NRK Meny
Normal

Fire millionar for Hamrén

Det svenske fotballforbundet betalar fire millionar kroner til Rosenborg for at Erik Hamrén skal bli landslagstrenar.

Erik Hamrèn
Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Etter at drøftingane mellom Rosenborg og svenskane først braut saman, var det Erik Hamrén sjølv som tok initiativ til nye samtaler, skriv den svenske avisa Expressen .

Avisa skriv også at løysinga med at Erik Hamrén skal trene både Rosenborg og det svenske landslaget ut august neste år, var RBK sitt forslag.

Vil ikkje blande seg

Når Rosenborg startar jakta på ein ny hovudtrenar, vil Erik Hamrén halde seg borte.

Klubben må leite etter sin åttande hovedtrenar på sju år etter at Hamrén blei klar som svensk landslagstrenar.

– Om klubben spør meg, svarar eg sjølvsagt, men eg legg meg ikkje bort i dei sakene, seier Erik Hamrén til NRK.

Hamrén skal etter planen halde fram i Rosenborg til august 2010, men han kan gå tidlegare om klubben finn ein erstattar.

Ingen hastverk

Sportssjef i Rosenborg Erik Hoftun stolar på at svensken gjer jobben for seriemeisteren så lenge han må, og stressar ikkje med å få på plass ei ny trenar.

– Han vil vere hovudtrenar for Rosenborg og ha fokus på klubben, det er det ingen tvil om seier Hoftun til NRK.

Hoftun legg til at klubben vil bruke god til på å kartlegge marknaden og komme fram til gode kandidatar.

– Etter det startar runden med å finne ut kven som er den beste, seier Hoftun.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.