Hopp til innhold

Har fått nok av sin eigen kommune: Øy har søkt flytting til gjeldskommune

Folk på Rolvsøya i Finnmark er så misnøgd med tilbodet til sin eigen kommune, at dei heller vil vere ein del av gjeldstunge Hammerfest.

Ida Wiman Jektvik

Småbarnsmamma Ida Wiman Jektvik flytta til Rolvsøya i 2021 saman med mann og barn. Ho har sett seg lei på at Måsøy kommune ikkje prioriterer skule og barnehage på staden.

Foto: Privat

– Vi har hatt nok is i magen. Vi har sett kommunedirektørar og ordførarar komme og gå. Det har ikkje ført med seg noko endring, seier Ida Wiman Jektvik.

Ho er medlem av bygdevekstkomiteen på Rolvsøya, heilt ytst i havgapet i Vest-Finnmark. Folk på øya er så misnøgd med tilbodet til Måsøy kommune at dei no har sendt søknad til statsforvaltaren om å bli ein del av Hammerfest, skriv Hammerfestingen.

Tidlegare i år samla dei inn 62 underskrifter på øya.

Kommunane Måsøy og Hammerfest har fått frist av Statsforvaltaren til å gi ein tilbakemelding om kravet frå Rolvsøya innan 1. desember.

Om ein av kommunane seier nei så går saka vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet for vurdering.

Jektvik fortel at problematikken har vart i årevis.

Har ikkje trua på nytt parti

I haust overtok Bygdelista styringa i Måsøy kommune, der Arbeidarpartiet har dominert i årevis. Men Jektvik har ikkje trua på betring med det nye protestpartiet.

Les også By- og bygdelister tar makta i minst 20 kommuner

Ingrid Majala (Bygdelista i Måsøy) i sin nye stol: ordførerstolen. Hun sitter inne på ordførerkontoret foran en trepult.

Undervegs i prosessen med å melde overgang frå Måsøy, har Hammerfest hamna i økonomisk trøbbel.

Heller ikkje det har fått folk på Rolvsøya til å revurdere kravet om overgang.

– Vi tenkjer jo at det er ikkje noko bra at Hammerfest slit sånn som dei gjer no, men vi vurderer det sånn at vi har ingenting å tape. Fordi vi har ikkje fått det vi burde fått av vanlege kommunale tenester og oppfølging frå Måsøy kommune.

Gunnarnes, Rolvsøy Gunnarnes på Rolvsøy, Måsøy kommune

Rolvsøya har 70 innbyggjarar. Her er bilete frå Gunnarnes.

Foto: Allan Klo

Ho forklarer at dei i dag bruker mange kommunale tenester i Hammerfest og dermed ønskjer å komme nærare byen. Ved å bli ein del av Hammerfest vil Måsøy tape innbyggjarar og inntekt.

– Vi har eit veldig stort fiskebruk som er Måsøy kommunes største arbeidsplass. Det vil jo føre med seg ein del økonomiske kutt, seier Jektvik.

Les også Øyfolk vil søke seg til rik nabokommune

Nedsliten skule

Problema som dei har i dag er ein nedsliten lærarbustad, skule og mangel på drikkevatn.

– Det vart vedteke å lukke avvik på skulen før sommaren. Det har ikkje vorte gjort noko. No er det snart jul.

Utrangert skole på Rolvsøya

Skolen er slite. Medlem av bygdevekstkomiteen, Ida Wiman Jektvik, fortel at dei har vorte lova endring, men det har ikkje skjedd noko.

Foto: Privat

I lærarbustaden er det målt 11 grader på vinterstid.

– Det er dårleg inneklima og det er ikkje reint drikkevatn. Dei må bere drikkevatn inn i huset. Dei har ikkje klart å halde varmen der ein gong.

Det er mykje utskifting av lærarar, som igjen er eit distriktsproblem, meiner Jektvik.

– Vi meiner at Måsøy kommune ikkje har gjort det dei burde gjere for å halde på dei lærarane som vi har fått. Vi har fått kjempegode lærarar på Gunnarnes dei to siste åra no, men vi har ikkje klart å halde på dei.

Les også Bygdelister grusar andre parti i Finnmark

Fiskeværet Breivikbotn i Hasvik kommune

– Trist

Varaordførar frå Bygdelista i Måsøy, Serine Larsen, seier at dei synest det er trist at Rolvsøya har lyst til å bli ein del av Hammerfest kommune.

– Det er mange utfordringar som er ute på Rolvsøya, men Måsøy kommune jobbar flittig for å gjere det betre for befolkninga der ute, så dei kan vere ein del av Måsøy, eller har lyst til å vere ein del av Måsøy kommune.

Serine Larsen
Varaordfører i Måsøy

Serine Larsen, Bygdelista, er varaordførar i Måsøy kommune.

Foto: Privat

– I tida framover jobbar vi med å lukke avvik på skule, vatn og andre ting som ikkje er på plass der ute.

Ho meiner at det er viktig for kommunen og politikarane at ein held fram med å jobbe med strukturen på øya for både vaksne og barn.

Les også Ny kuttliste for Hammerfest kommune: – Det blir eit veldig tøft år

Påtroppende ordfører i Hammerfest Terje Rogde (H)

Les også Fryktar konsekvensane av kuttliste: – Det blir ei død bygd

Anne Grete Johnsen

Fleire år

Larsen seier at dette ikkje er ei sak som plutseleg har oppstått.

– Det er ei veldig kompleks sak, og ho har vart over fleire år.

Ho synest sjølv det er ein trasig situasjon:

– Ein kjenner jo frustrasjonen. Måsøy er ikkje ein stor kommune, og vi jobbar med å prøve å vareta alle frå alle kantar. Sånn at det skal bli mogleg å både bu og busetje seg vidare framover der ute.

Jektvik seier søknaden er send og håpar på det beste:

– Konfliktnivået er høgt og det har det vore over lang tid. Viss Hammerfest kommune seier ja, så er eg sikker på at vi har noko å bidra med.

Les også Gasskommune sliter økonomisk: Må kutte 11 millioner før nyttår

Hammerfest sentrum

Les også Nybakt firebarnsmor blir ordfører: Fødte på valgnatta

Ingrid Majala