Hopp til innhold

Ny smittetopp i Noreg: Mange personar i tjueåra er smitta i Trondheim og Bergen

Aldri før er fleire blitt registrert smitta av covid-19 i Trondheim og Bergen.

Studetner utenfor Studentersamfundet i Trondheim under fadderuka 2021.

MYKJE FOLK: Slik såg det ut utanfor Studentersamfundet i Trondheim tidlegare denne veka.

Foto: Bertil Lernæs

113 nye personar er smitta av koronavirus i Trondheim siste døgn.

Aldri før er fleire blitt registrert smitta av covid-19 i Trondheim. I tillegg er det meldt inn cirka 100 positive hurtigtestar som no skal følgast opp med PCR-test.

88 av dei smitta i Trondheim er mellom 20 og 29 år.

– Mange av dei smitta er studentar, seier Elizabeth Kimbell.

Ho er fungerande kommuneoverlege i Trondheim.

– Det er ikkje overraskande sidan vi har eit stort utbrot i studentmiljøet no, seier Kimbell.

Alle som fekk positiv PCR-test i går skal ha fått ein SMS frå kommunen om kva dei skal gjere no som dei er smitta.

Kommunen ønskjer at dei som har testa positivt på ein hurtigtest sender e-post til:

positiv-hurtigtest@trondheim.kommune.no

Dei som jobbar med smittesporing sørgjer då for å setje deg opp til ein prioritert PCR-test.

Roald Nes jobber med vaksinering av koronavaksine i Bergenshallen

REKORDMANGE: 129 nye koronasmitta i Bergen siste døgn er det høgaste talet sidan pandemien kom til byen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

Smittetopp fleire stader i landet

Det er registrert 129 nye koronasmitta i Bergen sidan i går.

– Det er det høgaste talet sidan pandemien starta, og dobbelt så høgt som landssnittet no, seier kommunens smittevernoverlege Egil Bovim.

Aldersgruppa 20–29 år dominerer framleis (69 smitta), men det er litt større aldersspreiing på tala i dag.

38 har ukjent smitteveg og fire er smitta i utlandet.

Også i Stavanger har smitta eskalert etter skulestart. Denne veka har dei gått frå 16 smitta på måndag, til 41 på torsdag.

Ikkje sidan januar har tala vore så høge.

I tillegg opplever dei at online-bookinga for koronatesting har brote saman.

Kommunen si IT-avdeling jobbar med å få systemet opp igjen.

– Vi har ledige testtimar i kveld, men når alle nå må ringe oss, så kjem dei ikkje gjennom, seier direktør for helse og velferd i Stavanger kommune, Eli Karin Fosse.

Ho meiner smittesituasjonen er alvorleg, sidan det framleis er mange som berre har fått ei vaksinedose.

– Folk kan framleis bli alvorleg sjuke, sjølv om sjukdomsbyrda er mykje mindre og det er færre som blir lagt inn på sjukehus, seier Fosse.

Ny nasjonal smittetopp

Smittetala held fram å auke i Noreg, og det siste døgnet er det blitt registrert nok ein smittetopp. 1.415 registrerte koronasmitta er 730 fleire enn same dag i førre veke, og 121 fleire enn dagen før. 65 smitta er innlagt på sjukehus i Noreg no.

– Eg er uroa for situasjonen. Det er også årsaka til at regjeringa ikkje opna opp for halvanna veke sidan, slik som planen var, men skyvde på det, seier helseminister Bent Høie (H).

Hovedbygget ved NTNU sett fra lufta

BER OM AVLYSING: Kommunen, NTNU og Studenttinget oppmodar til at resten av fadderveka ikkje blir gjennomført.

Foto: Morten Andersen / NRK

Oppfordrar studentane om å avlyse fadderveka

Leiinga i Trondheim kommune, NTNU-rektor Anne Borg og leiaren for studenttinget, kom i dag med ei «felles, sterk oppfordring» til studentane om å avlyse siste del av fadderveka og andre sosiale aktivitetar dei nærmaste dagane.

– Eg vil anbefale alle dei andre utdanningsinstitusjonane om å gjere det same. Eg meiner det er viktig at vi står saman om å få kontroll på smitten sånn som koronasituasjonen er i Trondheim no.

Trondheim kommune heldt pressekonferanse om smittesituasjonen fredag klokka 13.30. Du kan sjå opptaket av pressekonferansen, og lese om kva som vart sagt på den her.

Opprettar eigen koronatelefon for studentar

NTNU samarbeider med kommunen og Studentskipnaden om å setje saman eit apparat som kan avlaste kommunen sin koronatelefon og få informasjon ut til dei studentane som er smitta eller som bur saman med folk som er smitta.

– Vi jobbar på høgtrykk med det, seier Roar Tobro, konstituert organisasjonsdirektør ved NTNU.

Fadderveka i Trondheim byrja 16. august. Utbrotet i studentmiljøet vart kjent måndag denne veka. Fungerande kommuneoverlege Elizabeth Kimbell sa då at situasjonen i studentmiljøet var uoversiktleg.

– Kvifor kom de ikkje med oppfordringa om å avlyse faddervekene tidlegare?

– Det var først i dag tidleg at vi fekk bilete av at ein så stor andel av dei smitta skal vere studentar, svarar Tobro.

Anbefaler andre studiestader å avlyse fadderveka

Leiaren for Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, Ellinor Lindström stiller seg bak oppfordringa til NTNU.

– Eg anbefaler dei andre utdanningsinstitusjonane om å gjere det same, seier ho.

Lindström meiner det er viktig at alle utdanningsinstitusjonane i byen står saman om å få kontroll på smitten sånn som koronasituasjonen er i Trondheim no.

– Vi må hugse at vi også har mange studentar i byen som ikkje studerer ved NTNU, seier ho.

 Ellinor Lindström, leder av Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

MÅ STÅ SAMAN: Ellinor Lindström, leiar av Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, oppfordrar alle høgskular om å avlyse fadderveka i Trondheim.

Foto: Privat

– Mange av mine faddersjefar har tatt anbefalinga på alvor og derfor avlyst og avslutta arrangementa sine.

Det seier kommunikasjonsansvarleg i Faderutvalget Dragvoll, Ingeborg Bolstad.

Fadderutvalet Dragvoll arrangerer fadderveka for rundt 3000 av dei rundt 15.000 nye studentane, som byrja å studere i Trondheim i førre veke.

Studentane fekk oppfordringa på e-post i går fortel ho.

Fadderuka 2021

STØTTAR OPPFORDRINGA: Ingeborg Bolstad i Fadderutvalget Dragvoll ved NTNU

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

Faddersjefane på Dragvoll som ikkje har avlyst enda, skal ha møte om dette med sine fadderstyrer i dag, fortel ho.

– Eg meiner det er heilt riktig at kommunen, NTNU og Studenttinget kjem med denne oppfordringa.

– Om nokon held fram har dei endra på opplegget slik at smitteverntiltaka kan bli halde, slik som det er krav om, men det er ytst få eg har høyrt om som planlegg å arrangere noko i heile tatt, seier Bolstad.