– Eg saknar han, men eg prøver å ikkje tenkja så mykje på det. Det gjer det litt lettare, seier Elisabeth Gjerde Vågenes.
Ho sit aleine i huset på Karmøy i Rogaland. Ho har ikkje sett sambuaren på fem månadar.
Jan Steinar Kyrkjeeide jobbar som dekksoffiser på et skip for reiarlaget Odfjell. Skipet er ligg i Bahrain i Midtøsten. Landet har stengt for innreise og utreise på grunn av koronakrisa.
Han kjem seg ikkje heim.
– Det er ikkje å stikke under stol at eg vil heim. Eg saknar kone, hund og familie, seier han.
Jan Steinar Kyrkjeeide er på et skip i Bahrain. Han kjem seg ikkje heim.
Foto: PrivatKor tid dei får sjå kvarandre igjen, veit dei ikkje.
200.000 sjøfolk vil heim
Kyrkjeeide er ikkje aleine om å vere sjøfast. Odfjell har om lag 150 tilsette som ventar på å koma i land.
– Det er alvorleg for sjøfolkene som ikkje kjem seg heim, seier operasjonsdirektør i Odfjell, Harald Fotland.
I verda er det om lag 200.000 sjøfolk som ikkje har kome seg heim dei siste månadane på grunn av strenge smitteverntiltak og reiserestriksjonar etter viruset braut ut.
Torsdag skal internasjonale myndigheiter, inkludert norske, samlast til toppmøte i London for å diskutere situasjonen for sjøfolk under koronapandemien.
– Det er viktig at dei klarer å komme fram til ordningar som gjer at me kan gjera vaktbytter på tilsette på skipa, seier Fotland.
Operasjonsdirektør i Odfjell, Harald Fotland.
Foto: OdfjellKan få konsekvensar for verdsøkonomien
– Den menneskelege sida av dette begynner å bli kritisk. Samtidig kan det virke som at verdssamfunnet ikkje forstår alvoret i situasjonen, seier administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg.
Rederiforbundet ber internasjonale myndigheiter om å opprette ein korridor for sjøfolk slik at de kan mønstre av og på utan å bli ramma av nasjonale reiserestriksjonar.
Solberg meiner at verdshandelen vil stoppe opp dersom ein ikkje får kontroll på problema rundt mannskapsskifte fort.
– Det vil få dramatiske konsekvensar for verdsøkonomien og vareflyten – også den som skal til og frå Noreg, seier Solberg.
Internasjonal markering
Onsdag klokka 12 støta skip over heile verda i signalhorna for å markera for sjøfolka som ikkje får kome i land.
– Det er veldig fint at det blir sett fokus på det. Dei gjer ein viktig jobb for landet vårt, seier Elisabeth Gjerde Vågenes.
Elisabeth og Jan Steinar kan ikkje ringas på grunn av dårleg dekning på skipet i Bahrain. Derfor snakkar dei mest saman på meldingar.
Foto: Gisle Jørgensen / NRK