– Ein tendens dei siste to til tre åra er at fleire og fleire ikkje får til å betale.
Det seier styreleiar i Steinkjer Fotballklubb, Hermod Fledsberg.
Både ubetalt medlemskontingent og treningsavgift til fotballklubben utgjer dei nærmare 200.000 kronene som står ubetalt frå førre år.
Dette er summar styreleiaren ikkje trur at kjem til å bli betalt.
– Ingen skal bli kasta ut
Dei siste åra har summen av ubetalte avgifter til idrettslaget auka kraftig.
– No etter pandemien har det vore eit altfor stort hopp i dei ubetalte summane, forklarar Fledsberg.
Dette har konsekvensar for idrettslaget som må betale for leige av bane, innkjøp av utstyr og for apparatet rundt idretten.
– Då blir det mindre pengar me kan bruke på å lage aktivitet, seier Fledsberg.
Likevel er klubben oppteken av at dette ikkje skal gå ut over barna som har lyst til å spele fotball.
– Det skal ikkje gå ut over unge, lovande fotballspelarar. Ingen skal bli kasta ut av klubben fordi dei sjølv eller foreldre ikkje får betalt, seier styreleiaren.
Uroleg for framtida
Kjell Bjarne Helland, organisasjonssjef i Trøndelag idrettskrets, seier at det Steinkjer FK opplever, er ein kjend problematikk.
Då fleire familiar fekk ein strammare privatøkonomi under pandemien, merka dei at fleire kutta i utgifter knytt til barn og unge sine fritidsaktivitetar.
– Det skal ikkje finnast barn som ikkje har mogelegheit til eit tilbod, seier Helland i Trøndelag idrettskrets. Han oppmodar difor idrettslag som slit, om å ta kontakt med dei i Trøndelag idrettskrets for hjelp til å finne støtteordningar.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRK– Me måtte gjere nye val og då var kanskje fritidsaktivitetar noko av det fyrste me valde vekk, forklarar Helland.
Og den aukande prisauken i samfunnet gjer at fleire ikkje har råd til å betale for barna sine fritidsaktivitetar.
– Eg er stygt redd 2023 kan bli enda meir krevjande, seier Helland.
Aukande bekymring
Norges idrettsforbund er smerteleg klar over problemstillinga som gjeld heile landet.
Idrettspresident Berit Kjøll skriv til NRK at idretten har prioritert arbeid mot økonomi som barriere i mange år.
– No er vi bekymra for at denne utfordringa berre vil auke. Fleire familiar møter økonomiske utfordringar, og det kjem til å bli fleire barn som ikkje har råd til å drive med idrett. Vi må ha gode hjelpetiltak for dei som treng det, og vere førebudd på å auke innsatsen – og bruke meir pengar – på dette.
Berit Kjøll er bekymra for at utfordringa berre vil auke.
Foto: Håkon MosvoldKjøll viser til at staten og frivillige organisasjonar har skrive under på Fritidserklæringa. Der forpliktar partane seg til å jobbe for at alle barn skal ha mogelegheit til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.
Ho har tidlegare bedd regjeringa kome på banen.
– Eg opplever ein sterk positiv vilje hos både Kultur- og likestillingsministeren og barne- og familieministeren til å møte dei utfordringane samfunnet står overfor. Men det krev ein skikkeleg felles innsats der departementa og kommunane landet rundt bidreg saman med oss i idretten og frivilligheita, skriv idrettspresidenten.
Må stå saman for å finne løysingar
Steinkjer FK har gjennom forskjellige ordningar fått dekka om lag halvparten av dei ubetalte summane frå fjoråret.
– Me skal halde fram med å leggje til rette med utstyr, fotballsko, leggbeskyttarar og klede slik at dei som ikkje er vand med denne måten å drive idrettsaktivitet på, kan bli med.
Difor har dei ei eiga inkluderingsgruppe som jobbar med å søke støtteordningar.
Men utgiftene og mogelege støtteordningar varierer frå kvar i landet klubben held til.
Enkelte stader må klubbane betale for å leige av bane og hall. Andre stader eig klubbane hallen sjølv, eller får låne denne gratis av kommunen.
Og med det dei ser på som eit krevjande år i vente, håpar både Trøndelag idrettskrets og Steinkjer FK at idrettslaga, kommunane og det private næringslivet kan gå saman for å finne nye løysingar.
– Vi håpar det kan kome ordningar som gjer det lettare å få familiar med dårleg økonomi til å kunne betale og delta på denne typen aktivitet, seier Fledsberg i Steinkjer FK.