– Dette må få eit etterspel. Det er ikkje fair play, seier stavhopparen.
Med referansen til Berlin-OL i 1936 sikter han til den farga lengdehopparen og sprinteren Jessie Owens som vart møtt med eit svært fiendtleg innstilt publikum i nazismens Berlin i 1936.
Den gongen blei Owens hetsa, det samme følte Lavillenie han blei under OL-finalen i natt.
Han vedgjekk at publikums massive pipekonsert og fiendtlege haldning forstyrra han då han skulle prøve seg på sitt siste og avgjerande sprang.
– Det er normalt at publikum stiller seg bak heimefavoritten, men i vår idrett er det ikkje normalt å vise så fullstendig mangel på respekt for rivalane. For meg var det ei fornærming, og det er forferdeleg å sjå slikt i eit OL, sa Lavillenie.
Dramatisk heimesiger
Stavkonkurransen vart mykje meir dramatisk enn nokon kunne tenke seg.
Lavillenie såg ut til å cruiese mot favorittsiger, men hadde to hårfine riv på 6,03.
Så fekk heimehåpet fra Brasil Thiago Braz da Silva full klaff i sitt andre forsøk og persa med ti centimeter.
Derfor måtte Lavillenie over 6,08. Publikum sette i gong ei piping og buing i stor stil. Lavillenie gav teikn med hendene og bad dei roe seg, men det motsette skjedde.
Og dermed feila franskmannen i det avgjerande hoppet. Buinga gjekk over i eksplosiv jubel.
– Lavillenie og den franske leiren er i sjokk, seier NRKs kommentator, Jann Post medan jubelbrøla ljoma over heile bydelen.
– Å herre min hatt, er det mogeleg? Heile stadion reiser seg, Da Silva skjønner ingenting sjølv, ropte NRKs kommentator, Karen-Marie Ellefsen etter brasilianarens kjempehopp.
Uventa brasiliansk helt
For tidleg i konkurransen såg det ut til at franskmannen hadde full kontroll. Han gjekk lett over opningshøgda si på 5,75, det same gjorde han med 5,85, 5,93 og 5,98. Men så tok Da Silva sats og gjekk opp på 6,03. På sitt andre forsøk gjekk han over, til ellevill jubel på stadion.
Lavillenie hadde rive på sine to forsøk på 6,03, og gjorde det einaste han kunne. Gjekk opp på 6,08.
Men franskmannen klarte ikkje presset, og med det måtte han sjå gullmedaljen gå til heimehåpet Da Silva – eller Braz, som han er kjend som i heimlandet.
Brasil hadde fått ein ny og høgst uventa helt.
– Eg har alltid gjort mitt beste for det brasilianske publikummet. Dei har hatt trua på meg og på medalje. Og over seks meter for første gong. Dette er enormt, sa Braz.