Hopp til innhold

Allereie i mai mistenkte politiet at Foxtrot-nettverket var i Trondheim

Kort tid etter kidnapping og utpressing koordinerte norsk og svensk politi aksjonar mot dei sikta.

Oppdatert-episode den kurdiske reven

FOXTROT I NOREG: Politiet mistenkte tidleg at det svenske Foxtrot-nettverket stod bak kidnapping og utpressing i Trondheim.

Foto: Svensk politi

I september blei det kjent at svenske Foxtrot stod bak kidnapping og utpressing knytt til artist i Trondheim natt til 9. mai.

Samstundes bekrefta Kripos at Foxtrot-nettverket opererer fleire stader i Noreg. I tillegg var det var kaos i gjengmiljøet i Sverige.

Men allereie i mai mistenkte politiet i Trøndelag at utpressinga kunne knytast til det kriminelle nettverket.

– Det har vore ein del av etterforskinga frå starten, seier politifagleg etterforskingsleiar Øyvind Jørgensen i Trøndelag politidistrikt.

Då tok dei kontakt med politiet i Sverige for å koordinere pågripingar i saka.

Les også Politiet: Svenske Foxtrot stod trolig bak kidnapping i Trondheim

Politiadvokat i Trøndelag politidistrikt Bente Bøklepp

Koordinert pågriping i Noreg og Sverige

Politiet i Trøndelag hadde planlagt å aksjonere mot dei sikta i saka simultant og ville koordinere dette med aksjonane i Sverige.

– Me ønska å pågripe fleire personar i Noreg og i Sverige på ganske likt tidspunkt, forklarar Jørgensen.

Øyvind Jørgensen etterforskningsleder

Øyvind Jørgensen i Trøndelag politidistrikt er politifagleg etterforskingsleiar i saka.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Det var taktiske omsyn om låg bak desse vurderingane.

I ei oppmoding frå politiet i Trøndelag, datert 1. juni, blir svensk politi bedd om å ransake huset til ein svensk mann.

Mannen er sikta for organisert grovt ran og har sete i varetekt sidan han blei utlevert frå Sverige i mai.

I tillegg ber politiet i Noreg om at det blir gjort beslag av vedkommande sin telefon, datamaskin, nettbrett og liknande.

Dette meinte politiet i Trøndelag at hasta å gjere.

Aksjonane innebar å pågripe dei involverte, ransaking av stadar dei sikta disponerer og av digitale einingar.

Kidnapping og grovt ran

I alt er seks personar sikta for grovt ran av den trønderske artisten. Ytterlegare ein person er sikta for heleri og kvitvasking i forbindelse med ranet.

Artisten blei utpressa og har betalt ein betydeleg sum pengar til ein tredjemann, står det i oppmodinga. Dei sikta vil bli stilt for retten i april.

I tillegg er fire personar tiltalt for å ha bortført sonen til artisten i nokre timar i Trondheim i vår. Dei er også tiltalt for medverknad til ran av artisten.

Rettssaka mot dei fire startar i Trøndelag Tingrett måndag 11. desember.

Les også Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

Kveld i Trondheim

Ekstra sikkerheitstiltak i rettssaka

Det er bestemt at skal vere ekstra sikkerheitstiltak under rettssaka.

Personar som er straffedømt dei siste fem åra får ikkje kome inn i rettssalen. I tillegg må alle som får kome inn i rettssalen gå gjennom ein metalldetektor, liknande sikkerheitskontrollen på ein flyplass.

Rettssaka skal også gå for lukka dører.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at det er på grunn av knytinga til Foxtrot-nettverket, seier Jørgensen.

Han forklarar at det ikkje er uvanleg med ekstra sikkerheitstiltak og at politiet er til stades i rettssaker. Samstundes påpeiker han at dette har vore ei prioritert sak for politiet i Trøndelag.

– Dette har vore ein sak som har vore viktig å prioritere, nettopp på grunn av knytinga til organiserte kriminelle nettverk. Me ønsker å forhindre at dei opererer i vårt distrikt.

URIX 27. september: Rawa Majid, kalt den kurdiske reven, er en av Sveriges mest ettersøkte gjengledere. Nettverket hans kobles til flere drap og eksplosjoner i Sverige den siste tiden. Hvem er han og hvordan jobber han?

URIX 27. september: Rawa Majid, kalla den kurdiske reven, er ein av Sveriges mest ettersøkte gjengleiarar. Nettverket hans koplast til fleire drap og eksplosjonar i Sverige den siste tida. Kven er han og korleis jobbar han?

NRK anbefaler