Hopp til innhold

Is­smeltinga i Arktis har gått saktare dei siste åra – no veit forskarane kvifor

Trass varmare klima, har havisen bremsa opp i fleire år. Det kjem truleg av uvanleg vêr og kaldare vatn frå sør.

Havis

Forskarane trur havisen i Arktis vil smelte endå raskare framover enn han har gjort dei siste 15 åra.

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Klima i verda blir stadig varmare, og i juli vart ein historisk varmerekord sprengd.

Samtidig som kloden blir varmare, har issmeltinga i Arktis minka dei siste åra.

Randi Ingvaldsen og Øystein Skagseth frå Havforskingsinstituttet (HI) har vore med å skrive ein artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Science som har svaret.

– Dei siste 15 åra har trenden i ismeltinga minka, og det vi har funne er at det stort sett skuldast unormalt ver, forklarer Ingvaldsen.

Endra vindretning

Isen smeltar framleis i Arktis, men dei 15 åra har altså smeltinga vore meir stabil.

– Vindretninga har endra seg, og det endrar då igjen havstraumane i Arktis. Havstraumane transporterer med seg is og ferskvatn, og når dei endrar seg fører det til endringar i smeltinga, seier Ingvaldsen.

Randi Ingvaldsen i Havforskningsinstituttet.

Randi Ingvaldsen er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Privat

I tillegg kjem det også inn vatn frå Atlanterhavet frå sør, og det har også vorte kaldare dei siste åra, som også bidreg til at mindre is smeltar.

Ho forklarer at det framleis er mindre is i Arktis enn for 40 år sidan, men at smeltinga har heldt seg jamn på grunn av den snudde vindretninga.

Les også Massedød hos keiser­pingviner i Antarktis

– Vil ikkje vare

– Vi er allereie på veg ut av denne unormale situasjonen. Vi trur nok dessverre at issmeltinga vil ta seg opp igjen, seier Ingvaldsen.

Ho fortel at dataet viser at ting er på veg tilbake til slik dei var før vindretninga snudde.

– I tillegg veit vi at det kjem varmare vatn inn frå sør, som også bidreg til at det blir mindre is.

– Alle klimakomponentar har ein komponent av naturleg variabilitet, også har vi menneskeskapt variabilitet. Når det gjeld at Atlanterhavet har vorte kaldare, er det ein naturleg variabilitet.

Les også Forskningsskip nådde Nordpolen før tiden: – Det er foruroligende at det er så lite is

Borte halvvegs i hundreåret

Jan-Gunnar Winther, direktør for Senter for hav og Arktis, er tydeleg på at det varmare klimaet har ein konsekvens for isen i Arktis.

Jan-Gunnar Winther

Jan-Gunnar Winther, direktør for Senter for hav og Arktis.

Foto: Marius Fiskum / Marius Fiskum

Det generelle biletet er at polarområda, både i nord og sør, har ei sterkare oppvarming enn det globale gjennomsnittet. Det har vore spesielt synleg når det gjeld havisen i Arktis, seier Winther.

For sjølv om variablar påverkar smeltinga, blir Arktis varmare.

Det er også naturlege svingingar, slik arbeidet til HI viser, så det er ikkje slik at ein set rekord kvart år, men utviklinga har vore veldig tydeleg på at det har vore ein dramatisk reduksjon i havisen, seier Winther.

Forskarar diskuterer om havisen i Arktis kan vere borte på sommartid før midten av dette hundreåret.

Ulike klimamodellar viser ulikt, men at det blir ei stor endring er nok å forvente, seier Winther.

Les også Blir varma opp raskast i verda: No skal nytt verktøy gi betre overvaking

Grafikken viser temperaturen i Arktis i 2022 sammenlignet med gjennomsnittet de siste 100 årene.