NRK Meny
Normal

Hindrar fråfall med formar og fargar

Ein ny pedagogikk i barnehage og småskule kan få ned fråfallet i den vidaregåande skulen.

Nyborg-pedagogikken

Seniorrådgjevar Andreas Hansen i Statped Nord visar fram det som kallast Systematisk omgrepsundervisning for pedagogar i Målselv.

Foto: Stine Hommedal

– Denne måten å læra på, er mykje meir konkret enn tradisjonell undervisning, seier seniorrådgjevar Andreas Hansen i Statped Nord.

Åtti pedagogar ifrå skule og barnehage er samla i ein mørk kinosal i Målselv.

På eit lerret ser dei ulike formar, fargar og mønster. Det kallast Systematisk omgrepsundervisning, og er den nye pedagogikken som åtte kommunar i Midt-Troms no satsar på.

Alle lærarar, førskulelærarar og assistentar i alle barnehagar og skular i heile regionen skal få opplæring i den nye pedagogikken i løpet av dei tre neste åra.

Andreas Hansen demonstrerer systematisk begrepsundervisning, også kalt Nyborg-pedagogikken.

Andreas Hansen demonstrerer systematisk omgrepsundervisning, også kalla Nyborg-pedagogikken. Video: Martin Mortensen, NRK.

Konkrete ting

Statped er ei spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylke. Hansen er primus motor for det store prosjektet i Midt-Troms.

– Me brukar konkretar, eller ting om du vil, i undervisninga, som borna kan både sjå og ta på. Slik lærer dei seg grunnleggjande omgrep, til dømes at rund er ei form. Borna blir gode til å sjå kva som er likt og kva som er ulikt, seier han.

– Kvifor er det viktig i leseopplæring?

– Viss ikkje du ser at bokstavane b, p og d er like, men samtidig ulike, kan du forveksle dei. Difor er det heilt grunnleggjande å lære seg dette.

– Færre vil trenga spesialundervisning

Hansen sitt mål er at heile den norske grunnskulen tek inn den nye pedagogikken.

Han vedgår at det vil vera ressurskrevjande, men meiner det på sikt vil bli billig.

– Me vil etter ei stund spara pengar på å jobba på denne måten, fordi færre born vil trenga spesialundervisning.

I Hordaland har spesialpedagog og privatlærar Solveig Nyborg det same målet.

Ho meiner Systematisk omgrepsundervisning – som også vert kalla Nyborg-pedagogikken, etter svigerfaren til Solveig – førebyggjer lærevanskar dersom ein byrjar tidleg.


– Svake elevar får eit løft, samtidig som også elevar som lærer normalt, vil bli betre, seier ho.

Manglar grunnlaget

Mange av elevane som får privattimar etter ordinær skuletid hjå Nyborg, slit med lærevanskar.

– Dei kan mykje, men manglar ofte det enklaste i botnen. Eg samanliknar det ofte med eit bord med tre bein. Viss du held fram med å lasse på ny informasjon, men eleven manglar den heilt grunnleggjande forståinga av til dømes matte, så vil til slutt bordet knekke saman av alt som blir lagt på toppen.

– Men viss me øver oss på dei grunnleggjande omgrepa, som former og mønster, med ei praktisk tilnærming, då står bordet støtt. Då kan ein leggja på ny kunnskap att, seier ho.

Felles plattform

Pedagogikk

Barnehagestyrar Øyvind Kjærstad meiner det er på tide at lærarar i barnehagen og på skulen få ein felles undervisningsplattform.

Foto: Stine Hommedal

I Målselv kjem barnehagestyrar Øyvind Kjærstad ut ifrå kinosalen – nettopp ferdig med fyrste kursdag. Han gler seg til fortsetjinga.

– Dette er eit kjempeviktig prosjekt. For første gong skal lærarar i barnehagen og på skulen få ein felles plattform, me vil alle få den same forståinga, seier Kjærstad.

pedagogikk

Rådmann i Bardu kommune, Hege Walør Fagertun, vil satse på tidleg innsats mot lærevanskar.

Foto: Stine Hommedal

Rådmann i Bardu kommune, Hege Walør Fagertun, meiner den tidlege satsing kan gje effekt heilt opp i vidaregåande skule.

– Me satsar så stort på dette fordi forsking visar at tidleg innsats allereie frå barnehagen av, er det som skal til.

Hindrar fråfall

– Målet vårt er å hindra at unge sluttar på skulen. Med å starta tidleg, ønskjer me å gå frå fokus på spesialundervisning, til heller å hjelpa borna tidlegast mogleg.

– Så du trur at eit nytt pedagogisk opplegg frå barnehagen av kan hindra ungdom i å slutta på vidaregåande skule seinare?

– Ja, heilt klart, og det er difor me kjem med denne breie satsinga, svarar rådmannen i Bardu.

Hansen i Statped Nord er også overbevist:

– På denne måten legg me til rette for at borna skal lukkast. Og dei må lukkast, for å komma seg vidare. Elevar som lukkast, vert meir motiverte for å læra meir.