Hopp til innhold

Blir varma opp raskast i verda: No skal nytt verktøy gi betre overvaking

Den raske oppvarminga i Arktis gjer at området no skal overvakast månadleg.

Grafikken viser temperaturen i Arktis i 2022 sammenlignet med gjennomsnittet de siste 100 årene.

Oppvarminga av Arktis går raskt. No skal MET følgje betre med på klimaendringane i området.

Grafikk: NOAA

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Arktis blir varmare og varmare, og klimaendringane i området påverkar både lokale økosystem og vêrmønster over hele verda.

No skal Meteorologisk institutt (MET) følgje betre med på klimaendringane i området ved å oppdatere datasettet Carra oftare.

Carra står for Copernicus Arctic Regional Reanalysis. Det er eit verktøy som sett saman observasjonar om vêret. På grunn av mykje is og aude område, er det få målestasjonar i Arktis.

– Det vi gjer i Carra, er å samle saman det som er av observasjonar, satellittar og andre puslespelbitar til å lage eit totalbilete av korleis klima er i Arkis. Det gir oss også informasjon om stadar det ikkje finst målestasjonar, seier forskar Harald Schyberg ved Meteorologisk institutt.

Dette området dekkes av Datasettet CARRA.

CARRA samlar data frå desse områda.

Foto: Meteorologisk institutt

Slik får dei detaljert kunnskap om korleis klima har vore og korleis det er i dag. Datasettet har allereie vore tilgjengeleg i fleire år, men oppdateringane har så langt vore gjort lenge i ettertid.

– Frå no av vil det bli oppdatert månadleg. Det betyr at me får eit tettare og meir kontinuerleg bilete korleis Arktis utviklar seg, forklarar Schyberg.

To til tre gongar raskare oppvarming

Svalbard og det nordaustlege Barentshavet er det området i verda som no blir varma opp raskast.

– Oppvarminga i Arktis går to til tre gongar raskare enn i middel på kloden. Det er ein endring med eit tempo som me aldri før har sett, fortel Schyberg.

Laster Giphy-innhold

I gifen over har forskarane ved MET brukt Carra for å rekne ut gjennomsnittstemperaturen gjennom vintrane frå 1991 til 2022

– Me ser at det skjer ein oppvarming: Det blir meir av gule og raude område, som viser at det er varmare enn normalt, i årene mot slutten av perioden, forklarer forskaren.

Ein stad kor oppvarminga er får konsekvensar, er sjøisen i området. I år er utbreiinga av sjøis i Arktis er den nest lågaste som har blitt observert for februar.

 Avvik i prosent av iskonsentrasjonen fra normalperioden 1991-2020. Røde områder har mindre is enn normalt mens blå har mer.

Bilete visar avvik i prosent av iskonsentrasjonen frå normalperioden 1991–2020. Raude område har mindre is enn normalt mens blå har meir.

Foto: Meteorologisk institutt

Også på regional skala, rundt Svalbard, er sjøisutbreiinga lågare enn normalt i forhold til 1991–2020. Utbreiinga er blant de fem lågaste observert i dette området for februar.

Iskanten ligg uvanleg langt nord for Svalbard i forhold til normalen. Det er svært uvanleg med stort sett isfrie forhold rundt Svalbard i februar.

Brukast av forskarar frå heile verda

CARRA brukast av forskarar over heile verda. Med hyppigare oppdateringar vil det bli mogeleg å følgje med på utviklinga i meir detalj.

Portrettbilde av forskeren Harald Schyberg

Forsker Harald Schyberg.

Foto: Privat

Schyberg fortel at det blir meir fokus på Arktis blant forskarar fordi det er ein nøkkel i mange klimaprosessar.

Han viser til at data for eksempel er viktig for å forstå andre prosessar.

– Når det blir varmare i Arktis vil permafrosten begynne å tina, noko som frigjer masse ekstra klimagassar som forsterkar den globale oppvarminga. Her er data frå Carra viktig som inngangsdata for å forstå kva som skjer, seier forskaren.

Den raske oppvarminga av Arktis gjer at forskarane har behov for å følgje klimautviklinga enda tettare enn tidlegare.

– Interessa er også større frå brukarar som treng hyppigare oppdateringar av datasettet, og behovet for å følgje klimaet i Arktis er minst like stort utanfor Noreg, seier Schyberg.

Les også Her er grafen som får forskerne til å fortvile

Oppvarmingen går raskere i arktis, viser denne grafen som kom ut i forbindelse med Arctic report card 2022.