Hopp til innhold

Ny kuttliste for Hammerfest kommune: – Det blir eit veldig tøft år

Fredag formiddag la kommuneadministrasjonen i Hammerfest fram ei ny kuttliste. Dei skal gjere store omstillingar for å halde budsjettet i 2024.

Påtroppende ordfører i Hammerfest Terje Rogde (H)

Ordførar i Hammerfest, Terje Rogde, fortel at det er kritisk at ein kommune som Hammerfest kjem skeivt ut økonomisk.

Foto: Allan Klo / NRK

I 2023 har kommunen eit underskot på 137 millionar kroner og det er spesielt lånerenta som blir framheva som den viktigaste årsaka til den negative utviklinga.

I 2021 betalte kommunen 21 millionar kroner i renter. Kommuneadministrasjonen anslår at denne utgiftsposten vil stige til 141 millionar kroner i 2024.

Kommunens gjeld er i dag på rundt 3,5 milliardar kroner.

Allereie til neste år blir det tøffe tak for kommunen.

Ordførar Terje Rogde (H) tok over styringa i oktober. Kommunen har i 100 år nærast utelukkande vore ein Arbeidarparti-kommune.

– Vi har heile tida sett at vi var i ei krise, seier han.

Planen framover for er å få oversikt, fortel den nybakte ordføraren.

– Det som administrasjonen har gjort er å gå gjennom alle utval, føretak og gjort store kutt for gjere endringar på drifta, seier Rogde.

Han fortel at tiltaka som vart sett i verk i september ser ut til å fungere.

– Vi kan sjå at det forbetrar seg, men vi skal ytterlegare ned for å få nullbalansen på budsjettet. Det er over heile linja vi skal gjere tiltak, som administrasjonen sjølv foreslår.

Han seier dei er godt i gang med å sjå på barnehagestrukturen, helse og omsorg, teknisk drift og kva bygningar som skal seljast.

– Det vil merkast når ein må ta ned drift, men vi skal sjå til at vi skal levere gode tenester, og lovpålagde tenester som vi er pliktige til å levere. Vi ser også at det blir nokre rokeringar og at nokre avdelingar treng meir hender og meir folk. Dette blir ei storstilt omstilling i alle sektorar.

Les også Gasskommune sliter økonomisk: Må kutte 11 millioner før nyttår

Hammerfest sentrum

Kritisk

Då olje- og gassnæringa kom til byen, fekk kommuneøkonomien ein solid oppsving. Eigedomsskatten frå Equinor sitt gassanlegg på Melkøya har i ein årrekkje tilført nærmare 200 millionar kroner kvart år. Pengane har vorte brukt til blant anna nytt kulturhus og nye skular.

Hammerfest sentrum

Fredag vart det presentert ny kuttliste i Hammerfest kommune. Det blir ifølge ordføraren store kutt.

Foto: Allan Klo / NRK

Rogde påpeikar at det er kritisk når ein kommune med så stor inntekt kjem så skeivt ut som Hammerfest har gjort no.

– Det er farleg. Heldigvis er det trekt i snora no, og vi bremsar opp produksjonen for å gjere dei tiltaka vi skal gjere. Inntrykket mitt er at administrasjonen har lytta og komme med gode forslag framover, seier han.

Rogde fortel at innbyggjarane i kommunen kjem til å merke at ein sparer på økonomien.

– 2024 blir eit år der vi skal ta kostnadsbiletet raskt ned.

Det er kalla inn til eit ekstraordinært formannskapsmøte for å finne løysingar og sleppe at det er tre veker mellom kvart møte.

Rogde fortel at dei skal skjerme utsette personar, utsette område i kommunen og ha dei beste løysingane.

Les også Historisk maktskifte: Høyre tar over Ap-kommunen med 3,5 milliarder i gjeld

Skal snu kvar stein

Kommunedirektør Elisabeth Paulsen fortel at det neste året blir veldig stramt for kommunen.

Elisabeth Paulsen har vært kommunaldirektør i Hammerfest kommune fra 1. januar 2023.

Kommunedirektør i Hammerfest kommune, Elisabeth Paulsen, fortel at det ikkje er nokon marginar i 2024.

Foto: Allan Klo / NRK

– Det er ingen marginar der. Vi gjer det med tett kostnadskontroll, innkjøps- og reiseavgrensingar og tilsetjingsstoppar. Det er heilt nødvendig i forhold til at vi skal kunne skape oss noko handlingsrom undervegs i det vi gjer av omstillingsarbeid, seier Paulsen.

Ordføraren seier dei har gode folk med seg for å knuse meir tal og gå meir i djupna på alle avdelingane.

– Vi har sett ned eit omstillingsutval som også jobbar over alle sektorane, i alle etasjane og i alt kva vi kan gjere. Kvar einaste stein skal bli snudd for å finne moglegheiter til å ta ned produksjonen, seier han.

Rogde stadfestar at dei enno må ta opp kassekreditt for å betale ut lønn til dei tilsette. Det er noko han håpar dei slepp å gjere vidare etter dei nye kutta.

– Vi er positive at dette skal gå bra, men det blir eit veldig tøft år.

Les også Styrtrik gasskommune har havnet i krise, mener Høyre – krever gjennomgang

Melkøya