Hopp til innhold

Noreg vil samarbeide med USA og Canada i Ny-Ålesund

Norsk Polarinstitutt tar denne veka imot amerikanske og canadiske forskingsmiljø på Svalbard. Målet er samarbeid om polarforsking.

Direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke, og Dimitri Kusnezov, Under Secretary for Science and Technology i amerikanske Department of Homeland Security i Ny-Ålesund forskningsstasjon.

Direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke, og Dimitri Kusnezov frå det amerikanske Department of Homeland Security. Onsdag besøkte dei Ny-Ålesund forskingsstasjon.

Foto: Geir Gotaas / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Statlege forskingsmiljø frå USA og Canada har sidan tysdag vore på besøk på Svalbard. Onsdag tok dei saman med Norsk Polarinstitutts leiing turen til den norske forskingsstasjonen på Ny-Ålesund.

– Vi har vist fram fasilitetane og laboratoriet våre. Vi har vist fram korleis vi driv ein forskingsstasjon av høg kvalitet i Arktis, fortel direktør Camilla Brekke.

Delegasjonane er nærare bestemte frå amerikanske Department of Homeland Security Science and Technology Directorate, og canadiske Office of the Chief Science Advisor.

Les også Norsk forskningsskip «forfulgt» av russisk spionskip i 18 timer

Det russiske skipet YANTAR observeres fra KRONPRINS HAAKON. KV Barentshav i bakgrunnen.

Kan samarbeide om tokt

Saman ser dei nå på moglegheita for eit forskingssamarbeid rundt klima- og polarspørsmål.

– Vi er nå i diskusjonar der vi ser på moglege samarbeid i Ny-Ålesund og rundt tokter. Vi har felles interesser i Arktis, seier Polarinstitutt-direktøren.

Ho kan ikkje tidfeste kor langt fram i tid eit mogleg samarbeid er.

– Men eg trur vi kan sjå eit samarbeid kommande. Vi ser store og raske endringar i Arktis, og polarforsking dreier seg mykje om samarbeid på tvers av grenser. Skal ein klare å svare ut dei store viktige spørsmåla, må ein ha ein felles innsats.

Les også USAs ambassadør om hendelsen i Barentshavet: – Fullstendig unødvendig

Det russiske skipet YANTAR, eid av Nordflåten. KV Barentshav i bakgrunnen.

Besøker også UiT

Det er stadfesta i Svalbardtraktaten at øygruppa skal sikrast nøytralitet.

– Korleis ser de på sikkerheitspolitiske utfordringar knytt til eit forskingssamarbeid med USA og Canada på Svalbard?

– Vi ser ingen sikkerheitspolitiske utfordringar med å samarbeide med verken USA eller Canada om arktisk forsking. Det gjer vi allereie. Dette handlar om å styrke og bygge relasjonar.

– Men vi har alltid det geopolitiske bakteppet med oss. Vi er alle klar over at Russland er ein nabo. Vi har i dag område i Arktis som vi ikkje får høve til å forske i på grunn av angrepskrigen som går føre seg i Ukraina, seier Brekke.

USAs Department of Homeland Security skal også besøkte UiT denne veka. Der vil de få sjå korleis universitetet jobbar med eit Arktis i forandring, opplyser UiT i ei pressemelding.

Les også Tyrkia vil signere Svalbardtraktaten: – Et tegn på stormaktsambisjoner, sier forsker

Spisshus i Longyearbyen.