NRK Meny
Normal

Denne appen kan redde liv

Ein enkel app på telefonen skal kunne diagnostisere gulsott hos nyfødte. Det var ein av fem oppfinningar som fekk stor merksemd under konferansen i samband med innovasjonsdugnaden «Visjon 2030» ved NTNU tysdag.

Slik fungerer appen som kan påvise gulsot hos nyfødte

Forskarar har utvikla ein ny telefonapp som skal diagnostisere gulsott hos nyfødte.

– Me utviklar ein app som skal diagnostisere gulsott hos nyfødte. Globalt er dette eit stort problem. 114 000 nyfødte dør og 65 000 får permanente hjerneskader kvart år, fortel student ved NTNU, Gunnar Vartdal.

Han har utvikla telefonappen i lag med professor i optikk ved NTNU, Lise Randeberg og barnelege ved St. Olavs hospital i Trondheim Anders Aune. Tysdag fekk dei vise den fram under konferansen i samband med Innovasjonsdugnaden «Visjon 2030».

God respons

Randeberg forska på dette for femten år sidan og hadde trudd at forskinga skulle bli liggjande i skuffa. Men med inntoget av smarttelefonar og ny teknologi kom forskinga til nytte.

– Det er fantastisk gøy, og styrken her er teamet bak appen, seier ho.

Barnelege ved St. Olavs Hospital i Trondheim, Anders Aune, seier dei har vore i ferd med å gi opp.

– Dette starta berre som ein liten ide og tidvis har me tenkt at det ikkje låg noko potensiale her. Difor er det særs artig med den responsen me får og det inspirerer oss til å arbeide vidare med det, seier Aune.

Avansert teknologi

Teknologien ser enkel ut, men det er ikkje noko ein fjortenåring kunne ha snekra saman på guterommet, seier Vartdal.

– Det baserer seg på særs avanserte matematiske utrekningar og er ikkje noko ein fjortenåring kunne ha fått til på guterommet. Det er jo eigentleg litt synd, fordi det då mest sannsynleg hadde vore tilgjengeleg allereie, seier Vartdal.

Men samstundes seier han at teknologien er avansert, men ikkje utruleg avansert.

– Eg er kanskje litt forbausa over at ingen har gjort det før, seier Professor i optikk ved NTNU, Lise Randeberg.

Dyre apparat

Vartdal fortel at apparata som i dag kan diagnostisere gulsott er svært dyre.

– Dei billigaste apparata som fins i dag kostar rundt 10 000 dollar. Me vil få ned prisen til ein promille av denne kostnaden, seier han.

Han demonstrerer korleis appen verkar og fortel at dei no har utvikla ein prototype.

– Me tek då bilete av brystet til den nyfødte og me får då ein måling. Denne målinga viser raudt og det betyr at dette barnet har behov for behandling så fort som mogleg for å unngå hjerneskade og død.

Dei håpar å få ein endeleg versjon av appen ut på marknaden ganske snart.

– Me håpar me kan lansere appen i Noreg i byrjinga av 2016, fortel Vartdal.

Inspirerande arbeid

Utanriksminister Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende besøkte tysdag konferansen ved NTNU i samband med Innovasjonsdugnaden «Visjon 2030».

Foto: Petter Moen Nilsen

Utanriksminister Børge Brende tykkjer det er særs inspirerande å sjå at ein gjennom bruk av teknologi kan redde barn. Han besøkte tysdag konferansen ved NTNU i Trondheim.

– Kombinasjonen av at ein kan nå dei 59 millionar barna som ikkje har tilgang på utdanning og at ein kan redde livet til fleire barn er særs inspirerande.

Han viser då til oppfinninga av telefonappen til Randeberg, Aune og Vartdal.

– Utviklinga av denne appen viser at det nyttar å forske og utvikle teknologi for å hjelpe fattige barn, seier Brende.

Utanriksministeren lanserte i samband med konferansen ved NTNU ei ny konkurransebasert finansieringsordning der ein kan få inntil 50 millionar kroner årleg til oppfinningar som kan vere med å overvinne fattigdom. Midla skal gå til oppfinningar slik som telefonappen som skal diagnostisere gulsott.

Utrydde ekstrem fattigdom

I pressemeldinga skriv departementet at middela skal gå til forskings- og utdanningsmiljø, norsk næringsliv, organisasjonar og andre med lovande prosjekt innan helse og utdanning. Ordninga skal bli ein del av oppfølginga av den nasjonale innovasjonsdugnaden «Visjon 2030» som i dag hadde 400 deltakarar i Trondheim.

– Desse midla skal gå til forskarar som ser moglegheiter til å kunne bidra til oppfinningar innanfor helse og utdanning, som kan vere med på å utrydde ekstrem fattigdom, seier han.

Lansert i 2014

Regjeringa lanserte innovasjonsdugnaden «Visjon 2030» i 2014, og over 100 bidrag er komne inn. Tretti av desse vart vist fram og diskutert på konferansen i Trondheim måndag og tysdag. Det har mellom vorte utvikla nye metodar for å hjelpe barn i krigsområde med stresshåndtering, til nettapplikasjonar for ei rekkje helse- eller utdanningsformål og tekniske nyvinningar som solcellelamper som ladar mobiltelefonar.

Utanriksministeren tykkjer det er imponerande å sjå kvaliteten og originaliteten på bidraga som er komne inn.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

App skal diagnostisere gulsott hos nyfødte

Forskarar har utvikla ein ny telefonapp som skal diagnostisere gulsott hos nyfødte.

Foto: Petter Moen Nilsen

Dyktige forskarar

– Me har svært dyktige kompetansemiljø i Noreg. Gjennom den nye finansieringsordninga håper me å bidra til at enda fleire blir med på innovasjonsdugnaden og at dei beste løysingene raskare kan bli realisert.

Utanriksministeren seier denne satsinga er svært viktig for han.

– For å nå det ambisiøse målet om å utrydde all ekstrem fattigdom i verda innan 2030, må me tenke nytt om helse og utdanning. Me må finne nye løysingar, ny teknologi og nye måtar å gjere ting på. Dette er ein global dugnad der Noreg har dei beste føresetnadene for å bidra, slik denne innovasjonsdugnaden viser, seier utanriksminister Børge Brende.

NTNU viktig medspelar

Han peikar særskilt på tilgangen til elektrisitet.

– Det er til dømes 1,3 milliardar menneske som ikkje har tilgang til straum. Det må me gjere noko med, for utan tilgang på energi får me ingen utvikling. Samstundes så må me frikople dette frå nye C02-utslepp og her trur eg NTNU kan spele ei viktig rolle i å utvikle ny teknologi for å få til dette, seier utanriksminsiter Børge Brende.

Utanriksminister Børge Brende såg på 5 av dei tretti oppfinningane som vart diskutert på konferansen.

– Dette er fem oppfinningar som kan gi barn som veks opp ulike stadar i verda eit betre liv og moglegheiter innanfor helse og utdanning, som er to viktige berekrafts- og tusenårsmål, held ministeren fram.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.