Skridskor, Nils van der Poel, Pressträff och Träning

– Eg har aldri sett noko liknande.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

Nils van der Poel trenar sju timar om dagen.

Fem dagar i veka.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

Sjeldan er det med skøyter på føtene.

Likevel ...

2022 Winter Olympics, day -1, Speed Skating, training

Er han verdas raskaste på 5000 meter.

og 10.000 meter.

– Han har idear som er heilt spinnville, seier Wolfgang Pichler.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

Oppskrifta på OL-gull

Oppskrifta på OL-gull

Fredag formiddag sette Nils van der Poel nok ein gong verdsrekord og tok eit suverent OL-gull på 10.000 meter. Med tida 12.30,74 slo han sin førre rekord med to sekund og 21 hundredelar.

Dette er historia om dei spinnville førebuingane til OL-gullet – og den utanomjordiske tida.

I blå og gul drakt reiser han seg opp. I tolv minutt, 32 sekund og 95 hundredelar har han sklidd framover på isen.

Ny verdsrekord.

Oransje nederlendarar held på å dette av stolen, der dei sit framfor fjernsynet.

Kva var det som nettopp skjedde? Ein svenske som sette rekord? Her i skøytemetropolen Heerenveen? Og så på ei lågland-bane?

Heimehåpet Patrick Roest gret denne februardagen i fjor. Han var favoritten, men han hadde ikkje ein sjanse.

Patrick Roest

SKUFFA: Patrick Roest var deppa etter VM på heimebane.

Foto: Peter Dejong / AP

– Det er ein dårleg verdsrekord, seier Nils van der Poel.

No er 25-åringen frå Trollhättan i Sverige eit av dei heitaste namna i OL, men eigentleg skulle han aldri ha vore her.

Han har allereie lagt opp to gonger, og det er nok ikkje lenge før han avsluttar karrieren igjen.

– Det er så mange andre eventyr eg vil oppleve, seier han.

Men først skal eit hemmeleg dokument delast, og skøytemiljøet sitrar av spenning.

Kva står i det dokumentet?

Netherlands Speed Skating World Championships Single Distance

VERDSREKORD: Nils van der Poel senka verdsrekorden på 10.000 meter. Og det på ei bane med meir luftmotstand enn der den førre var sett.

Foto: Peter Dejong / AP

«Hata skiten»

Fyrste gongen han gav seg, var i 2015.

Han hadde akkurat gått ned frå sigerspallen i junior-VM etter å ha teke gull på 5000 meter.

Han minner at sølvvinnar Patrick Roest kom bort til han, gratulerte og fortalde at han hadde fått proffkontrakt i Nederland.

– Eg svara at eg skulle legge opp, seier Nils van der Poel.

– Eg hata skiten.

Nils van der Poel

PÅ HALV MASKIN: Nils van der Poel i 2015.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Etter det fyrste VM-gullet på 5000 meter året før, blinka varsellampa.

Det gav han ingenting. Han måtte ha noko meir i livet.

Så han reiste til militæret.

Han rakk å restarte skøytekarrieren før OL i Pyeongchang i 2018, men satsinga var halvhjarta. Han gjorde det berre for å få inntekt til den største lidenskapen.

Fallskjermhoppinga.

Tida mellom skøytetrening vart brukt på å kaste seg ut av fly. Han naut livet.

Y4LfV59VzAA

FALLSKJERM: Nils van der Poel er ein ivrig fallskjermhoppar. Her flyg han i fullstendig fridom.

Foto: Mikael Fritzon/TT / TT NYHETSBYRÅN

I leikane i Sør-Korea enda han på 14.-plass på 5000 meter.

I VM i Amsterdam ein liten månad etterpå var han nummer seks samanlagt i allround-VM, men vann den avsluttande distansen på 10.000 meter. Nok ein gong hamna Patrick Roest bak han på andreplass.

Historia gjentok seg, og Nils van der Poel la opp.

