Hopp til innhold

Tradisjonsnæring kan bli fjerna med eit pennestrøk: – Uhøyrd!

Klima- og miljødepartementet foreslår å stanse fisket etter atlantisk laks i sjøen. Forslaget haustar storm frå «alle» i Finnmark.

Øystein og Anne Kristiansen fra Nesseby

SLUTT: Klima- og miljødepartementet vil ikkje opne for sjølaksefiske etter atlantisk laks i 2023.

Foto: Liss-Ellen Ramstad, Sametinget

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I førre veke lanserte Klima- og miljødepartementet (KLD) forslaget om at det blir målretta fiske etter pukkellaks til sommaren.

Frank Emil Trasti er leiar i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag.

Han var glad for det som stod i pressemeldinga, men ei viktig opplysning som er vesentleg for Trasti og andre sjølaksefiskarar var godt skjult: Departementet vil ikkje opne for ordinært sjølaksefiske i 2023, altså fiske etter atlantisk laks.

Den opplysninga ligg på Miljødirektoratet sine nettsider og i eit brev KLD sende til Miljødirektoratet den 10 mars.

Les også Får ikke fiske etter uønsket art i sjøen: – Som å kjempe mot et mangehodet troll

Pukkellaks i ferd med å dø

– Fjernar viktig sjøsamisk næring

Trasti var nøgd då pressemeldinga frå KLD kom.

– Vi var positive til at regjeringa endeleg opna opp for auka fangst av pukkellaks i sjøen.

Gleda var kortvarig.

– Vi synest forslaget er uhøyrd.

Trasti seier også at forslaget kom svært overraskande på sjølaksefiskarane, mellom anna fordi det er venta at minst ein million individ av pukkellaksen vil vere på veg til norske elver i 2023.

Han og kollegaene venta at dei skulle få fiske atlantisk laks innanfor dei vanlege fisketidene – og i tillegg drive direktefiske etter pukkellaks utanom periodane for det tradisjonelle sjølaksefisket.

– For det andre dreier det seg om ei viktig sjøsamisk næring som man fjernar med eit pennestrøk.

Frank Emil Trasti, leder i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag

OVERRASKA: Leiaren i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag, Frank Emil Trasti, seier at forslaget om å kutte det tradisjonelle sjølaksefisket kom overraskande på sjølaksefiskarane.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Følger ikkje råd frå fagdirektorat

I slutten av januar utarbeidde Miljødirektoratet eit notat kor det også har komme faglege innspel frå Fiskeridirektoratet.

I notatet konkluderer Miljødirektoratet med at det finst berre eitt alternativ så lenge dagens fiske i elvene held fram:

«Sjølaksefisket reguleres som i dag og pukkellaksen inngår som bifangst. Dette alternativet betyr at vi kan forvente at andelen av pukkellaksinnsiget som fanges i sjøen blir som i 2021. Mengden som fanges vil variere med innsigets størrelse. Dette alternativet vil gjøre det mulig å fortsette med et begrenset fiske etter atlantisk laks, sjøørret og sjørøye, bl. a som grunnlag for sjøsamisk kulturutøvelse. Dette kombineres med det sentrale virkemiddelet for å bekjempe arten, som er uttak av pukkellaks i vassdrag.»

– Det er svært merkeleg at KLD ikkje følgde denne anbefalinga, seier Trasti.

Les også Kritisk til å fiske pukkellaks i sjø: – Vil bli den nye kongekrabba

Pukkellaks i Storelva august 2021

Må kjøpe ny reiskap

Forslaget frå KLD inneber at det kan drivast direktefiske etter pukkellaks i sjøen – dersom det blir vedteke. Eit slikt fiske krev annan reiskap enn det sjølaksefiskarane har brukt i fisket etter atlantisk laks.

I det tradisjonelle sjølaksefisket kan ikkje maskene i kilenota vere mindre enn 58 millimeter. Når pukkellaksen er «målart» i fisket, må det brukast nøter med masker på mellom 55 og 58 millimeter.

– Ingen sjølaksefiskar i landet har ei slik not, seier Trasti.

Han trur heller ikkje det er mogleg å gjennomføre eit lønnsamt fiske dersom sjølaksefiskarane berre får ta pukkellaks i år.

Sametingspresident Silje Karine Muotka og klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

MISNØGD: Sametingspresident Silje Muotka meiner klima- og miljøminister Espen Barth Eide og KLD har fremma eit forslag som går ut over den sjøsamiske kulturen.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Sametingspresidenten misnøgd med prosessen

Sametingspresident Silje Muotka stiller seg undrande til at KLD ikkje har følgd rådet Miljødirektoratet kom med i januar. Ho seier det er viktig å fjerne pukkellaksen, men at det ikkje må gå ut over det tradisjonelle sjølaksefisket.

– Dette vil ramme den sjøsamiske kulturutøvinga på ein svært alvorleg måte.

Sametingspresidenten meiner KLD har sett i gang ein prosess om er under all kritikk.

– Forslaget er sendt på høyring utan at det har vore dialog med sjølaksefiskarane, dei som kan gje tilbakemelding om korleis dette kan gjennomførast. Sametinget har heller ikkje blitt involvert før forslaget blei sendt, til trass for at dette er alvorleg oss alle.

I dag skal KLD, Sametinget og dei to sjølaksefiskarorganisasjonane i Finnmark (Finnmark Sjølaksefiskerforening og Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag) møtast for å drøfte saka.

– Eg forventar at sjølaksefiskarane blir tatt med på råd, og at det blir mogleg å kjempe mot pukkellaksen, samtidig som det tradisjonelle sjølaksefisket blir varetatt – som ein del av den sjøsamiske levemåten, seier Muotka.

Sjølaksefiskere

VIKTIG: – Det tradisjonelle sjølaksefisket må få halde fram, som ein del av den sjøsamiske levemåten, seier sametingspresident Silje Muotka.

Foto: Harry Johansen

Bruke høyringa konstruktivt

NRK har bede om kommentar får Klima- og miljødepartementet og fått skriftleg svar på e-post frå statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp).

Han oppmodar alle som har meiningar om forslaget til å fremme sine synspunkt i høyringsrunden som varer til 11. april.

Han legg til at departementet meiner at formålet med å ta ut mest mogleg pukkellaks lettast kan bli nådd ved å drive direktefiske etter den uønskte arten i sjøen.

Samtidig ønsker KLD at konsekvensane for annan anadrom laksefisk (atlantisk laks, sjøaure og sjørøye) skal bli minst mogleg. Difor bad KLD «Miljødirektoratet om å sende det foreslåtte målrettede fisket etter pukkellaks i sjø på høring på vegne av KLD.» – skriv Heen.

Les også Mener det haster å fiske pukkellaks i sjøen

Odd Emil Ingebrigtsen