– Vi må flytte ansvaret frå ryttaren til laget, slik at laget tar ansvar for at ingen ryttarar stiller til start med motor i sykkelen. Mister dei lisensen får dei ikkje stille til start, seier president i Norges Cyckleforbund, Harald Tiedemann Hansen.
Debatten om motorjuks i sykkel har gått føre seg i fleire år, men blussa verkeleg opp att etter at belgiske Femke Van den Driessche (19) vart tatt under U23 VM i sykkelkross.
No hevdar franske og italienske journalistar å ha avdekka omfattande motorjuks under dei italienske ritta Strade Bianche og Coppi e Bartali ved hjelp av varmesøkjande kamera (sjå video øvst). Procycling.no omtalte saka først i Norge.
Tre testmetodar
NRK viste bilda frå dokumentaren som er laga om dei italienske ritta til Tiedemann Hansen og generalsekretær i Norges Cyckleforbund, Bjørn Sætre.
– Eg har aldri sett liknande, men varmesøkjande kamera er jo ein veldig bra måte å avdekka motorjuks på, seier Sætre.
– Vi har no tre måtar å testa med, seier Tiedemann Hansen.
Dei tre metodane er:
- Varmesøkjande kamera, som vist i videoen over.
- Skanning av magnetisme ved bruka av ein iPad.
- Røntgen av sykkelen.
– Dette er testmetodar vi må ta i bruk, seier Tiedemann Hansen.
I juni skal UCI ha styremøte og då skal eventuelle nye regelendringar vedtakast. Der håpar Tiedemann Hansen at dei vil innføre lagstraff, om ryttarar vert tatt for bruk av motor.
- Les også:
- Les også:
– Varmen flyttar seg ikkje
Professor i fysikk ved Universitetet i Oslo, Dag Kristian Dysthe, såg også gjennom videoen av ein sykkel med varmesøkjande kamera. På videoen (sjå øvst) ser ein utslag på leggane til rettare, i tillegg til nedst på ramma på sykkelen.
– Kameraet fungerer slik at det gjer utslag der det blir produsert varme. Varmen her er konstant og ikkje i rørsle og vert varmen produsert inni sykkelen. Det kan tyda på ein motor, seier Dysthe.
Det vert hevda at ein motor i sykkelramma kan genererer opptil 250 watt. Til samanlikning ligg ein spurtar på omtrent 1200 watt under ein vanleg spurt i maks hastigheit.