenting av dette finst det nokre bevis på.

Justin og Hailey
Foto: LISA O'CONNOR / AFP

­

OPPDATERING 25.03.2023:
24. mars begynte både Selena og Hailey å følge kvarandre igjen, og dei la og ut kvar sine stories på insta der dei snakka om dramaet.

Selena skriv at Hailey har kontakta ho fordi ho har fått både dødstruslar og mykje hat, og at dette er noko Selena ikkje står for. Ho ber alle vera snille og stoppa dramaet.

Hailey svarte med ein eigen story der ho takka Selena for å ta ho i forsvar. Ho sa at dei siste vekene har vore tøffe og at ting ofte kan bli tatt utav kontekst. Hailey skriv og at me alle bør vera flinkare til å tenke over korleis det me poster kan bli tolka, og at det gjeld ho òg.

Selena Gomez om Hailey Bieber-dramaet
Hailey Bieber om dramaet mellom ho og Selena Gomez
Faksimile: Instagram / @haileybieber

­

Hallaisen!

Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.

Har du tips til andre saker eg bør skrive? Send meg ein e-post då vel!

Tidlegare har eg skrive om folk som bruker ting dei finn i skåpet til å bleika tenna, og kvar i Noreg ein kan ta dei beste instabileta.