– Det vart for passiv. Eg hadde ein fin start, men i siste sving vart eg litt for forsiktig, seier Iuel til NRK etter OL-debuten.
22-åringen var skuffa etter at ho måtte innsjå at ho ikkje gjekk vidare til semifinalen, men ho tar med seg mykje positivt frå OL.
– Eg er her for å læra og eg har lært utruleg mykje, så det vert mykje betre til neste gong. Opplevinga har vore heilt topp, seier ho.
Tida var ikkje god nok til å ta seg vidare til morgondagens semifinale, men til slutt var det berre to tidelar som skilde ho frå den siste kvinna som gjekk til finalen.
– Eg prøve å halde kontroll på nervane før start, og det har ikkje vore lett. Men kanskje var eg litt for roleg før starten, og klarte ikkje å vera like gira som eg burde, seier ho.
Hekkeløparen fekk ikkje den beste oppladinga til konkurransen. Grunna kraftig regnvêr vart friidrettskonkurransen utsett i ein dryg halvtime.
Rekord i EM
55.79 var tida ho sprang på i semifinalen under EM i Amsterdam tidlegare i år. Det var både ny norsk rekord og tida som sikra ho plass i Rio. I finalen låg ho bra an inn på oppløpet, men stivna og enda til slutt på sjetteplass.
Ho dreiv tidlegare med mangekamp, men bekrefta tidlegare i år at ho vraka den øving for å satse på 400-meter hekk.
– Eg skal fortsette å satse på hekk og kanskje litt høgde. Mangekamp har eg slutta med, seier ho til NRK etter OL-debuten på 400-meter hekk.
På herranes 400-meter hekk tidlegare måndag sette Karsten Warholm ny norsk rekord, sprang på nest beste tid i kvalifiseringa og den fjerde beste tida i verda i år.
- Les også: