– Det høyrest kanskje litt merkeleg ut, men på ein måte så bruker vi meir tid saman i helga no enn vi gjorde før.
Det seier Nils Kvilvang.
Grytidleg kvar måndagsmorgon reiser han frå kona og heimgarden utanfor Rena, i Åmot kommune.
Lunsjflyet tar han direkte til Lakselv og Porsangmoen leir. Han er offiser i den nyoppstarta Finnmarksbrigaden – og vekependlar.
Kvilvang er éin av nesten 500 forsvarstilsette som har fått pendlarstatus dei siste to åra.
Som planoffiser er det mykje kontortid for Nils Kvilvang. Han kom tilbake til Forsvaret etter 12 år som sivil.
Foto: Arnfinn Sjøenden / ForsvaretEin stor auke. For i 2023 var det 1946 vekependlarar i Forsvaret.
I dag er det 2416, ifølge Forsvarets personell- og vernepliktssenter.
Forsvaret kan ikkje gi ut tal for fylke eller avdelingar på grunn av sikkerheitssituasjonen i Europa.
I desember 2024 hadde Forsvaret 17.985 tilsette. Ved utgangen av 2022 var det omtrent like mange tilsette.
Kvilvang har gode grunnar for å pendle. Sjølv om barna har flytta ut, så er det i Åmot han og kona bur og høyrer heime.
Derfor var pendling nærast eit krav før han takka ja til stillinga. Kona støtta valet.
– Og så er det klart at det er ei forsaking òg, når eg ikkje er til stades og kan hjelpe til i kvardagen. Men eg føler at det fungerer for oss.
Det er også i heimkommunen kona hans har jobb, noko som gjer det vanskeleg å flytte på seg.
Nils Kvilvang og kona Torill Fjellstad Kvilvang nyter naturen hvor enn de er.
Foto: Torill KvilvangMange pendlar ...
Brigaden Kvilvang er ein del av, har ansvaret for å forsvare landareala i Finnmark og vakte grensa langs Russland.
I dag er det berre kommunane Porsanger og Sør-Varanger som har militære basar i fylket.
Hæren ønsker å legge til rette for at dei tilsette kan jobbe i nord, men bu i sør. Derfor er det ein stor del som vel å gjere det.
– Alternativet er sannsynlegvis å ikkje klare å rekruttere godt nok. Eg trur ikkje Forsvaret kjem seg unna med tanke på oppbemanninga. Så må ein nok leve med pendlinga ei stund, seier Kvilvang.
Trass det store talet pendlarar er det eit mål for Forsvaret at fleire blir buande der dei jobbar.
– Korleis skal Forsvaret rekruttere folk for å jobbe og bli verande i nord?
– Ja, her er det fleire ting vi tenker på. Vi ønsker å vise kva karriere- og utdanningsmoglegheiter som finst, og andre moglegheiter folk har i nord i Forsvaret, seier Cecilie Heuch, HR-sjef i Forsvaret.
Les dei konkrete tiltaka her:
... og fleire kjem nok det til å bli
Det neste tiåret skal Forsvaret styrkast betrakteleg. Fram mot 2036 legg regjeringa opp til 4600 fleire forsvarstilsette.
– Vi skal spesielt ruste opp i nord, seier Cecilie Heuch.
For kvar tredje av Hærens nye soldatar skal til Finnmark, ifølge oberst May Brith Valen‑Odlo, sjef for Tren-regimentet i Hæren.
Ho forventar rundt 500 fleire tilsette i Finnmarksbrigaden det neste tiåret.
Soldatar ved Finnmarksbrigaden står oppstilt under den offisielle opninga av brigaden i sommar.
Foto: Andre Bendixen / NRKDet er nettopp denne auken i dei minst sentrale strøka som er årsaka til at fleire pendlar, ifølge Heuch.
Nesten halvparten av dei militære stillingane i Forsvaret er ute i distrikta, skriv FFI.
– Så både fordi vi veks, og fordi vi veks mest på stader der det er færre moglegheiter for ein ektefelle, partnar eller familie, så jobbar vi på fleire frontar for å gjere noko med det, seier Heuch.
Forsvaret ønsker å legge til rette for både dei som ønsker å pendle og busette seg, fortel HR-sjef Cecilie Heuch.
Foto: ForsvaretLars Strøm, kommunikasjonssjefen for Hæren, seier at det er naturleg at talet på pendlarar aukar med oppbygginga av Forsvaret.
– Effekten blir kanskje noko forsterka i starten ved at vi bygger opp avdelingar raskare enn bustader og tilbod til medflyttarar, seier han.
Det er også store investeringar på nye bygg og fasilitetar på fleire forsvarsbasar. Berre for Hærens infrastruktur er det planlagt å bruke 6,5 milliardar på utvikling fram til 2036, ifølge Valen-Odlo.
– Vi må jobbe saman for at forsvarssatsinga skal bidra til livskraftige lokalsamfunn, seier Heuch.
Døra på gløtt
Det er vel å merke fleire forsvarskommunar som ønsker at fleire forsvarstilsette buset seg, i staden for å pendle.
Også Porsanger-ordførar Jo Inge Hesjevik fortel at dei går glipp av sårt trengde skatteinntekter.
– Vi får liv og røre, og det liker vi godt. Men kommunen får ikkje pengar til å handtere det, fordi desse pengane går til kommunen der dei har bustadadresse.
Porsanger har vore inn og ut av Robek-lista i ein årrekke. Seinast i fjor hadde staten styringa av kommuneøkonomien.
Nils Kvilvang begynte å pendle til Finnmark i august i fjor. Først jobba han i Kirkenes, nå er han tilsett på Porsangmoen leir, utanfor Lakselv.
Foto: Arnfinn Sjøenden / ForsvaretKvar fredag set Nils Kvilvang seg på lunsjflyet tilbake til Gardermoen, for så å ta bussen som tar han heim til garden og kona.
For vekependlaren er det nok ikkje realistisk å flytte, men han har døra på gløtt.
– Dersom vi bestemmer oss for å gjere det, og det løyser seg med jobb for kona, så er det ingenting som hindrar oss å flytte til Porsanger kommune no.