Hopp til innhold

Det omstridde gjerdet i «Trondheims Dubai» blir sak for departementet

Advokat Elling André Lillefuhr har lenge vore tydeleg på at gjerdet ved Grilstad Marina i Trondheim er ulovleg. No har han løfta saka til statsnivå.

Gjerde på Grilstad Marina.

– ULOVLEG: Advokat Elling André Lillefuhr meiner gjerdet ved Grilstad Marina i Trondheim er ulovleg. Han seier at kommunen er inhabil, og løftar saka til eit høgare organ.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Debatten har rast rundt gjerdet på Ranheim, som hindrar badegjestar å bade der.

Grilstad Marina har blitt omtalt som «Trondheims Dubai» – med lekre leilegheiter og badeplassar.

Gjerdet vart sett opp som eit sikkerheitstiltak i mai, etter mange år med klager på uro, støy og farlege situasjonar som har vore knytt til bading.

Fleire har sett spørsmålsteikn ved om det omstridde gjerdet er lovleg.

– Strandlova er klar, og dette gjerdet er ulovleg, sa Lillefuhr til NRK i midten av juni.

Saman med Ranheim-bebuar Kristian Karila har advokaten sendt brev til Klima- og miljødepartementet, der dei ber departementet om å behandle saka om gjerdet.

Det var avisa Nidaros som omtalte saka først.

Bebuar: – Veldig merkeleg

– Det er det einaste gjerdet eg har sett på eit slikt type område som er eit offentleg friareal, så eg synest jo det er veldig merkeleg, seier Kristian Karila (38) til NRK.

Han seier at om ein skal setje opp eit slikt gjerde, må det også vere lov for andre å gjere det same på ein liknande plass.

– Og då kan ein jo eigentleg berre gløyme å lage slike friluftsområde.

Karila bur sjølv i området på Ranheim, og fortel at han sende ei klage om dette til byggjesakskontoret i Trondheim i mai.

Etter at han fekk avslag på den første byggjesaka, tok advokat Lillefuhr kontakt med han.

Saman tok dei saka vidare.

Advokat Lillefuhr: – Kommunen bør tenkje seg om

– Departementet kan få gjerdet fjerna med ei oppmoding til kommunen. Enten med bøter eller ei politimelding, seier Lillefuhr.

Han er advokat i firmaet Legalconsult i Trondheim.

Advokaten er klar på at saka kan omfattast av regelverk i plan og byggingslova. Lillefuhr fortel også at Miljødirektoratet har utarbeida ei eiga rettleiing, med reglar for fjerning av ulovlege stengsel i strandsona.

Elling André Lillefuhr

ADVOKAT: Elling André Lillefuhr har engasjert seg sterkt for gjerdet ved Grilstad Marina i Trondheim. Han meiner kommunen er inhabil, og ber Klima- og miljødepartementet om å sjå på saka.

Foto: Esther Flytkjær

I brevet til Klima- og miljødepartementet peikar han på at Oslo kommune har praktisert dette heilt annleis i bustadområde ved Tjuvholmen og Sørenga, som er etablerte ved offentlege friluftsområde i strandsona.

Lillefuhr meiner at Trondheim kommune har vore inhabile i si saksbehandling av gjerdet på den populære badeplassen.

Eitt alternativ nemner han; å få ein annan kommune til å gjere ei vurdering. Ein såkalla settekommune.

– Forhåpentlegvis burde vel eigentleg Trondheim kommune setje seg ned å tenkje seg om, og vurdere om dei ynskjer at statlege organ, og særleg departementet, skal bestemme om gjerdet skal fjernast, seier han.

Kommunen: – Ei vanskeleg sak for oss

– Vi har tenkt oss mykje om, og vi synest at saka er veldig vanskeleg.

Det seier Tomas Eidsmo, teknisk sjef i Trondheim kommune, når NRK ber han om å kommentere utsegna til advokat Lillefuhr.

Han seier at kommunen førebels ikkje har høyrt noko frå departementet, men at dei ventar at dei vil ta kontakt etter kvart.

Tomas Eidsmo, teknisk sjef i Trondheim kommune

– VANSKELEG SAK: Tomas Eidsmo, teknisk sjef i Trondheim kommune, synest saka om Grilstad Marina er vanskeleg.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Trondheim kommune vil gjere ei vurdering av situasjonen, uavhengig av saka hos departementet, fortel han.

Han er tydeleg på at dette er eit prøveprosjekt, som skal gjerast i samband med relevante aktørar, som politi og redningsetaten.

– Vi har heile tida vore opptekne av at Grilstad Marina er eit offentleg friareal som byen sine innbyggjarar skal kunne nyte godt av, seier Eidsmo.

Kommunen kom fram til at gjerdet skulle settast opp i samarbeid med politiet, Trøndelag brann- og redningstjeneste og Trondheim Havn.

Ranheim-bebuar: – Trur vi har ei god sak

Karila har sett tilsvarande saker der private og offentlege har sett opp gjerde og stenglar der dei har fått gjennomslag for fjerning. Mellom anna eit badeområde i Nordre Follo som har fjerna skilt som var til hinder for bading.

– Kommunen har sagt dei vil vurdere andre vedtak, men kva dei eigentleg tenker å gjere har dei ikkje svart på, seier bebuar Karila.

– Så eg trur dette er ei god sak for oss, seier han.

Klima- og miljødepartementet bekreftar i ein e-post til NRK at dei har motteke brevet, men dei har ikkje gjort noko med det på grunn av ferieavvikling.