Hopp til innhold

Ein av ti sveiper på Tinder berre for underhaldning

Kevin (25) opnar ofte Tinder for å få stimuli i stille stunder. – Vi er blitt så vane med å skrolle og sveipe på ting for å få endorfinboost, seier han.

Kevin Johnsen

SVEIPEGENERASJONEN: Kevin Johnsen (25) sveiper på datingappar mest som tidsfordriv. Han er ikkje aleine.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Kevin Johnsen (25) frå Mjøndalen har alltid vore singel. Sidan vidaregåande har han vore på Tinder.

– Eg er der anten på veg til og frå skule eller jobb, eller om eg kjedar meg litt på kvelden.

Han seier sveipinga sjeldan fører til noko.

Kevin Johnsen

Det kan fort bli litt Tinder-sveiping på bussen, fortel fleire NRK har snakka med.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det er mest for underhaldning, vil eg sei. Men eg sjekkar bioar og sånt på dei eg synest er interessante. Så det er ikkje heilt utan tanke.

Dating som sideprosjekt

I ei studie Norstat har gjort for NRK, svarte ein av ti at dei berre sveiper for å få tida til å gå og for å underhalde seg sjølv.

Då NRK Nyheter spurde på Instagram, bekrefta fleire av følgarane akkurat det:

Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål
Instaspørsmål

I tillegg til å vere på Tinder, er Kevin innimellom òg på Grindr. Han seier det er forskjell på korleis dei to appane brukast.

– Grindr er blitt ein slags hooke-app. Skal du ha et ligg er det der du går. Medan Tinder er litt meir seriøst, og sidan eg ikkje er så gira på one night stands, så går eg ofte heller til Tinder.

Kevin Johnsen

Tinder er underhaldning og tidsfordriv for mange, deriblant for Kevin.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Kevin trur ein god del av oss nærast underbevisst oppsøker sjekkeappar i søken etter stimuli og endorfinboost.

I tillegg har han ei følelse av at dating for mange er blitt eit slags sideprosjekt.

– Typ: «No har eg ikkje noko betre å gjere, kanskje eg skal sjekke litt rundt då».

Kevin Johnsen

Kevin tør ikkje legge for mykje energi i datingappar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Har Kine (26) sveipa forbi draumemannen?

26 år gamle Kine har vore på Tinder i åtte år. Måten ho brukar appen på har endra seg med tida. No brukar ho den mest som tidsfordriv.

– Eg veit det er blitt eit kjent fenomen at Tinder ikkje blir brukt til den funksjonen den vart laga for. Og eg er kanskje med på å bidra til dette.

Ho trur folk blir meir kresne no som alt er blitt så lett tilgjengeleg, og at dette kan føre til at ein sveiper vekk personar ein eigentleg kunne funka godt saman med.

– Det kan godt vera eg har sveipa meg forbi mannen i mitt liv. Han kan ha vore verdas snillaste, kulaste og morosamaste. Men korleis skal eg kunne sjå det på ein app? Det følast så upersonleg å sveipe seg gjennom folk.

  • Tinder vart nettopp saksøkt for å øydeleggje for kjærleiken. Les meir her:

Les også Selskapet bak Tinder og Hinge er saksøkt for å utnytte single

Ho trur mange kan tenke at sjølv om dei ser nokon dei liker, er det sikkert nokon betre viss dei berre fortset å bla.

– Du ser så ekstremt mange menneske. Det er så mange fiskar i havet. Og då blir det vanskeleg å tru at den fisken skal vera den beste fisken for meg. Dette skal vera fisken eg vil vera med, seier Kine.

Kine (26) står inne på et hvitt og beige kjøkken og ser ned på mobilen sin.

Kine (26) er redd ho sveiper vekk menn ho eigentleg kunne klaffa med.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Maria (20) vil sjå utvalet

Maria Hårstad Leikvang (20) brukar Tinder når ho sit på bussen, båten eller ser ein kjedeleg film.

– Det er oftast når eg ikkje har noko å gjera på, fortel ho.

Ho seier det er spennande å sveipe for å sjå kva ulike folk som finst der ute.

– Det er kjekkare å sjå på profilar enn å skrive til dei. Det er liksom mindre jobb. For det tek meir tid og meir hjernekapasitet å skulle formulere gode meldingar.

Også Ingrid (20) opnar Tinder når ho kjeder seg.

– Av og til sveipar eg saman med venninner som òg har ein profil, men det er oftast på kveldane når eg er åleine og ikkje har noko betre å gjera på at eg gjer det.

