Hopp til innhold

Kvar tek me dei beste instabileta?

Denne sommaren skal me i NRK finne Noregs finaste plassar for å ta bilete. For å få til det treng me di hjelp. Målet er å lage den ultimate guiden til kvar folk kan ta dei finaste bileta til Instagram.

I 2021 har ikkje noko skjedd før det er avbilda og dokumentert opp og ned og i mente på sosiale medium. Noko Instagram sjølve kan gå god for.

Ifølge dei leggast det nemleg ut over 95 millionar bilete på appen DAGLEG.

Men kvar dreg ein for å ta bileta som skil seg ut?

Med hjelp frå deg, vil me finne dei beste plassane for å ta kule og freshe bilete til insta, og lage ein guide så folk enkelt veit kvar i Noreg dei skal sette kursen for å pimpe opp instafeeden sin.

Det kan vera alt frå ein stilig graffitivegg, til ei utsikt som tek pusten frå deg. Me veit det finst mange kjente, spektakulære plassar i landet vårt, men kanskje har me funne nokre skjulte perler når dette er over?

Slik blir du med:

Har du teke nokre bilete frå fine plassar, og er gira på å vist dei fram?

Gå inn på bidra.nrk.no

Finn «INSTABILETE»

Last opp bileta dine

­

Kanskje blir dine bilete ein del av guiden som publiserast på NRK.no i slutten av juli/starten av august.

Ein jury skal plukke ut to plassar frå kvart fylke som dei meiner er dei finaste instaplassane.

Fristen for å sende inn bilete er 25. juli.

Treng du nokre tips til korleis du best kan redigere bileta dine?
Ta ein kikk her:

Her er juryen

Erik Asla

Erik (54) bur for tida i Los Angeles der han jobbar som fotograf og driv eit studio både der og i Oslo. Om du ikkje er så kjent med fotografmiljøet, men dreg kjensel på Asla, kan det vera fordi han tidlegare var saman med supermodellen Tyra Banks.

– Eg har ikkje reist så mykje i Noreg, då eg drog til utlandet i ung alder. Men eg liker store, opne område som Dovre, seier Asla som jobbar med ei utstilling som skal visast på Drammens Museum 1. september.

Erik Asla
Asla
Erik Asla

Maiken Osaland

Maiken (30) er ein sjølvlært fotograf frå Forsand i Rogaland. 31. mai vart ho kåra til «Årets Fotograf» for 2021 av Noregs Fotografforbund.

– Eg er alltid på jakt etter nye locations og tek difor ofte bilete med mobilen, i tillegg til Canon R6-kameraet mitt, seier Osaland som meiner Hardanger og Lysefjorden er nokre av dei vakraste plassane i Noreg.

Maiken ikkje bruk
maiken ikkje bruk
maiken ikkje bruk

Jørgen Øyehaug

Jørgen (30) er frå Ørsta på Sunnmøre. Han har 180.000 følgarar på Instagram og legg i hovudsak ut bilete frå ulike fjelltoppar i landet vårt.

– Det er lite som slår Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane, seier Øyehaug som til dagleg jobbar som elektroingeniør.

Han bruker eit Sony fullformatkamera og telefonen sin til å ta bilete, og redigerer stort sett alle bileta sine på mobilen.

Øyehaug

IKKJE BRUK
Øyehaug IKKJE BRUK
ØYEHAUG IKKJE BRUK

Silvia Lawrence

Silvia (33) er frå Massachusetts i USA, men flytta til Noreg for seks år sidan. Ho bur i Tromsø og driv reisebloggen «HeartMyBackpack» på fulltid.

– Noreg er utruleg vakkert, og mitt favorittminne frå i fjor sommar var då eg tok bilete av øyene på Træna. Heile Helgelandskysten er spektakulær, eigentleg.

Lawrence tek bileta sine med eit Canon EOS 5D Mark II eller Iphone 11 Pro'en sin, og bruker Lightroom til å redigere bileta sine.

Silvia ikkje bruk
silvia ikkje bruk
silvia ikkje bruk

Les også: Ny rapport set livet i «Instagram-bygda» på vent

Hallaisen!

Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.

Har du tips til andre saker eg bør skrive? Send meg ein e-post då vel!

Tidlegare har eg skrive om folk som bruker ting dei finn i skåpet til å bleika tenna, og kvar i Noreg ein kan ta dei beste instabileta.