Hopp til innhold

Mange misforstår smittevernreglane – går seg vill i gråsoner mellom forbod og anbefalingar

Politiadvokaten i Trondheim meiner etterforskinga rundt toppolitikarar sine moglege lovbrot, er gode eksempel på forvirringa rundt smittevernreglane.

Restane etter Ap-festen i Bodø.

BLÅMÅNDAG: Restane etter Ap-festen i Bodø, som førte til at nestleiar i Ap, Bjørn Skjæran, orsaka seg sju gonger på Dagsnytt 18. Politiadvokaten i Trondheim meiner etterforskinga av Skjæran er eit eksempel på kor vanskeleg det er for politiet å følgje opp smittevernreglane.

Foto: OLA HELNESS / NRK

Førre helg vart politiet varsla om 30 festar i Trondheim.

– På enkelte av desse var det opp mot 30-40-50 deltakarar, men vi hadde ingen heimel for å oppheve samankomstane med bakgrunn i smittevernreglane, seier politiadvokat i byen, Hans Vang.

På grunn av den lokale forskrifta kan politiet i Oslo bøteleggje folk for å få for mange på besøk. I Trondheim kan dei berre anbefale folk å avslutte festar, sjølv om smittevernreglane ikkje vert følgde.

– Vi må på vanleg måte vurdere om dei forstyrrar natteroa eller om det går føre seg andre straffbare handlingar der, som gjev oss heimel til å avslutte festar, seier Vang.

– Problemet for politiet er jo at folk oppfattar dette som eit forbod. Det skapar forventingar til oss, som vi ikkje kan innfri sidan det ikkje er heimel for å gjere slike inngrep no, legger han til.

Hans Vang, politiadvokat.

KAN IKKJE GRIPE INN: Politiadvokat i Trondheim, Hans Vang, fortel at dei i dag berre har grunnlag til å anbefale folk å ikkje samlast til store private festar.

Foto: MORTEN ANDERSEN / NRK

Fleire topp-politikarar har brote reglane

Alle norske borgarar har ei plikt om å sette seg inn i lovar og reglar. Bryt du ei lov som har blitt gjort kjent må du som regel ta straffa di. Derfor skal også smittevernreglane vere så enkle som mogleg å forstå for folk.

Etter fleire månadar med nye tiltak og oppmjukingar både nasjonalt og lokalt, er det ikkje alltid enkelt å følgje med på kva lover og anbefalingar som gjeld.

Gjennom pandemien har det vore fleire eksempel både i Noreg og i utlandet på at dei som lagar lovane, slit med å følgje dei. Både i Irland og på New Zealand har ministrar mista jobben som følgje av brot på smittevernreglane.

I førre veke avslørte NRK at statsminister Erna Solberg og familien hadde brote anbefalingar og reglar om smittevern.

– Det har eg berre lyst til å beklage, sa Solberg.

Statsministeren i Noreg har no fått status som mistenkt etter at politiet oppretta ei sak om brot på smittevernforskrifta.

Orsakinga hennar kom kort tid etter at Ap nestleiar Bjørnar Skjæran beklaga seg for ein fest i Bodø, som kan ha vore i strid med lokale smittevernreglar. I dag skriv VG at Skjæran har blitt avhøyrt om festen.

Politiadvokat Hans Vang meiner tvilen rundt om Solberg og Skjæran faktisk har brote lova er eit godt eksempel på kor vanskeleg det er å følgje opp forskrifta.

– Og desse to sakene handlar om ein av dei mindre kompliserte delane av forskrifta, der definisjonen har vore den same sidan i fjor vår, seier Vang.

– Gråsoner

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad meiner det er viktig å ha moglegheit til å straffe folk for dei mest alvorlege brota på smittevernreglane. Andre handlingar meiner han er såpass komplekse og kvardagslege at det er betre å kome med anbefalingar enn truslar om bot eller anna straff.

På spørsmål om kvifor politiet ikkje kan straffe store heimefestar i Trondheim, svarer han at dette er eit eksempel på gråsoner i koronareglane

– No nærmar vi oss nokre gråsonetilfelle og då er det heilt klart vanskelegare, seier han.

Nakstad peiker på at det er forskjellar mellom kommunar når det kjem til påbod og anbefalingar rundt besøk i heimen, og at det er tydelege brot på smittevernforskrifta som i dei fleste tilfella har ført til bot.

Når du ser på bøtelegginga i Noreg har det skjedd der det har vore openberre brot, seier Nakstad.

Vanskelegare å gripe inn i heimane til folk

Under tysdagens formannskapsmøte i Trondheim var det ifølgje kommunedirektør Morten Wolden ein person som foreslo å lage ei formulering i den lokale forskrifta, som gjev politiet makt til å stoppe store samlingar av folk.

I dag var både Wolden og Hans Vang med på eit møte der dette vart drøfta.

– Ein må vurdere om situasjonen er så prekær at det er anledning for det opp mot grunnleggjande menneskerettar og retten til privatliv, seier politiadvokaten.

– Det viser seg at eit slikt påbod er vanskeleg å få til i private heimar. Når det er snakk om leigde lokale, er det enklare for politiet å gripe inn, seier kommunedirektør Wolden.

Dersom Trondheim kommune igjen vedtar ei slik forskrift, må politiet framleis vurdere om dei har lov til å gjere slike inngrep.

– Det er ein vanskeleg sak for både oss, politiet og naboar. Min oppfordring er at folk skjerper seg og ikkje har denne typen arrangement, seier Wolden.

LYST PÅ MEIR?: Her kan du sjå diskusjonen mellom juristane Hans Vang, Espen Nakstad og Sofie Høgestøl i Politisk kvarter i dag.