Ingrid (20) sitter i en sofa og ser ned på telefonen

Ingrid (20) har vore på Tinder i nokre månadar.

Foto: Per Kåre-Sandbakk / NRK

Liva (18) har vore på datingappar i to år, og har testa ut litt forskjellige. Ho seier datingappane fort blir eit slags tidsfordriv der ein berre sit og sveipar litt når ein har ei ledig stund, og at ein gjerne dreg den fram når ein kjedar seg og treng underhaldning.

– Det er ein slags koseleg liten aktivitet der ein kan komme i kontakt med folk. Det er og kjekt å berre sitte og sjå på profilar for å sjå om det er nokon ein kunne fått ein god tone med.

Hvorfor er/har du vært på Tinder eller andre datingapper?

Appane skaper ein distanse

– Mange er i utgangspunktet på jakt etter ein partnar. Men så har appen òg ein stor underhaldningsverdi. Når og korleis ein bruker den avheng gjerne av kva situasjon ein er i. Nokre kan dra den fram og hive den opp på TV-en under eit vors, så sveiper ein i fellesskap.

Det seier Line Hatleskog. Ho har skrive ein master i korleis me bruker Tinder for å bli kjent med kvarandre.

Line Hatleskog ved Universitetet i Bergen har skrevet master om Tinder. Hun står ute på gaten og ser inn i kamera. Hun har på seg runde briller og en svart jakke som er åpen. Innenfor har hun en blå strikket genser.

Line Hatleskog seier kvinner sveiper ja på ein god del færre enn menn.

Foto: Oskar Rennedal

Ho seier at det kan gi folk ein sjølvtillitsboost å sveipe og få matchar, sjølv om ein ikkje gjer noko vidare med matchen. I tillegg trur ho at mange kan gløyme at det er faktiske personar ein ser på, og at dei ser tilbake på deg.

– Tinder og andre datingappar eksisterer i ei litt anna tidssone. Du kan bruke så lang eller kort tid som du måtte ynskje på det, og svare når du måte ynskje.

Det er stor forskjell på måten kvinner og menn bruker appane, ifølgje Hatleskog:

– Dei har ei litt forskjellig tilnærming til sveiping. Menn matchar gjerne med nesten alle, og tek utveljingsprosessen når dei ser kven dei har matcha med. Kvinner er derimot meir selektive.

Ei studie på 3600 Tinder-brukarar viser at kvinner på Tinder er meir kresne enn menn. Der menn sveiper til høgre på nesten 62 prosent av kvinnene, men berre 4,5 prosent av dei får ein like av kvinnene.

Tinder på mobil

7 av 10 unge nordmenn bruker eller har brukt sjekkeappar, viser ei NRK-undersøking. Tinder er verdas mest brukte app for dating og sjekking.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det finst lyspunkt

Ja, dette kan virke veldig demotiverande. Éin av tre seier faktisk at dei har fått mindre tru på kjærleiken etter å ha brukt Tinder og liknande datingappar.

Julie (26) har fortalt NRK om akkurat det:

Julie Bratseth Håkonsen

Julie (27) har mindre tro på kjærligheten etter å ha vært på datingapper

Kevin kjenner seg igjen.

Eg har ikkje nødvendigvis så mykje håp for datinglivet mitt generelt, så då tør eg ikkje å legge meir energi i det enn ein casual sveip nå og da, for å spare meg sjølv for å bli investert og eventuelt få sjølvbilete senka ytterlegare.

Men Kevin, Julie og alle dykk andre: Det finst håp! For undersøkinga som NRK har fått gjort viser at over sju av ti er på datingappar fordi dei vil ha eit langvarig forhold.

– Det hadde vore koseleg å treffe nokon på ein fest eller noko, og så haldt på kontakta seinare, seier Kevin.

Kevin Johnsen

Kevin vil helst treffe ein kjærast i det verkelege liv.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Hei!

Så fint at du har lest hele veien ned hit! Har du en historie om dating eller kjærlighet som andre bør høre om? Har du et tips, eller noe du tenker på etter at du har lest denne saken? Send oss en epost da vel!

  • Lese meir? Ta ein kikk på desse sakene:

Illustrasjon av Love Hearts med sinte beskjedar som "you suck", "eat shit" og "not you".

Seks ting du kan gjere om du er bitter på eksen

Illustrasjon av kvinne som får orgasme.

Sju grunnar til at onani kan vere bra for deg

26/2: Oppdatert med ordforklaringar på nokre uttrykk.