– Ja, eg har lagt opp som mangekjempar, stadfestar Amalie Iuel når NRK møter henne på Nadderud, der ho er for å inspirere ei gruppe frå hennar idrettslag Tyrving.
Ho kjenner at mangekampsatsinga har gått litt for mykje ut over langhekken.
– Det er eigentleg det som er mi øving, men dei siste åra har eg i tillegg satsa på mangekamp, seier Iuell.
Sist veke sette ho også personleg rekord på 400 meter flatt med 52,85 – med jetlag etter heimreisa frå studiane i USA.
Friidretts-EM i Amsterdam går i neste veke. Norge stiller med heile 51 utøvarar.
Vil nå OL
– Var dette ei spontan avgjerd, eller har du tenkt på det lenge?
– Eg har tenkt på det ei stund. For eg er ikkje god til å kaste, og eg ser ingen framgang heller. Då mistar eg så mange poeng at det er betre å fokusere på hekkeløpet, seier ho.
Det trur NRKs ekspert Vebjørn Rodal er lurt.
– Eg er veldig glad for at ho gjer dette, og trur det er heilt riktig val for ho.
Iuell håpar at prioriteringa fører til OL-kvalifikasjon.
– Formen trur eg er bra. Det hadde vore gøy å ta OL-kravet i EM, det er draumen, seier ho.
Det norske OL-kravet er på 55,90.
– Det er det eg har trent fram mot, så får vi sjå.
Lang sesong
Ho studerer og trenar i USA, der sesongen er mykje lenger enn i Europa.
– Vi startar i allereie i januar, og konkurrerer i helg etter helg. Det blir mykje reising og konkurransar, og lenge mellom kvar frihelg, seier Iuell.
– Korleis påverkar dette sesongen din og kampen for OL-kravet?
– Det er vanskeleg å toppe formen så lenge. Derfor må ein i større grad prioritere, og det er det trenaren min som gjer.
Rodal seier at historien viser at ein so lang sesong ikkje er gunstig for europeiske utøvarar.
– Faren er du ikkje er i form når du kjem attende til Europa. Det er utruleg krevande, og statistisk sett er det ikkje noko stor fordel å vere i USA på eit college-lag, slik som Amalie.
Iuell er einig i mykje av det Rodal seier, men står fortsatt inne for valget ho har gjort om å bu i USA.
- Det er mykje meir utsett for å få skader når ein held på så lenge og blir meir utslitt. Men det er gøy å konkurrere, det blir litt kjedeleg å berre trene og trene, seier Iuell, som har eitt år att av studiane.
– Då kan eg lage mitt eige opplegg med «norsk» sesong, seier ho.