Hopp til innhold

Mann dømt til omvend valdsalarm: – Det er eigentleg eit flyttepåbod

Ein mann i 30-åra er i Vestre Finnmark tingrett dømt til fengsel, omvend valdsalarm og tap av førarrett for alltid. Dei siste ti åra har 89 vorte dømt til omvend valdsalarm.

Vestre Finnmark tingrett i Alta

Ein mann er dømt til omvend valdsalarm i Vestre Finnmark tingrett.

Foto: André Bendixen / NRK

– Eg er fornøgd med at retten valde å dømme den tiltalte til omvend valdsalarm, seier aktor Lena Sagnes Vågan, om dommen i saka mot mannen i 30-åra frå Finnmark.

I to år skal mannen fleire gonger utsett den tidlegare sambuaren sin for vald og truslar.

Mannen fekk eit år og åtte månader fengsel. Påtalemakta har også fått medhald i ønsket om omvendt valdsalarm i tre år. Mannen kan ikkje kontakte den tidlegare sambuaren sin og ei anna kvinne i tre år framover.

Lena Sagnes Vågan seier at påtalemakta skal vere pådrivar for omvend valdsalarm, og med det flytte byrda der ho høyrer heime: Hos valdsutøvar.

– Når det gjeld dommen og lengda på ho har eg sendt innstillinga mi til statsadvokaten som skal vurdere om dommen skal godtakast eller ankast, seier Sagnes Vågan.

Les også Omvendt voldsalarm endret livet til Birgitte – nå vil politiet at flere skal få det

Birgitte til sak om omvendt voldsalarm.

Aukande bruk av valdsalarm

I Noreg har 89 menneske vorte dømt til omvend valdsalarm sidan 2014. Det har blitt bedt om av påtalemakta i 196 saker. Tala har vore aukande sidan 2019.

I Finnmark politidistrikt har fem vorte dømt til omvend valdsalarm dei siste ti åra, medan det har vore lagt ned påstand om to saker som ikkje retten tatt påtalemakta til følgje. Det er dei siste åra bruken av omvend valdsalarm har blitt brukt.

Frifunne på eit punkt

Mannen blei frifunnen på eit punkt, som var at han skal ha slått ei anna kvinne i ansiktet slik at ho fekk eit brot i nasen. Mannen erkjente dette forholdet, men blei likevel frifunnen.

Mannen er òg dømt for vald og truslar mot politiet, i tillegg til å ha køyrt i rusa tilstand.

Han har køyrt i ruspåverka tilstand to gonger, ein gong i Oslo og ein i Vest-Finnmark. Grunna dette og tidlegare hendingar har mannen blitt frådømt førarretten for alltid.

Forsvararen til mannen, Benny Solheim, seier at han har gått igjennom dommen med klienten sin.

Advokat Benny Solheim i Alta.

Forsvararen til mannen, Benny Solheim, seier at dommen er eit inngrep for klienten hans.

Foto: Stian Strøm / NRK

– Det er ein del positive element og nokre negative element som han må vege opp mot kvarandre før han finn ut om han vil anke.

– Har du snakka om forbodssonene med klienten din?

– Eg har ikkje diskutert forbodssonene konkret med han, men det er eit inngrep for han som går utover kontakten han har med familien sin. Det vil i praksis vil seie at han ikkje kan bu eller oppsøke store delar av fylket. Det er eigentleg eit flyttepåbod, seier Solheim.

Les også Anslår tidobling i antall omvendte voldsalarmer

Må betale oppreising

Mannen i 30-åra erkjente seg delvis skuldig etter to postar i tiltalen og skuldig i dei resterande postane.

I dommen må mannen også betale 140.000 kroner i oppreising og 7000 kroner i økonomisk tap til den tidlegare sambuaren sin.

Han får heller ikkje lov til å opphalde seg i fire kommunar som ligg i Finnmark.

Les også Dømt til omvendt valdsalarm – men droppa å lade fotlenka

Omvendt voldsalarm

Les også Samboervold: Dømt til fengsel i to år – og kontaktforbud for alltid

Buskerud tingrett voldssak