– Me vatnar helst om natta slik at minst mogeleg fordampar og held seg i jorda.
Det seier Idun Bratberg i Norsk landsbruksrådgjeving.
I Frosta kommune får dei lov til å brukt vatn frå det kommunale vassverket på dei aller fleste åkrar. Vasskjelda er Hovdalsvatnet på Frosta, og der er det enno bra med vatn.
– Det er særleg bær og grønsaker som treng godt med vatn no for å bli skikkeleg modne.
Bøndene må skaffe vatn sjølve
Men Frosta er den einaste kommunen i Nord-Trøndelag der bøndene får bruke av det kommunale vatnet. Det seier Paul Arne Tilset i landbruksavdelinga til fylkesmannen.
– Elles i fylket har bøndene stort sett eigne ordningar. Då pumpar dei vatn frå innsjøar, dammar og elver, legg det i røyrgater fram til åkrane sine og brukar vatningsmaskiner.
– Men når det er så tørt og varmt som no, vil nok mange bønder få problemer, seier Tilset.
- LES OGSÅ: Se dette nymotens fugleskremselet
Mindre og ikkje så saftige
Sjølv om bøndene har betre tilgang på vatn i Frosta kommune enn i andre kommunar i fylket, slit likevel bæra og grønsakene i varmen der òg.
– Sesongen blir òg kortare for frukt og bær når det er varmt, forklarar Idun Bartberg.
(artikkelen held fram under bilete)
– Vanlegvis varar jordbærsesongen i seks veker. Då har me jordbær til langt ut i august her i Trøndelag. Men denne sommaren er den i staden på tre-fire veker, og allereie denne veka er fleire jordbærfelt ferdigplukka for i år, seier Bratberg.
Veks bæra for fort blir dei ikkje slik me vil ha dei.
– Bæra blir mindre i storleik og dei blir mindre saftige, fortel ho.
– Når det blir mindre bær i kilo og kortare sesong, blir det lågare inntekt for bøndene.
Forbod mot hagevatning
Det er ikkje berre bøndene som slit. Folk har òg problem med tørre hagar.
I fleire kommunar i Nord-Trøndelag er det no forbode å vatne plenar og hagar. Nokre kommunar nøyer seg med å oppmode folk om å ikkje vatne.
– Det er spesielt hagevatninga som er problemet, seier Berit Slåttnes Aune i Inderøy kommune.
– Me har eit høgt døgnforbruk no. Vassbassenga er nedtappa og me greier ikkje å rense nok vatn til å halde tritt med forbruket. Derfor oppmodar me no folk om å ikkje vatne hagane sine.
- LES OGSÅ: – Blir en øde ferieøy uten landbruket