Hopp til innhold

Kjempar for vaksinering av sjøfolk og internasjonale vaksinehamner

FN, skipsreiarar og sjøfolk kjempar for eit internasjonalt vaksineprogram som prioriterer sjøfolk i vaksineringa. Frå Noreg har det foreløpig vore stille.

Russisk tråler med koronasmitte i Bergen.

Maskinistforbundet seier at 200.000 sjøfolk framleis er koronafast rundt om i verda.

Foto: Marit Hommedal / NTB

I april skapte eit skip som sat fast i Suezkanalen handelskrise, då det lamma store delar av varetransporten i verda. FN og sjøfolk fryktar pandemien kan skape same krise om vi ikkje får fortgang i vaksineringa av sjøfolk.

Tidleg i pandemien blei sjøfolk sett som internasjonalt samfunnskritisk personell.

Odd Rune Malterud

Fagsjef i Det norske maskinistforbund, Odd Rune Malterud.

Foto: Det norske maskinistforbund

– Dette gjorde at dei blei fanga på båtane i staden for å kunne reise fritt. Vi har tilfelle der folk har stått om bord i meir enn to år fordi dei ikkje kan kome i land.

Det seier Odd Rune Malterud, fagsjef i Det norske maskinistforbund.

Ifølgje Malterud sitt rundt 200.000 sjøfolk framleis koronafast rundt om i verda. Han fryktar utslitne sjøfolk aukar faren for ulukker og potensielle miljøkatastrofar.

Dei meiner regjeringa ikkje har tatt innover seg kva det vil seie å vere samfunnskritisk. Han får støtte frå Noregs Rederiforbund.

– Sjøfolk er avhengige av å reise på tvers av landegrenser for å utføre arbeidet sitt. Dei kan ikkje sitje på heimekontor. Vi er heilt avhengige av at dei får gjort jobben sin, seier leiar Harald Solberg.

Harald Solberg

Administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Harald Solberg.

Foto: Kilian Munch / Kilian Munch

Den siste tida har det vore møter i FN sitt tryggleiksråd, IMO og ILO for å finne ei løysning på krisa sjøfolka i verda står i.

ILO har kome med ei kraftig oppfordring til regjeringane i verda om å få til eit system for vaksinering, så dei får reise fritt fram og tilbake til skipa utan å sitte i karantene.

Utfordringa er at dette berre er rådførande for den enkelte flaggstat. Det er opp til dei om dei vil gjennomføre.

Noreg er ein av dei viktigaste sjøfartsnasjonane i verda. Men sjøfartsorganisasjonane opplever ikkje at bodskapen har nådd fram til regjeringa.

Vil skape vaksine-hubar

Det er kommunane som er ansvarlege for å vaksine innbyggarane sine. Men sjøfolk er ute på havet i lange periodar, og må ofte sitje opp til ein månad i karantene for å mønstre på og av.

I tillegg bur mange nordmenn i andre land. På skip med norsk flagg jobbar folk med alle moglege nasjonalitetar, også frå land som forholdsmessig har fått mange færre vaksinedosar enn Noreg.

– Sjøfolk er som eit lite land i verda som ikkje blir prioriterte for vaksine. Sikre at dei blir vaksinerte når dei gå i hamn, seier Solberg.

Derfor vil FN og sjøfartsorganisasjonane at vaksineringa av sjøfolk skal bli organisert internasjonalt, der viktige hamner blir ansvarlege for å vaksine sjøfolk.

– For eksempel Singapore, der du har prioritert vaksinering av sjøfolk, før dei reise ut derifrå igjen, seier Malterud.

Sjøfolk er utsette for smitte fordi folk mønstrar på for heile verda.

– Fordi ein er langt unna er det vanskeleg å få hjelp, og det er vanskelegare å bli evakuert til land.

Jon Magnus Haga er seksjonsleiar for Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin. Dei gir mellom anna helsehjelp til folk på havet.

Han seier at det er vanskeleg å førebyggje smitte på skip fordi ein bur tett.

Lars Andreas Lunde

Statssekretær i Næringsdepartementet, Lars Andreas Lunde.

Foto: Erlend Kjernli / NRK

NRK har sendt spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis dei svarar på oppfordringa frå FN og sjøfartsorganisasjonane.

Statssekretær Lars Andreas Lunde skriv likevel i ein e-post til NRK at dei ikkje har gløymt sjøfolka og innsatsen dei har lagt inn under pandemien:

«Folkehelseinstituttet anbefalte nyleg å ikkje prioritere vaksinasjon av enkelte yrkesgrupper eller personar med samfunnskritisk jobb framfor andre. Regjeringa har følgt denne anbefalinga. Prioritering av samfunnskritiske grupper utover helsepersonell vil ifølge instituttet skape et enormt meirarbeid for kommunane utan ein betydeleg raskare vaksinering.»

Flere nyheter fra Troms og Finnmark