– Eg trur ikkje eg visste kvifor eg dreiv med idrett. Eg forstod ikkje kor viktig det var å følgje draumane mine.

Han reiste attende til militæret.

dr4IyhodISY

JEGERBATALJONEN: I midten står Nils van der Poel. Hausten 2021 var han attende som instruktør i jegerbataljonen i Lappland, kor han tenestegjorde i 2018 og 2019.

Foto: Jens Ökvist/TT / TT NYHETSBYRÅN

Comeback nummer to

Eitt og eit halvt år brukte van der Poel i jegerbataljonen i Lappland, før han omsider vende tilbake til skøytesporten.

No hadde han ein heilt anna innstilling enn tidlegare. No var han motivert.

Saman med trenar Johan Röjler sette han seg ned og funderte fram til eit effektivt treningsprogram, som skulle gjere han betre enn nokon gong.

– Han ville gjere noko unikt som ingen andre hadde gjort før. Han ville ikkje bremse, seier Röjler.

Den nye versjonen av Nils van der Poel sparka i gong eit treningsarbeid som ingen i skøytemiljøet har sett makan til før.

Van der Poel har allereie dela nokre detaljar om treninga, men snart vil alle få tilgang på meir.

– Det går i sykling og springing. Fem dagar i veka, og kvile i to. Sykkelturane kan vare i 7–8 timar. Kvar dag, fortel Nils van der Poel til NRK.

Flammen bak treningsprogrammet har fått han til å krysse grenser som aldri før.

– Den motivasjonen fekk meg til å bli så kald i regnet at eg pissa på mine egne hender for å varme dei. I vaksen alder sprang eg til eg byrja å grine, og så heldt eg fram med å springe, har van der Poel fortalt om øktene.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

TIMEVIS: I sumarhalvåret brukar han time etter time på sykkelsetet.

Foto: MAXIM THORE / BILDBYRÅN

Han elskar å utfordre seg sjølv. I 2021 sykla han 24 timar i strekk.

Ikkje berre ein, men to gonger.

Ein kan gruble i det uendelege på kva som får ein person til å gjere noko slikt.

Hjå van der Poel er det ofte berre ein kebab eller to som er nok motivasjon for det.

Frå spent til tent

Den kjente talentutviklaren Wolfgang Pichler, frå Sverige sin olympiske komité, var veldig interessert i korleis skøyteløparen trena. Tidlegare har han mellom anna trena legenda Magdalena Forsberg og fleire andre svenske skiskyttarar.

Da han fekk sjansen til å kaste blikket på treningsplanen til Nils van der Poel, så tenkte han: «Dette skal eg like å sjå.»

Olympiskt, SOK pressträff om satsning inför OS 2026

PÅ SIDELINJA: Wolfgang Pichler har trena van der Poel.

Foto: JONATHAN NÄCKSTRAND / BILDBYRÅN

I ettertid vart han førstehandsvitne til det.

Ein kald morgon i desember i fjor banka det plutseleg på døra til Pichler på heimstaden i den sørtyske byen Ruhpolding.

Der var også van der Poel, som stod utanfor døra og lurte på om han kunne låne nokre varme klede. Gradestokken viste minusgrader, og gatene var snødekt.

– Han skulle sykle i seks timar, seier Pichler.

Sjølv forklarer skøyteløparen kvifor han var så sugen på å sykle så langt, så tidleg på morgonen, på denne måten:

– Eg hadde sett meg ut ei kebabsjappe tre timar frå Inzell, som eg ville prøve. Så eg sykla dit, seier van der Poel.

Var kebaben god?

– Ja, eg åt to.

«Merkeleg» er ordet Pichler brukar når han skildrar Nils van der Poel, men skepsisen til treningsplanen som han hadde ved fyrste augekast, har snudd.

No er det ein stykk begeistra trenar som snakkar.

– Eg har aldri sett noko liknande. Han har idear som er heilt spinnville, seier Pichler.

