Hopp til innhold

– Glad for at valkamp i Norge ikkje er som i USA

TROMSØ (NRK): Det amerikanske nominasjonsvalet går føre seg for fullt, og får stor plass i både amerikanske og norske medium. Tromsøværingar følger godt med på valkampen, men synest den byr på mest show.

USA-ELECTION/TRUMP

Milliardæren og eigedomsmogulen Donald Trump har nådd mykje lenger i den amerikanske valkampen enn mange ekspertar hadde trudd.

Foto: CHRIS KEANE / Reuters

Milliardæren Donald Trump har særleg overraska i valkampen, og leiar no blant dei republikanske kandidatane. Hillary Clinton har vunne flest delstatar blant Demokratane.

Stein Tøllefsen-Jacobsen frå Tromsø synest valkampen minner meir eit sirkus enn politikk.

– Det er veldig mykje show. Det er til ein viss grad morosamt, men også skremmande med tanke på USA sin posisjon i verda, seier han.

Maja Røstberg synest årets val er merkeleg.

Maja Røstberg

Maja Røstberg håper at Hillary Clinton går heilt til topps og overtek presidentstolen etter Barack Obama.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

– Spesielt på den republikanske sida, Trump er mest ein protestkandidat. Det er òg veldig spesielt med ein sosialdemokrat i Det demokratiske partiet.

Helge Sandbakken følger med på valet mest på grunn av kandidatane.

– Dessutan handlar det om USA, ein av verdas største makter, seier han.

Kontroversielle utsegn

Dei tre er samde om at det er store skilnader på valkampar i USA og Norge. Trump har komme med fleire kontroversielle utsegn, mellom anna ønske om innreiseforbod for muslimar.

– Det er spesielt når edlare kroppsdelar vert viktigare enn politiske saker i debattane. Eg er så glad for at valkampar i Norge ikkje går føre seg på same måte som i USA, seier Tøllefsen-Jacobsen.

Marcus Buck, valforskar ved Norges Arktiske Universitet (UiT), stadfestar at nordmenn lenge har vore svært opptekne av val i USA.

– Det er ikkje det minste rart. USA er Norges næraste allierte, og det største og mektigaste landet i verda, seier han.

Gunn og Stein Are Tøllefsen-Jacobsen

Ekteparet Gunn og Stein Tøllefsen-Jacobsen er glad for at valkampar i Norge ikkje går føre seg på same måte som i USA. Dei synest amerikanske valkampar handlar om for mykje show.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

Ønskjer endring

Jeff Lange flytta frå USA til Norge for 30 år sida, og bur no i Tromsø. Han seier at årets val er spesielt.

– Eg trur amerikanarar i USA ønskjer ei stor forandring, difor har Trump så mykje støtte. Mange er nok også lei av dei typiske politikarane, difor stemmer dei på Trump.

Lange synest likevel det er ufatteleg at Trump har gjort det så bra.

Helge Sandbakken

– Donald Trump har ein del ekstreme utsegn som overraskande nok vert godteke av veldig mange, seier Helge Sandbakken.

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

Curt Rice har budd i Tromsø sida 1993, og meiner at valkampen i år er langt meir skitten enn før.

– Spesielt blant republikanarane, der går det mykje på persondebattar og personangrep. Det er ein veldig uheldig måte å velje ein president på. Politikarane diskuterer ikkje noko særleg dei store utfordringane i verda. Det er litt deprimerande, men det er også ein underhaldningsverdi i det heile, seier han.

Marcus Buck

Marcus Buck, valforskar ved UiT, Norges Arktiske Universitet, seier at debatten i den amerikanske valkampen på mange måtar er lågmål.

Marcus Buck trur at Clinton tek sigeren blant demokratane, men er usikker på om Trump vert republikanaranes presidentkandidat.

– Det blir etter kvart så sterke reaksjonar i det republikanske partiet at han kanskje ikkje vert nominert. Mange høgtståande republikanarar seier at dei heller vil stemme på den demokratiske kandidaten dersom Trump vert nominert.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark