Hopp til innhold

Set opp 5G på Finnmarksvidda for fyrste gong

For første gong testar Forsvaret 5G under vinterøvinga i Nord-Noreg. Dette for at dei må kunne etablere eiga signal ute i felt.

Personell fra Cyberforsvaret under
øvelse Nordic Response 2024

Cyberforsvaret sette opp 5G på Finnmarksvidda i helga.

Foto: Anette Ask/Forsvaret

I helga blei det sett opp utstyr for å få 5G på Finnmarksvidda av Cyberforsvaret. Det skriv Forsvaret på sine eigne sider.

Dette er første gong 5G blir testa på ei stor militærøving. Øvinga, Nordic Response, samlar 20.000 soldatar frå 13 ulike nasjonar, går føre seg frå 3. mars til 17. mars.

Utstyret blir kalla militær dekningsforlenging (MDF) og skal brukast i område der det er dårleg eller inga dekning, eller der militære styrkar treng å forsterke mobilnettet.

Dekningsforlenginga er støtta opp under av sivile leverandørar både ved bruk av satellittkommunikasjon og 5G-teknologi.

Personell fra Cyberforsvaret under
øvelse Nordic Response 2024

Personell frå Cyberforsvaret under øving Nordic Response 2024 set opp 5G for fyrste gong på Finnmarksvidda.

Foto: Anette Ask/Forsvaret

5G kan brukast som trådlaus databerar i dei fleste avdelingar og kommandoplassar i Forsvaret.

– Vi har med ei MDF-løysing ut og ho består blant anna av ein rollatube-mast med fleire element. Desse rollatube-mastelementene er heldigvis lette å bere og enkle å sette opp. Dei kan kastast eller blir rulla ut i lufta. Det tok ikkje lang tid å sette den opp, seier CIS-lagførar i CIS Bataljon Nord, Sambandsavdeling Troms, sersjant 1.kl., Mathias Løvlund.

Teamet har med eit modem som kommuniserer tilbake til mobilnettet. Det gjer at dei har dekningsforlenging.

Les også Kronprinsen på Nordic Response: – Fint å kunne øve med våre nyaste allierte

Kronprins Haakon møter menige

Jobbar breitt

Håkon Eyde Kjuus, senioringeniør i Forsvarsmateriell og teamleiar for Team 5G, seier dei jobbar breitt med alle aspekt rundt 5G. Utprøving i felt blir brukt aktivt for å forbetre produkta, fortel han.

Personell fra Cyberforsvaret under
øvelse Nordic Response 2024

Dekningsforlengelsen er støtta opp under av sivile leverandørar både ved bruk av satellittkommunikasjon og 5G-teknologi.

Foto: Anette Ask/Forsvaret

– Brukarane bidrar til at produktet blir betre, og at dei får eit produkt dei vil ha og kan bruke, seier Kjuus.

Han seier at bruk av mobilteknologi er viktig for kommando og kontroll for landsstyrkane. Produkteigar i teamet, Sindre Føllesdal frå Cyberforsvarets våpenskole legg til:

– Forsvaret må sjølv kunne etablere eiga dekning. Dette bør krevje minimalt med opplæring og krevje minimalt med personell i felt. Her er vi godt på veg mot begge delar.

Les også Nato-øvelse i nord: – Shit, tenk hvis dette var i virkeligheten

En finsk leopard stridsvogn på øvelsen Nordic Response. Her på grensa mellom Norge og Finland, Geađgejávri i Finnmark.

Fungerte fint

Forsvaret har nå fått mange svar som kan bli viktige framover etter utprøvinga på Finnmarksvidda.

– Det er første gong vi set opp dette utstyret. Det fungerte fint og vi fekk signal raskt. Etter 15 minutt i djup snø fekk vi verifisert ved hjelp av mobilen at basestasjonen hadde komme opp, seier Løvlund.

Les også Den russiske nordflåten har sendt anti-ubåtskip til Barentshavet

Anti-ubåtskip "Viseadmiral Kulakov"

Les også Beitekrise: 500 tonn med nødfôr er på vei til Nord-Norge

Nato-øvelse og beitekrise har skapt stor etterspørsel etter reinfôr i deler av Finnmark.