Snart får heile verda innblikk i det.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

INZELL: Wolfgang Pichler i samtale Tomas Gustafson, som vart olympisk meister på skøyter i 1988 Tomas Gustafson. Bak trenar Nils van der Poel.

Foto: MAXIM THORE / BILDBYRÅN

Dei sprø detaljane

Treningsmetodane til Nils van der Poel har vekka oppsikt i skøyteverda.

Der dei fleste skøyteløparar ser mot Nederland for å bli best, så gjer ikkje Nils van der Poel det. Til trass for at han har genar frå landet. Etternamnet er nederlandsk, sidan farfaren hans er derifrå.

Han ser mot seg sjølv.

– Skøyter er høgintensivt. Vi meiner det er vanskeleg å byggje eit grunnlag for uthaldet på is, for du brukar same muskelgruppe og gjer dei same bevegelsane enten om du går fort eller sakte, seier van der Poel.

Sjølv trenar han sjeldan på skøyter. Likevel er han best der.

– Vår vurdering er at vi kan trene meir ved å stå av frå istrening og heller byggje uthald ved å springe eller sykle på låg intensitet. Da sparar eg skøytemusklane til å gå fort, forklarer han.

Det verkar som det fungerer. Når han fyrst snører på seg skøytene, går det fort. Ekstremt fort.

Dei gongene han faktisk trenar på is, har han berre to økter han varierer mellom.

Ei økt i verdsrekordfart på 5000 meter og ei økt i verdsrekordfart på 10.000 meter.

På den aller siste treningsdagen før OL, køyrde Nils van der Poel ikkje berre ei skøyteøkt, men tre økter på 10.000 meter.

– Alle tre var raskare enn verdsrekorden hans. Og så sykla han to timar på ettermiddagen, seier Wolfgang Pichler.

Korleis i h ...?

– Alle har jo sin måte å gjere det på, men det han gjer er så langt utanfor normalen som du kan få det. Ingen skøyteløparar har gjort som han tidlegare, fortel Håvard Lorentzen.

Han er eit av Noregs skøytehåp, men har enn så lenge ikkje funne ut kvifor treningsprogrammet til van der Poel fungerer.

– Det er mange langdistanseløparar og trenarar som gnir seg litt i hovudet og lurer på «korleis i helvete?»

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skøyter menn.

HADDE IKKJE ORKA: Håvard Lorentzen tok gull på 500 meter og sølv på 1000 meter under OL i Pyeongchang i 2018. Treninga til Nils van der Poel hadde han ikkje orka.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Frå 2016 fram til OL i Pyeongchang i 2018 trena van der Poel saman med det norske landslaget. Da følgde han Noreg sitt treningsopplegg på is, men utanfor isen brukte han sine eigne treningsmetodar.

– Han er jo ein spesiell type med ein ekstrem skalle, i form av å presse kroppen til det ytste, seier Sverre Lunde Pedersen, som er på det norske landslaget.

Han held fram:

– Han har på ein måte revolusjonert måten å trene langdistanse på.

Den vanlege måten

For å sette van der Poel sin treningsmetode i perspektiv, kan ein sjå på korleis ein «vanleg» skøyteløpar trenar.

Alle land har sine eigne måtar å gjere ting på, men tidlegare skøyteløpar Håvard Bøkko har hjelpt NRK med ei lita generell forklaring.

  • Istrening:
    • Dei fleste trenar mykje på isen. Der går dei med roleg intensitet, køyrer intervall, går i høgt tempo, og dei sprintar.
    • Dette gjer dei aller fleste uansett kva løpar du er, eller kva distanse du går.
  • Sykkeltrening:
    • Skøyteløparar syklar mykje. Det er god kondisjonstrening og ein brukar lårmusklane, som er viktige i skøyter.
  • Styrketrening:
    • Styrketrening byggjer opp eksplosiviteten og farten. I tillegg er det førebyggande mot skader.

