Bruker hushaldsartiklar til tannbleiking

– Risikerer å skade tennene dine skikkeleg, seier tannlege Jon Kjetil Reitan om trenden.

Hydrogenperoksid, natron, bakepulver og sitronsaft er alle ingrediensar som blir brukt av folk på nett for å bleike tennene sine.

Hydrogenperoksid, natron, bakepulver og sitronsaft er alle ingrediensar som blir brukt av folk på nett for å bleike tennene sine.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Å ha eit blendakvitt smil, blir for mange sett på som eit teikn på at ein er sunn, frisk og ikkje minst – flink til å pusse tennene sine.

Diverre er det ein gong slik i livet, at tennene våre kjem til å bli litt og litt mørkare jo eldre me blir, sjølv om me er flinke med både tannpuss, tanntråd og munnskyll, skal me tru Jon Kjetil Reitan som er tannlege ved Colosseumklinikken i Drammen.

Det følast kanskje litt kjipt, eller?

Nokre difor å bleike tennene sine, anten dei går til tannlegen eller køyrer «Gjer-det-sjølv»-metodane dei søker seg fram til på nett.

Trendar på nett

På appar som TikTok og Instagram legg folk ut sine tips og triks til korleis dei har fått kvitare tenner.

Fordelen skal visst vera at det er enkelt å gjere heime, og at det ikkje kostar like mykje som det å gå til ein proff, utdanna, fagperson å gjere det. Du veit – ein som garantert ikkje kjem til å øydelegge tennene dine.

Felles for mange av «tipsa» er at ingrediensane skal vera enkle å finne anten på apoteket eller i kjøkenskåpet ditt heime.

Heimelaga versus proffane

Blant metodane som vart oftast nemnt er ingrediensane beståande av ting som bakepulver, natron, kull og hydrogenperoksid.

– Å lage eigne blandingar med desse tinga er ikkje noko me vil anbefale, skriv direktør for Nordic Institute of Dental Materials (NIOM), Jon E. Dahl i ein e-post til NRK.

Han forklarer at ein ikkje har kontroll på kva ein påfører tennene sine, kor sterk blandinga ein lager er, eller i kva grad det kan skade tennene og tannkjøtet på sikt.

Om ein ynskjer å bleike tennene sine hos ein tannlege, må tannlegen alltid sjå på tilstanden til tennene og sjå om bleiking er forsvarleg, eller om ein annan type behandling vil vera betre for kunden, seier Dahl.

Ellen Karin tester heimelaga tannbleiking. Her blander me vatn og natron eller bakepulver.

Sjølv om tannlegen ikkje veit akkurat korleis bakepulver eller natron kan påverke tennene, ber han folk vera forsiktige med kva dei bruker.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Kan bli dyrt

– Det verste som kan skje, er at du bruker eit produkt som skader tennene dine skikkeleg. Då risikerer du både ein del smerter og ubehag i ettertid, i tillegg til store økonomiske konsekvensar for å fikse det.

Tannlege ved Colosseumklinikken i Drammen, Jon Kjetil Reitan, advarer mot å bruke heimelaga tannbleiking

Tannlege ved Colosseumklinikken i Drammen, Jon Kjetil Reitan, anbefaler folk å heller oppsøke profesjonelle om dei vil bleike tennene.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Det seier tannlege, Jon Kjetil Reitan. Han har sjølv opplevd å få inn personar i tannlegestolen som har gått til kjøkenskåpet for å bleike tennene sine.

– Det var ei som hadde prøvd å pusse dei med salt ein gong.

Sjølv om det florerer med tips og triks på alle sosiale medium-plattformer der ute, anbefaler Reitan at folk som verkeleg ynskjer kvitare tenner, heller tek kontakt med tannlegen sin.

– Gjer du det hos ein proff, så veit du at det som blir brukt ikkje skader tennene dine på lang sikt. Det hjelp ikkje med eit kvitt smil, om du har øydelagd dei i prosessen.