Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane av kuttliste: – Det blir ei død bygd

Bu- og omsorgssenteret i Kokelv i Hammerfest kommune har fått mellombels inntaksstopp på grunn av kommuneøkonomien. Det gjer innbyggjarane uroleg.

Anne Grete Johnsen

Anne Grete Johnsen er redd for at bygda skal døy ut om dei mistar omsorgssenteret.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Det er den største arbeidsplassen vi har her i bygda. Utan senteret er vi ingenting. Blir senteret lagt ned, så vil folk flytte. Det får ringverknader for heile bygda, seier Anne Grete Johnsen.

Ho er lærar ved Kokelv oppvekstsenter. Der er det no seks elevar, der fire av dei har ein forelder knytt til bu- og omsorgssenteret.

– Butikken mistar omsetning, skulen mistar skuleelevar, vi mistar innbyggjarar, dei eldre mistar ein god plass å vere på, og folk mistar arbeid, ikkje minst. Eg trur at det blir ei død bygd.

Kokelv bo- og omsorgssenter

Anne Grete Johnsen, Ingar Eira, Steve Aslaksen og Kjell Ivar Iversen er redd for at bygda snart ikkje finst meir.

Foto: Johan Iskak Niska / NRK

Kommuneøkonomien til Hammerfest har vore eit omdiskutert tema og det har vorte gjort fleire kutt for å få ned forbruket til kommunen.

Akkurat no har bu- og omsorgssenteret fire pasientar.

– Det er mange arbeidsplassar og fleire ledige rom på senteret. Folk må jo ha ein jobb for å kunne bu i ein plass, seier Johnsen.

Les også Gasskommune sliter økonomisk: Må kutte 11 millioner før nyttår

Hammerfest sentrum

Levande bygd

Innbyggjartalet er fallande og no er dei nede i 84 fastbuande.

Bo- og omsorgssenteret i Kokelv

Bu- og omsorgssenteret gir mange arbeidsplassar til Kokelv.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– Ei nedbemanning på omsorgssenteret vil det jo direkte ramme skulen, seier Steve Aslaksen.

Han har sjølv to barn på skulen og kona hans jobbar på omsorgssenteret.

– Det er ikkje noko naturleg for oss å flytte ungane til skulen i Hammerfest eller Kvalsund. Då vil vi sjå mot andre kommunar, som Alta eller Sør-Noreg.

Tidlegare har det vore store problem med å finne bustad til innflyttarar, men no står fleire bustader tomme.

Steve Aslaksen

Steve Aslaksen har ei kone som jobbar på senteret og to barn i skulen.

Foto: JOHAN ISAK NISKA / NRK / NRK

– Vi har mange arbeidsplassar, og vi har ledige bustader. Det er potensial. Viss omsorgssenteret blir lagt ned, så vil bygda raskt bli fråflytta. Eller døy. I dag er vi jo ei levande bygd, der dei fleste arbeidsfør alder har jobb og som jobbar her.

Les også Gasskommune sliter økonomisk: Må kutte 11 millioner før nyttår

Hammerfest sentrum

Halde oppe arbeidsplassar

Kommunalsjef for helse i Hammerfest, Gyri Krogh, fortel at dei er pliktige til å kunne tilby ei forsvarleg teneste til dei som skal få teneste der.

– Kommunen gjer så godt ein kan for å halde oppe dei arbeidsplassane vi har i distrikta, seier ho.

Gyri Krogh er kommunalleder for helse i Hammerfest kommune.

Gyri Krogh er kommunalsjef for helse i Hammerfest kommune.

Foto: Sunniva Bøthun / NRK

Grunnen til inntaksstoppet er mangelen på sjukepleiarar. Einaste personen med sjukepleiarkompetanse er verksemdleiar og er der nokre dagar i veka.

– Ein er avhengig av at det er nokon som bur og kan jobbe der, og at det er pasientgrunnlag. Så lenge det finst pasientar, og så lenge det finst folk som vil jobbe der, så vil det haldast oppe.

Krog fortel og at dei søkar kontinuerleg etter sykepleiarar og har utlysing liggjande ute heile tida.

– Det vi opplever er jo det at veldig mange synest det er vanskeleg å vere så langt unna som i Kokelv, viss ein kjem frå til dømes Hammerfest sentrum.

I Kokelv er dei så redd for kva som vil skje vidare.

– Viss omsorgssenteret forsvinn, så vil det bli kroken på døra for skulen, tippar eg, seier Aslaksen.

Les også Styrtrik gasskommune har havnet i krise, mener Høyre – krever gjennomgang

Melkøya