I styrkerommet er aldri Nils van der Poel.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skøyter.

NÆRE VITNE: Sverre Lunde Pedersen og Håvard Bøkko tok gull saman på lagtempo under OL i 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Men der Nils ikkje treng eksplosivitet fordi han berre går langt, så vil eg ha det. For eg satsar også på kortare distansar som 1500 meter, forklarar Sverre Lunde Pedersen.

Han presiserer at ein ikkje må gløyme at Nils van der Poel har eit talent for skøyter. Han meiner teknikken hans er formidabel og at han har ein svært god kjensle med isen.

– I tillegg er han ei maskin fysisk, seier Pedersen.

Legg han opp?

Skøytemiljøet er spent på når van der Poel igjen legg skøytene på hylla. Mange trur han ikkje at kjem til å orke å halde på i denne duren så veldig mykje lenger.

Frå da han sette verdsrekord i starten av desember og fram til OL i februar, var Nils van der Poel heilt aleine. Han har trena, trena og trena for seg sjølv i den sørtyske byen Inzell.

Heile livet hans handlar om trening.

– Han har ein plan og han følgjer den planen heilt til punkt og prikke, seier Wolfgang Pichler.

Håvard Lorentzen hadde ikkje orka å leve slik.

– Altså, når du berre syklar frå april til oktober så skal du vere litt smågal. Eg trur ikkje skrukken min hadde tola det heller, skrattar Lorentzen.

Når NRK spør Nils van der Poel om han orkar dette treningskøyret i fire år til, er svaret knusande.

– Nei, eg trur ikkje det.

Kvifor ikkje?

– Eg er alt for nysgjerrig på andre ting. Eg tykkjer det er så mange eventyr å oppleve. Eg har nyta ein del eventyr, men det finst fleire eventyr. Likevel har eg nok eit par år til i meg, seier van der Poel.

2022 Winter Olympics, day -1, Speed skating, Sweden, press event

OL-FAVORITT: Nils van der Poel i OL-landsbyen i Beijing.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Treningsdokumentet

Eventyrsøkjaren frå Trollhättan gjekk inn til favorittsiger på 5000-meteren i Beijing.

På 10 000-meteren fredag 11. februar klokka 09:00 er han enda større favoritt.

Sjølvtilliten er ikkje noko problem hjå Nils van der Poel, og når OL er over har han nok ei overrasking på lur.

Han har gjort klart dokumentet han skal offentleggjere.

Dokumentet der han har skrive ned alt han gjer og kvifor han gjer det. Alle som vil sjå, skal få sjå.

Beijing Olympics Speedskating

GULL: Nils van der Poel jublar etter gull På 5000-meter i OL. Bak han kom Patrick Roest nok ein gong. Tredjeplassen tok Hallgeir Engebråten frå Noreg.

Foto: Ashley Landis / AP

– Viss rekordane mine står om ti år, så kan eg i alle fall seie at eg har prøvd å hjelpe dei, seier van der Poel.

– Eg får ofte spørsmål om kvifor eg gjer slik, da andre gjer noko anna. Eg tenkte at eg berre kunne skrive ned kvifor eg gjer som eg gjer. Så kan kanskje nokon andre sleppe å gjere same feil som eg har gjort.

Håvard Lorentzen skrattar når han får høyre om dokumentet til van der Poel.

– Kven gjer slik? Det er mange som melder ting, men ingen klarer å følgje det opp slik som han har gjort.

– Det blir artig å sjå kva som står der, seier Sverre Lunde Pedersen.

Trur du mange prøver å kopiere han?

– Det blir nok mange som prøver, men med ulike resultat, avsluttar Pedersen.

I tillegg til NRK sine eigne intervju er noko av innhaldet i denne saka er henta frå dokumentaren «Nils van der Poel: dåre eller geni?» og frå radioprogrammet «Sommar i P1» på Sveriges Radio. Begge to kan anbefalast på det sterkaste.