Hopp til innhold

Smitta etter 26 dagar på havet: – Uvanleg at det tek så lang tid

Mannskapet oppdaga koronasmitte etter nesten ein månad på havet. Berre ein av dei smitta har symptom.

Rolf Asbjørn

Garn- og autolinebåten «Rolf Asbjørn» måtte avslutte fiske i Barentshavet etter at fleire i mannskapet testa positivt på korona. Dei kom til Tromsø søndag morgon.

Foto: Marita Andersen / NRK

– Det er pussig. Etter 26 dagar med fiske sa ein i mannskapet at han hadde mista smaks- og luktesans. Skipperen var nesten motvillig til å ta testen, fordi det skal jo ikkje gå an.

Rolf Bjørnar Tøllefsen, som eig fiskebåten «Rolf Asbjørn», seier at skipperen tok feil. Testen viste positivt.

Rolf Bjørnar Tøllefsen

Reiar Rolf Bjørnar Tøllefsen, Senjen Fiskeriselskap og båten Rolf Asbjørn.

Foto: Linda Pedersen / NRK

– Så testa vi resten av mannskapet og fekk stadfesta to til smitta.

Mannskapet på 15 kjem frå Nordfjord og Sunnmøre. Det er Ervik Havfiske på Stad som står bak eigarskapen på båten.

Båten måtte avbryte fiske i Barentshavet, og vende snuten mot Tromsø.

Til saman 8 av 15 personar er no smitta. Men ingen av dei smitta har symptom, bortsett frå personen som mista lukt og smak.

Mannskapet er no isolerte og i karantene i Tromsø. Båten høyrer heime på Senja. Alle i mannskapet er norske.

– Uvanleg at det tek så lang tid

Også leiar for koronasenteret og smittesporingsteamet i Tromsø kommune, Øivind Benjaminsen, stussar på at det har tatt så lang tid før symptoma har utvikla seg.

– Det er uvanleg, så sporingsteamet er i gang med å snakke med mannskapet for å finne ut korleis dette kan ha spreidd seg om bord.

Han seier det foreløpig er for tidleg å seie noko om korleis dette kunne skje.

– Konklusjonane får vi dra når vi er ferdig med det arbeider, seier Benjaminsen.

Øyvind Benjaminsen

Fagleiar på koronasenteret i Tromsø, Øivind Benjaminsen.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Smitten har nok kome om bord med ein, og snike seg rundt i fleire veker. Dei første som kan ha fått det er frisk no, seier Tøllefsen.

Det at fleire er smitta utan symptom er derimot ikkje uvanleg. NRK har også vore i kontakt med Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin ved Haukeland universitetssjukehus. Dei driv tenesta «Radio medico», som er den offisielle legevakta for skip i Noreg.

Dei kan ikkje uttale seg spesifikke saker, men seier at det er uvanleg å smitte spreier seg seint. Samtidig treng det ikkje å vere uvanleg i større kohort, som den på båten, der dei har jobba på skift, og har vore flinke med handvask og avstand.