Hopp til innhold

Færre skademeldingar enn venta under militærøving: – Det pleier å vere mykje meir

Militærøvinga Nordic Response er over. Etter kvar øving dukkar det opp skadar på terreng, tre og gjerde som Forsvaret ryddar opp i. I år er ikkje noko unntak.

Luftvernbataljonen i Hammerfest

Øvinga strekte seg over store delar av Vest-Finnmark og indre strøk inn over grensa til Finland.

Foto: Allan Klo / NRK

Marianne Rygh Bø er miljøvernoffiser ved Forsvarets operative hovudkvarter, men under Nordic Response har leia miljøvern og skadesaksarbeidet.

– Vi har fått ti klager så langt og fått inn 84 skadesaker, seier ho.

Marianne Rygh Bø, miljøvernoffiser ved Forsvarets operative hovedkvarter, men under Nordic Response så leder hun miljøvern og skadesaksarbeidet.
Til høyre er Marja Elise M H Eira, som bistod under forberedelsene til øvelsen.
I Kautokeino

Marianne Rygh Bø, miljøvernoffiser ved Forsvarets operative hovudkvarter, men under Nordic Response så leiar ho miljøvern og skadesaksarbeidet. Til høgre er Marja Elise M H Eira, som hjelpte under førebuingane til øvinga.

Foto: Privat

Under øvinga Cold Response i 2018 fekk dei 1099 skadesaker. Denne gongen er det mykje færre saker.

Klagene kan vere at dei øver litt for nær hus, støy, tre, har køyrt ned gjerde og køyrt på innmark.

– Det pleier å vere mykje meir, så vi er overraska over kor lite det er. Viss ein ser på kor øvinga blir gjennomført så er det område som ikkje er så folkerikt. Derfor ser vi det som ein samanheng med at det er lite innmeldingar av den grunn, seier Bø.

Ho seier at det har vore tilfelle der dei har avtalt med reineigarar at øvinga skal gå føre seg i eit område, men så flyg helikopter heilt feil og flokkane blir samanblanda.

Et militært helikopter i lufta under øvelsen Nordic response.

I eit tilfelle hadde eit helikopter flydd feil veg og gjort at reinflokkar vart samanblanda.

Foto: CANSOFCOM / Forsvaret

– Når vi har sagt at vi skal halde oss i det området og gjere nokon det dei ikkje skal gjere, det synest eg er veldig synd for dei reineigarane som blei råka.

Bø seier det er ein del skadar på autovern, men Statens vegvesen har sendt entreprenørane sine ut og sett oppmerking.

Forventar meir

Det ligg framleis mykje snø der øvinga har gått føre seg og det er mogleg at det kjem fleire skademeldingar etter kvart. Bø meiner det også er noko av grunnen til at det er lite melde skadar så langt.

En finsk leopard stridsvogn på øvelsen Nordic Response. Her på grensa mellom Norge og Finland, Geađgejávri i Finnmark.

Ein finsk leopard stridsvogn på øvinga Nordic Response. Her på grensa mellom Noreg og Finland, Geađgejávri i Finnmark.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

– Det vil nok komme fleire no dei neste dagane, men så forventar eg at det blir litt stillare i ein periode.

– Kor mange skadersskadesaker pleier de å få etter ei øving?

Totalt sett ligg vi kanskje mellom 200–300.

Ho legg til:

– Vi bruker lova om rekvisisjon slik at vi får løyve til å bruke grunn. Det står også i lova at alle skadar skal gjerast opp. Så lenge nokon finn skade, så vil eg ta imot meldingane.

Les også Nordic Response fullført: – Høydepunktet var at Sverige ble medlem av Nato

Nato-øvelsen Nordic response avsluttes. 1200 materielle objekter – stridsvogner, beltevogner og containere lastes om bord i skip ved Langnes kai utenfor Alta.

Mange område

Bø seier at jo fortare folk melder inn skadar, jo meir sannsynleg er det at det er dei som er årsaka.

Norske og tyske forsvarsminister får
demo av tyske styrker

Øvinga føregjekk frå Nordland til Finnmark.

Foto: Synne Nilsson / Forsvaret

– Normalt sett ligg vi på kanskje 4 til 8 millionar kroner. Vi betaler også for dei skadane vi gjer på veg, i skilt og autovern og viss det er skade på vegdekket. Det er mange område vi gjer skade på som vi må erstatte.

Bø fortel at ho sit med skadetelefonen klar i tilfelle nokon finn skadar.

– Det er berre for folk å ringe inn og seie frå. Eg vil jo helst at folk ringer inn ein gong for mykje enn at dei sit og tenker på det. For får vi gjort opp skadesakene nå, så forstår folk at vi tar dette seriøst og at vi er velkomne tilbake seinare, seier Bø.

Les også Set opp 5G på Finnmarksvidda for fyrste gong

Personell fra Cyberforsvaret under
øvelse Nordic Response 2024

Les også Kronprinsen på Nordic Response: – Fint å kunne øve med våre nyaste allierte

Kronprins Haakon møter menige