Tollarar i nord møter stadig oftare tunge, væpna gjengkriminelle på grenseovergangar. Det har fleire gonger ført i farlege situasjonar for dei tilsette.
– Væpning av norske tollarar er ikkje noko som står øvst på lista vi har av tiltak. Men vi lever i tider der eg ikkje vil avvise nokon ting.
Det seier tolldirektør Øystein Børmer til NRK.
– Eg oppfattar at vi i Noreg har ein kultur der væpning er ganske framand. Eg tenker at det er mange andre tiltak som både kan styrke tilsette sikkerheit og vår kontrollevne, som bør vurderast først, seier han.
Tolldirektør Øystein Børmer.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRKTroms-politiet slo denne veka alarm. Dei er bekymra for svenske kriminelle nettverk i Nord-Noreg.
I desember 2022 var ein barnehage i Tromsø kommune på tur. Dei skulle leite etter nissen, men fann noko heilt anna
Svenske tollarar kan bere våpen
Væpning av tollarar har blitt tidlegare blitt vurdert sørpå. Ønsket har komme etter risikofylte møte med tunge, kriminelle nettverk.
Dei siste åra har fleire av desse nettverka operert meir og meir i nord.
På svensk og finsk side av landegrensa ber tollarane tidvis våpen. Diskusjonen er ikkje ny i Nord-Noreg.
Tolldirektøren i Noreg seier det skal mykje til for at dei vil gå til det steget å væpne norske tollarar.
Han seier at det er andre tiltak han heller vil diskutere med politikarar, før han vil ta debatten om væpning.
Auka bemanning er eitt av dei.
– Vi må ha ei brei tilnærming på tiltak. Det handlar om å ha rett kompetanse, opplæring, utstyrsforståing og gode rutinar for å handtere ulike situasjonar. Det handlar også om å sørge for at vi er mange nok på jobb, seier Børmer.
På ein pressekonferanse onsdag viste politiet fram våpen som har blitt beslaglagt.
Foto: Troms politidistrikt- I mai i fjor blei sonen til ein trøndersk artist kidnappa. Saka er knytt til det svenske Foxtrot-nettverket.
Møtest med våpen
Politiet i Troms gjekk onsdag denne veka ut og sa at svenske kriminelle nettverk er den største kriminalitetstrusselen i fylket.
Områdesjefen for Tolletaten i Troms og Finnmark, Tom Olsen, sa dagen etter til NRK at dei er bekymra for sikkerheita til dei tilsette.
– Miljøet har blitt tøffare. Det viser dei med at dei har med seg våpen. Vi har funne avsaga hagler og knivar. I nokre tilfelle stikk dei frå kontrollar, sa han.
Politiadvokat Simon Nystuen og politiinspektør Yngve Myrvoll på pressekonferansen onsdag.
Foto: Trygve Grønning / NRKPolitiet har ein klar teori på kvifor Troms har blitt ein ynda stad for svenske kriminelle nettverk.
– Vi har ei oppfatning om at prisane for narkotika er høgare i Nord-Noreg enn i sør.
Det sa politiinspektør i Troms, Yngve Myrvoll, til NRK tidlegare denne veka.
Narkotika beslaglagt i Troms politidistrikt.
Foto: Troms politidistrikt / Troms politidistriktLes også: Bar 228 kilo hasj over fjellet: – Eg har kjent meg som eit esel.
Utrykkingsvegen til politiet bekymrar
Helligskogen i Nord-Troms er ein av grenseovergangane som er føretrekte når tunge kriminelle skal frakte våpen, pengar og narkotika til Nord-Noreg.
Der er tollarane førstelinja når smuglinga blir avdekt.
– Sikkerheita til tilsette må eg vareta uansett kva løyvingar vi har. Situasjonen vi ser med ein aukande trussel mot Noreg og mine tilsette, fører til at vi må bruke fleire ressursar for å jobbe på ein trygg nok måte, seier tolldirektøren.
Helligskogen tollstasjon ligg på grensa mellom Storfjord i Troms og Kilpisjärvi i Finland.
Foto: NRKDet at politiet fleire plassar i nord har lang utrykkingsveg til grensestasjonar, er ei av årsakene til at det i det heile er opna for å vurdere væpning av tollarar.
– Vi ser at smuglarane ser ut til å bli meir organiserte. Dei har også ei større vilje og evne til å utøve vald. Det er urovekkande, særleg med tanke på kvardagen til mine tilsette, seier Børmer.