Hopp til innhold

Taredyrking i Finnmark: – Meir berekraftig å dyrke enn fisk

Dyrking av tang og tare bør vere det neste store satsingsområdet i Finnmark. Det meiner både forskar og tanggründerar.

tang og tare på havbunnen

Lyset, temperaturen og vêret i nord vil gi plantar frå havet ein eigen kvalitet.

Foto: Havforskningsinstituttet

I Finnmark er det gode moglegheiter for taredyrking i dei fleste fjordane.

Og ifølge Marianne Frantzen, forskar ved Akvaplan Niva, kan det dyrkast mykje av det.

– Vi ønsker definitivt at det skal blir dyrka meir mat i sjøen enn det gjer i dag. No er det stort sett berre laks og aure som blir produsert i stor skala, seier Frantzen.

Og ho legg til:

– Sukkertare og butare har potensial for å bli produsert i veldig store mengder. Det vil vere mykje meir berekraftig å dyrke enn fisk, seier ho.

NRK forklarer

Hva er tang og tare?

Tang og tare-satsing i Norge
Hva er tang og tare?

Hva er det?

Tang, tare og sjøgress er store alger.

I Norge finnes det 450 arter.

Tangartene vokser på stein i fjæresonen. De nyeste skuddene vokser ut fra tuppen.

Angelita Eriksen lener seg fremover og tar tak i tare under vann. Bak henne er et fjell med snøflekker.
Hva er tang og tare?

Hvor finner man det?

Tare er de større algene i havet. De vokser fra festet og opp mot lyset.

Sjøgress har tilpasset seg livet ved havet og setter røttene sine på bløt bunn og grunt vann. Ålegress er den mest kjente arten.

Mat med trøffeltang
Hva er tang og tare?

Hva kan det brukes til?

Tare brukes mest til dyrefôr, gjødsel og bioenergi. Men tareskogen kan også gi næring til mennesker.

Disse er best å bruke til mat.

Trøffeltang
Hva er tang og tare?

Hvilke typer tare er best å spise?

Sukkertare: Stor brunalge som danner skoger langs hele kysten og på Svalbard.

Butare: Brunalge, finnes langs kysten fra Mandal til Finnmark og på Svalbard.

Havsalat: Grønnalge, vanlig langs hele kysten.

Søl: Rødalge, vanlig langs hele kysten.

Trøffeltang: Liten rødalge som egentlig heter grisetangdokke

Tang og tare i Oslofjorden
Hva er tang og tare?

Hva inneholder produktet?

Tare inneholder viktige mineraler, antioksidanter, og dessuten B- og C-vitamin.

Noen tareslag har også proteiner, flerumettede fettsyrer og fiber.

Taren er spesielt rik på jod, som man ikke skal ha for mye av.

Ei oversett næring

Kåre Breivik frå Tana har jobba med planar om taredyrking i mange år. Han er heilt på linje med Frantzen.

– Dyrking av vasslevande plantar i havet er eit potensial som vi ikkje har sett på moglegheitene til i Finnmark. Det er ei super kjelde for mat til heile kysten, seier Breivik.

Kåre Breivik har en gul og blå strikka genser med en blå skjorte under.

CO2-fangst, reinsing av sjøvatn og gøymestad for dyreliv er nokre av goda plantane gir, seier Kåre Breivik.

Foto: Privat

Og produksjon av tang har fleire fordelar enn å fungere som mat.

– Det vil vere eit glimrande tiltak for CO₂-fangst og reinsing av sjøvatn. Det er mykje mineral og forureining som blir filtrert gjennom tonga og taren, seier Breivik.

I tillegg legg han til at tareskogar vil vere ein glimrande gøymestad for dyreliv som torsken kan ha nytte av.

Tareskog - Færder Nasjonalpark

Tareskogar bidrar til CO2-fangst, reinare hav og gøymestader til havliv.

Foto: Mikkel Stokke

Unikt klima

Caroline Greiner Haukeland er prosjektleiar i selskapet SeaForester AS, som mellom anna driv med restaurering av tareskog.

Ho seier Finnmark er den rette staden å utvikle ei slik næring.

– I Finnmark ligg alt til rette for at ein kan lykkast med svært spennande produkt frå tare, seier Haukeland.

Caroline sitter nede ved havet med tang i bakgrunnen.

Caroline Greiner Haukeland meiner klimaet i Finnmark er perfekt for å få produkt med høg kvalitet.

Foto: Caroline Greiner Haukeland

Ho seier dei nordlege lys- og vêrforholda gir plantane ein unik kvalitet, noko som gjer dei ekstra attraktive på den internasjonale marknaden.

– Du kan sjå at det er bioaktivt, eller at det har mykje effekt på det ein potensielt vil bruke det til i ein marknad, seier ho.

Les også Norsk tang og tare på tyske Michelin-restaurantar

Angelita Eriksen og Tamara Singer høster tang i fjære i Lofoten i en gul bøtte. I bakgrunn synes fjell og hav.

Enkelt å gjere

Behovet for utstyr og anlegg for taredyrking er langt unna den litt meir kjente lakseoppdrettsnæringa.

Forskar Marianne Frantzen seier produksjon er mykje lettare når ein først har komme i gang.

Marianne Frantzen står i et møte og snakker

Marianne Frantzen (til høgre) meiner Finnmark er ein framifrå stad for vasslevande plantar.

Foto: Akvaplan Niva

– Eg trur veldig mange kan dyrke tare. Ein må investere i det som trengst av rigg og tau, men når det er gjort er sjølve produksjonen i sjøen sjølvgåande. Du treng ikkje tilsette gjødsel eller fôr, dei veks ut frå sjøvatnet som er der, seier Frantzen.

Les også Vil bli størst i Europa på tang og tare

Tang og tare-satsing i Norge