Hopp til innhold

Ny litauar tiltala i BMW-saka

Dei omfattande tjuveria frå BMW-bilar i fjor haust fører ein ny litauar i retten, melder Adresseavisen. Ein 29 år gammal mann skal møte i Oslo Tingrett i neste veke.

Tyveri fra dyr BMW i Trondheim

Ei rad BMW-ar fekk ruter knuste og utstyr vart fjerna av tjuv som var ute etter verdfullt utstyr i fjor haust. Her ein bil i Trondheim.

Foto: Morten Andersen/NRK

29-åringen skal ha utført 17 tjuveri frå personbilar i Trondheim og Bergen, ifølge tiltala, alle frå bilar av merket BMW.

Frå bilane stal han navigasjons-einheiter, ratt og andre verdfulle delar inne i bilane.

Omfattande tjuveri-sak

I alt er no 13 personar pågripne i den omfattande saka, der bileigarar med denne typen bil vart utsette for innbrot i køyretøyet sitt over heile landet, frå Trondheim og sørover.

Fram til oktober i fjor hadde politiet registrert 200 BMW-innbrot på tre-fire månader.

Innbrudd i BMW

Politiet fekk nok å gjere med alle innbrota i fjor haust. Her frå politiet sitt bevismateriale.

Foto: Politiet

Tjuvane opererte stort sett to og to når dei var på oppdrag i Noreg.

Politiet har meint at dei opererte som reine bandar. Tjuvegodset gjømte tjuvane ute i naturen, før dei freista frakte det ut av landet.

Ei stor etterforskning har vore i gang og førte mellom anna til at ein god del tjuvegods vart funne att på lager i Litauen.

Tyveri fra BMW i Trondheim

Denne bilen mangla plutseleg rattet.

Foto: Morten Andersen/NRK

Ein 27-åring er allereie dømt i Oslo tingrett. Han vart i sommar tatt på fersken i Meråker, på veg mot grensa med eit lass stolne BMW-delar i ein lastebil.

Denne mannen fekk 21 månaders fengsel, skriv Adressa.

Er ikkje avhøyrt

29-åringen som no skal i retten skal så langt ikkje ha late seg avhøyre. Men politiet meiner dei har gode bevis i saka som kjem opp 12.september.

Trøndelag vart sterk råka av denne tjuveribølgja. Svært mange BMW-eigarar i Trondheim fekk bilane sine øydelagde og strippa av tjuvar som politiet kategeriserer som å ha vore på reine soldat-raid her i landet.

Politiet måtte til slutt gå ut og be alle BMW-eigarar med garasje om å få bilane sette inn om natta.