– Mangelen på bustadar er nok med på å forklare prisen. Prisdanninga er overlate til marknadskreftene i bustadmarknaden.
Det seier bustadsjef i Tromsø kommune, Roar Stangnes.
Forklaringa på stoda i bustadmarknaden er ikkje overraskande – men den er brutal. Dei som ikkje får lån i banken eller hjelp av familien, blir ståande utanfor:
Inngangsbilletten er for dyr.
- Les også:
- Les også:
Solsiden eit sjeldan eksempel
I 2001 var Solsiden burettslag fullfinansiert av Husbanken for folk mellom 18 og 35. Det blei opninga til bustadmarknaden for Guro Bangsund Lægreid og sambuaren. Med lågt innskot og rimeleg fellesgjeld blei totalkostnaden per månad 6000 kroner.
– Det var ikkje avdragsfritt, men kostnadane var såpass låge at vi kunne bu her, eit ungt par som studerte, og vi hadde til saman dei same utgiftene som medstudentar som leide hybel, fortel Bangsund Lægreid.
(Artikkelen held fram under bildet.)
I ti år var det prisregulering på sal av leilegheitene på Solsiden, og det var avgrensingar på framleige.
– Det gjorde at det ikkje kom nokon inn som kjøpte for å selje raskt på nytt, eller kjøpte for å leige ut, for det var ikkje mogleg i meir enn eit par år, seier ho.
- Les også:
Eigendomsmeglar: – Absurde leigeprisar
Solsiden er eit sjeldan eksempel på sosial bustadbygging i Tromsø på mange år.
Det seier Thomas Bugge, mangeårig eigendomsmeglar. Han er svært kritisk til det han meiner er kommunen sin mangel på sosial profil i bustadbygginga.
– Dette har stimulert til at folk har måtta leie, spesielt studentar må betale heilt absurde prisar for små, kummerlege leilegheiter. Det har gjort at folk sitt med svære leigeinntekter.
Og så har kanskje mange studentar no kome til ei erkjenning om at det ville eigentleg ha vore billigare å kjøpe ein liten eittroms til 2,2 millionar enn å leige ein kjip hybel.
- Les også:
Startlån er oppbrukt
Folk vil kvie seg for å bu i Tromsø om ikkje det skjer ei prisendring, meiner Bugge. Han meiner det bør vere mogleg å bygge billigare utanfor sentrum.
I dag er startlånordninga det mest sentrale for å ordne hus til unge bustadkjøparar. Dei siste fire åra har den vore til god hjelp, meiner bustadsjef Roar Stangnes.
Men i år strekk ikkje pengane til: Dei 100 millionane kommunale kroner er oppbrukt.
– Høge prisar skapar uheldige forskjellar i ein by som skal fremme mangfald, meiner Guro Bangsund Lægreid.
– Det er veldig vanskeleg. Vi er kanskje opptatt av å ha mangfald, men det finst ikkje i bustadmarknaden.
- Les også: